Idag feirar vi 25års dagen til housemate Per Christian. Hipp hurra.
Woodstock pizzeria har sitt sedvanlige onsdagstilbod; 5$ for første og
påfyll for 1$!
onsdag 27. januar 2010
Winter quarter 2010
Ja då er vi godt inne i veke nr 4 av vinter kvartalet og fag har begynt å komme på plass og er i full gang. Denne veka har eg hatt to midterm prøver så har vore ein god del jobbing. Ikkje heilt fornøgd, men uansett godt når det er overstått:)
Faga eg tar dette kvartalet er:
Micro economics B, managerial economics og foundations in human resource management!
Heilt greie fag, ikkje for vanskeleg og litt interessante:)
Når det gjeld Christopher har han vel ikkje fått alle faga i boks enda, så litt usikker på kva fag han har endar opp med tilslutt.. Siste frist for innmelding er 1.februar..;)
søndag 24. januar 2010
BigBang konsert i Goleta!
I går hadde BigBang konsert i ein liten kjellerpub i Goleta. Vi norske studentar stilte mannsterke opp og sørga for at det blei utsolgt for billettar, som forresten kosta berre $10 ;)
Etterpå sprang vi ut på baksida å fekk nokre snapshot med karane.
Helge, eg og Ingunn saman med frontfiguren Øystein (grønn)!
..og fordi eg var så snill og serverte vatn til bandet medan dei spelte, fekk eg smiska til meg ei BigBang t-skjorte ;) (Haha, opptil fleire trudde faktisk eg jobba for BigBang. )
Flott laurdagskveld!
lørdag 23. januar 2010
Dagens morosame!
fredag 22. januar 2010
Skiftande vêr..
Den siste veka har det ikkje vore noko triveleg vêr her i Santa Barbara. I Noreg er vi gjerne vant med styggevêr og regn, men kan trygt påstå at det er meir stabilt enn her.
10 min med hølj regn og så litt sol og så hølj regn igjen. Det er ikkje berre regn heller, det er akkurat som å skru på og av dusjen. Du er søkkande våt etter berre få minutt i regnet. Hjelp vel heller ikkje på at vi prøver å sykle til skulen, noko som forårsaker enda meir vatn nedanfrå og opp.
På tirsdag hadde vi til og med lyn og torden her. Det begynte først veldig langt vekke, men plutseleg var der eit som slo ned ganske nært. Heile rommet lyste opp og så kom eit forferdelig rabalder av eit torden! Rista godt i huset skal eg seie deg!! Var til og med nokre bilalarmar i gata som gjekk av pågrunn av buldringa.
Heldigvis er det meldt opplett til helga så får håpe det stemmer. Her i Santa Barbara er det heldigvis ikkje verst når det gjeld oversvømming av gater, som dykk kanskje har sett på nyheitene.
Uansett stygt eller fint vêr er det iallefall endeleg helg igjen :)
God helg alle sammen!

onsdag 20. januar 2010
Pimp my ride
Joe the Towman hadde ikkje lagt altfor mykje arbeid i å oppgradere interiøret på vanen vi kjøpte. Lukta av gammelt øl og take-away var umiskjennelig...Golvteppet nok i desidert dårligst tilstand, og vi tenkte det var ergelig å bruke ein dag på vasking av noko som ikkje vart bra uansett..
Alternativet var å bruke litt meir tid (1.5 dagar tenkte vi) på ein ny teppeinstallasjon. Søndag formiddag tok vi turen til Home Depot i håp det var mulig å finne ein substitutt. Heldigvis er amerikanarane glade i vegg-til-vegg tepper og søndagsopne butikkar. For rett under 100$ hadde vi nytt teppe, golvlim og ein tapetkniv. Då var det berre resten igjen. Som alltid er det meir arbeid enn ein trur, endå vi visste at det var meir arbeid enn vi trudde var det endå meir styr enn vi hadde trudd.

Det vart mørkt og kveld første dagen før vi var omlag halvferdig. Vi mangla ein del vesentlige verktøy og skikkelig arbeidslys. Juletre lysa gjorde heldigvis kvelden litt lysare.

Bilen klar til avreise for LAX der vi plukka opp familien med den nyinnkjøpte skuta.
Etter ei klargjering av ordensreglane mht bruk og oppbevaring av mat- og drikkevarer kom vi oss etterkvart rundt heile California på knapt 2 veker. 7 personar med bagasje, totaltvekt rett over 3tonn, snittfart på 110km/t og 1.5l/mil.
No har Service Engine begynt å lyse, og den passerte derfor ikkje Smog Test i dag pga av Misfire Cyl.4.
Joe the Towman var egentlig ansvarlig for å sende med Smog Certificate, men han har ikkje vore å få tak i den siste månaden...

mandag 11. januar 2010
AVATAR - "an IMAX 3D experience"
For ein film sei eg berre! Sjølv om mange hadde sagt at filmen var bra og den har fått god kritikk, hadde eg mine tvil om alt dette var til å lite på.. For å få best mogleg kinokvalitet tok vi den "lange" turen til nærmaste IMAX-sal, ca 50 min (50miles) unna! (..som ein svipptur Nordøyane-Ålesund det ;)) Berre inngangen på kinoen var nesten verdt turen! Fargar og lys i alle retningar!

Filmen varte i 2 timar og 40 min, noko som ofte vert langdrygt, men kvart eit minutt var underhaldende! Publikum klappa faktisk då rulleteksten kom (litt flaut ja..), og det er ikkje kvardagskost. Sjølv i Amerika!

Motorsykkel
Då var enda eit kjøretøy komt i hus, og det var i siste liten sidan
oppkjøringa startar om 2 timar ;) Ønsk Christopher lykke til! No skal
vi øve og øve til skillstesten!
oppkjøringa startar om 2 timar ;) Ønsk Christopher lykke til! No skal
vi øve og øve til skillstesten!
lørdag 9. januar 2010
Gratulerer så mykje med dagen, søste!
Gratulerer med dagen Linda! Håper dagen har vore flott og at du får ei fin helg med gjestar på besøk!
Du er omtenksom og snild, og vil alltid prøve å gjere det best for alle! Ikkje minst er du ein gledesspreder, alltid er humøret på topp og smilet på plass! Du er ei god søste som alltid kan komme med råd, erfaringa eller gode ord når ei lita taus skal utforske verda:) Du er også ei super mamma, og guttane på Flem er heldig som har deg!
Glad i deg Linda :)
Stor klem frå lisjesøste ♥
Diverse bilete av familien på Knutgarden! Savna dåkke alle sammen :) ..og gratulerer som eigarar !
Du er omtenksom og snild, og vil alltid prøve å gjere det best for alle! Ikkje minst er du ein gledesspreder, alltid er humøret på topp og smilet på plass! Du er ei god søste som alltid kan komme med råd, erfaringa eller gode ord når ei lita taus skal utforske verda:) Du er også ei super mamma, og guttane på Flem er heldig som har deg!
Glad i deg Linda :)
Stor klem frå lisjesøste ♥

Brunost!!
Nam, nam, nam
Brunost og nybaka bolla var absolutt savna og det smakte nydeleg:)
God helg alle sammen!
Brunost og nybaka bolla var absolutt savna og det smakte nydeleg:)
God helg alle sammen!
tirsdag 5. januar 2010
Tilbake til kvardagen
Då var juleferien over og vi er tilbake på skulen! Blir eit par dagar
med fagplanlegging før vi er i rute..
Sola skin og varmar, så januarvêret er på topp ;)
med fagplanlegging før vi er i rute..
Sola skin og varmar, så januarvêret er på topp ;)
fredag 1. januar 2010
Happy New Year!
Vi har hatt ei kjekk feiring her i Las Vegas og sett på imponerande fyrverkeri frå alle hotelltaka på The Strip!
Takk til alle som har vore inne å fulgt med og kommentert på bloggen vår i 2009 :) Håper det blir eit flott år 2010!
Klem frå Jill Alice og Christopher!
Abonner på:
Innlegg (Atom)