Sitat Wikipedia:
"Stort sett all småsitrus som spises i Norge er klementiner. Det er fortsatt noen som feilaktig bruker betegnelsen «mandarin», selv om den ekte mandarinen ble borte fra det norske markedet på 90-tallet."
Har derfor lenge lurt på kva forskjellen er mellom desse to sitrusfruktene og derfor passa deg meg bra at Albertson (daglegvare butikk) solgte både klementiner (clementines) og mandariner (tangerines).
Det første som slo meg var at mandarinen var mykje større enn klementinen, men dette kan sjølvsagt berre ver tilfeldig. Vel heimkomen var det klart for smaksprøve: Klementinen var akkurat som klementin/«mandarin» som vi er vant med heime i Noreg, den var søt og mild. Mandarinen derimot hadde mykje mørkare oransjfarge og ein meir syrlig smak.
Så frå no av må eg nok lære meg å seie klementin i staden for mandarin..
Det e nok ei god blanding! Lett å tenke på alt anna enn det man skal ja ;) Tenke masse på og savna dåkke heime mæ! Håpe alt står bra til :) Klem lisjesystå!
SvarSlett