fredag 25. juni 2010

Nomen Nescio Stern Fossum

Vi må få sende ei helsing til den nyaste verdsborgaren i familien som såg sola for første gong den 18.juli. Therese og Thomas er dei stolte foreldra som no har fått seg ein gut på 3530 gram og 52 cm. Det tilsvarar omlag 67gram per centimeter!

Han fekk heldigvis auge ganske fort og er no vel heimkomen til sin nye bolig med hage.


Gratulerar så mykje frå redaksjonen.

lørdag 12. juni 2010

Gratulerer vennen :)

I dag ringte eg Sandra for å høre om vi kunne komme ein tur på besøk å helse på dei og magen. Men i dag var der ingen mage lenger, for etter ei lang periode med ein litt ivrig gutt og ei tolmodig mamma kom dagen. Bestevenninda mi Sandra har no blitt mamma ♥

Det var ein sterk gut på 2800 gram takket vere at du har vore kjempe sterk, og gitt han mykje varme og kraft.

Gratulerer så mykje med den store dagen til både deg Sandra og pappa Emanuel! Vi gledar oss til å komme på besøk ♥

Glad i deg vennen, og utrulig stolt!

Stor klem frå Jill Alice og Christopher!

fredag 11. juni 2010

Roadtrip på E6

I helga var vi fjøsavløysarar på heimgarden på Rogne, slik at foreldre til Jill Alice kunne reise på kor-stemne. Så lenge kyrne er med på notane er det eit rett hyggeleg stykke arbeid.


Her er bilete av to kviger som akkurat har fått kome ut på somarbeite, og fortsatt veldig nysgjerrige på kva den kjekke cowboyen driv med.

Laurdag blei det så bestemt at vi skulle ta turen til Oslo med nokre "småting" til systera m/samboer til Christopher. Ein strøken Mitsubishi L300 tok oss strake vegen, fullasta med verktøy, senger og og diverse baby-utstyr.
Dei har akkurat flytta inn i nytt hus, og i tillegg har dei termin på sin fyrstefødde denne veka. Vi fekk hjelpt dei med litt av kvart praktisk arbeide som montering av hyller og skap og senger, noko som alltid er kjekt å få i orden!

Etter eit par dagar i Oslo, og fortsatt ingen ny verdsborgar, måtte vi turen til Trondheim for å finne ny leilegheit.
Finn.no, hybel.no og andre annonse-nettsider vart saumfart, og vi fann eit par interessante objekt og ordna visning!
Dagen etter og to visningar seinare har vi no skreve kontrakt på ein flott bygård i Klostergata, like ved der vi har budd. Her skal vi dele fellesrom saman med 3 andre, men sidan vi er vant med 8 fra USA trur vi at dette skal gå veldig fint!


View Larger Map

Spennande :)

torsdag 3. juni 2010

Sunnmøre

Ofte når vi tek turen heim til Sunnmøre stillar vêrgudane opp med nydeleg vêr, og dei skuffa oss ikkje denne gongen heller! 20 grader og strålande sol var absolutt ikkje den overgangen vi hadde forberedt oss på, men fornøgde er vi.

Sjølv om vi har prøvd ut grillen sidan februar i år, var det alikevel på sin plass å prøve den på ein så fin sommardag på Skodje.


Laurdagen tok vi turen ut til øya mi Longva, og på Haramsøya blei vi møtt med store smil og norske flagg hos broren min :)

Godt å kome ut på øya og barndomsheimen igjen ;)


I Hansgarden var det duka for Eurovision på tv og forsinka bursdagskake på bordet, og leiking med hattar, nieser og nevøar!


Søte Julian på 1 år :) Kan vel trygt seie at han har forandra seg medan vi har vore bortreist!


tirsdag 1. juni 2010

Gratulerer med dagen!

I dag he prinsess-niesa vår, June Siren, bursdag og ho blir heile 4
år!!
Kos deg med andre prinsesser, kaker og gaver i dag! Klem frå tante og
onkel!