mandag 26. april 2010

Gratulere med dagen!

I dag he verdens beste bror bursdag! Håpe du he hatt ein flott dag!
Tenke masse på dåkke heime, og snart kjem ej heim med ein stor klem;)

Vi kosar oss om dagen i Las Vegas i strålande sol og 30 grader celsius! Har idag vore på toppen av Stratosphere og prøvd ut verdens høgaste fornøyelses park! Skummelt først, men kjempegøy etter:)

Bilete av karusellen «Insanity» som gir deg 3G utfor taket på «Stratosphere».

Utsikt fra toppen av «Stratosphere» som er 1145 ft (~350 m) høgt.

lørdag 24. april 2010

Gratulerer Karin Augusta!

Gratulerer så mykje med dagen søste! Ikkje berre fylte du år på torsdag, men i dag stiller du med utstillinga «Harlekins rom» på Kunstmuseet KUBE i Ålesund!

Eg er ei stolt lisjesøste som gjerne skulle vore der å sett dei flotte kunstverka dine! Alltid like imponert over kor mange nye idear det er mogleg å utvikle til store prosjekt!
Vil oppfordre alle til å ta turen innom utstillinga og fôre sjela med nye inntrykk.

Du kan lese meir om utstillinga på Kube sine sider her. Den vil vere utstilt frå 24. april-25.mai.

Lykke til med utstillinga! Beste helsinga frå Arizona ;)
Glad i deg, søste ♥

fredag 23. april 2010

Apache trail

I dag er vi på grusveg seightseeing på Apache Trail ved Phoenix i
Arizona! Flott natur:)

tirsdag 20. april 2010

Mt San Jacinto State Park

I dag "reiste" vi fra Mexico til Alaska. I Palm Springs he dei nemlig
ei roterande taubane som tok oss med over 2500 moh, frå 30°C og
ørken til snødekt furuskog og 5°C!
Hærlig:)

fredag 16. april 2010

Coachella Music Festival

Denne helga blir det forhåpentleg mange musikalske inntrykk på
festivalen Coachella! Tre dager i telt i ørkenen blir spanande og
sikkert veldig kjekt! Kjøleboksa kjem nok iallefall godt med;)

God helg:)

onsdag 7. april 2010

Besøk frå Norge!!

Mandag kom mi gode venninne Hilde på besøk!! Ho skal vere på besøk her til mai så det blir ein kjempe kjekk måned!
I dag he vi kosa oss på stranda i strålande sol og kosa oss med is-shake:)

søndag 4. april 2010

Spring Break 2010 er over...

Liten oppsummering av det herlige opphaldet vårt på øya Oahu, Hawaii :)


Måndag leigde vi Harley og kjørte rund på øya for å sjå oss rundt!
Kartet under viser kjøreruta. Planen var å kjøre heilt rundt, men fant ut på vegen at det ikkje var nokon vei som gjekk rundt enden av øya så då måtte vi snu.
Traff også på ein Stillehavs-regnskur som gjorde oss gjennomvåte på 2 minutt, men ellers var det ein flott tur:)

Tirsdag tok vi turen til North Shore, strandområdet som er kjent for fantastiske surfebølger. Vi kosa oss på Waimea Beach (merka med A på kartet), men det var ikkje mogleg å bade på grunn av kraftig straum og 3-4-5 meter høge bølgjer.
Utrulig flott å sjå dei store bølgjene bryte ved strandkanten!


Vi fekk prøvd mykje god mat gjennom veka, og stort sett i selskap med Emily og Gard.
Nachos-en på biletet er faktisk kun ein forrett, men dugde godt som kveldsmiddag!


Onsdag tok vi turen til fantastiske Hanauma bay (sjå tidligere blogginnlegg og punkt D på kartet). Her fekk vi snorkla med masse fisk og ei diger superchill havskilpadde! Kjempekjekt!!


Hawaii, ananas og paraplydrinkar høyrer ilag ;)

«Passionate Mai Tai» var ein fin vri på standarad «Mai Tai», som er laga av kvit rom, ananas og toppa med brun rom! Kan anbefalast å prøve på restauranten Top of Waikiki for å nyte utsikta, men ta middagen på bakkenivå om du vil spare nokre slantar!

Frå «Top of Waikiki»roterande restaurant med flott utsikt, god mat og stive prisar!

Fredag vart det ein liten fjelltur på toppen av Diamond Head Crater, restane etter ein vulkan som slokna for 150 000 år sidan. Fin tur med flott utsikt over Honolulu og Waikiki :)

Absolutt ein perfekt måte å feriere Spring Break på!!

torsdag 1. april 2010

University of Hawaii

(biletet er tatt frå Wikipedia)

Vi har lenge lurt på om vi skal ta alle semestera her i Santa Barbara, eller om vi skal flytte litt på oss innad i USA. Etter å ha opplevd Hawaii på nært hold er vi frelst! På UCSB har dei godt samarbeid med University of Hawaii (og sjølvsagt monge andre universitet), og etter å ha prata med ulike rådgivarar og fylt ut masse skjema har vi endeleg fått klarsignal om at vi er tatt inn på University of Hawaii!
Blir ikkje dette kult så veit ikkje eg! Tenk da! 11 veker på flotte Hawaii :D
Trass i litt treig tilbakemelding blir det litt stress med flytting, men onsdag 7.april startar vi på vår nye skule!!
Les meir om universitetet her.

Ønsk oss lykke til!! :D