torsdag 1. april 2010

University of Hawaii

(biletet er tatt frå Wikipedia)

Vi har lenge lurt på om vi skal ta alle semestera her i Santa Barbara, eller om vi skal flytte litt på oss innad i USA. Etter å ha opplevd Hawaii på nært hold er vi frelst! På UCSB har dei godt samarbeid med University of Hawaii (og sjølvsagt monge andre universitet), og etter å ha prata med ulike rådgivarar og fylt ut masse skjema har vi endeleg fått klarsignal om at vi er tatt inn på University of Hawaii!
Blir ikkje dette kult så veit ikkje eg! Tenk da! 11 veker på flotte Hawaii :D
Trass i litt treig tilbakemelding blir det litt stress med flytting, men onsdag 7.april startar vi på vår nye skule!!
Les meir om universitetet her.

Ønsk oss lykke til!! :D

1 kommentar:

  1. Hihi, you made my day Sondre! Morosamt at ej klarte å lure nåken da:) ja vi skal nok kose oss i rolige santa Barbara eit par måneda til;)

    SvarSlett