Joe the Towman hadde ikkje lagt altfor mykje arbeid i å oppgradere interiøret på vanen vi kjøpte. Lukta av gammelt øl og take-away var umiskjennelig...Golvteppet nok i desidert dårligst tilstand, og vi tenkte det var ergelig å bruke ein dag på vasking av noko som ikkje vart bra uansett..

Alternativet var å bruke litt meir tid (1.5 dagar tenkte vi) på ein ny teppeinstallasjon. Søndag formiddag tok vi turen til
Home Depot i håp det var mulig å finne ein substitutt. Heldigvis er amerikanarane glade i vegg-til-vegg tepper og søndagsopne butikkar. For rett under 100$ hadde vi nytt teppe, golvlim og ein tapetkniv. Då var det berre resten igjen. Som alltid er det meir arbeid enn ein trur, endå vi visste at det var meir arbeid enn vi trudde var det endå meir styr enn vi hadde trudd.

Det vart mørkt og kveld første dagen før vi var omlag halvferdig. Vi mangla ein del vesentlige verktøy og skikkelig arbeidslys. Juletre lysa gjorde heldigvis kvelden litt lysare.

Bilen klar til avreise for LAX der vi plukka opp familien med den nyinnkjøpte skuta.
Etter ei klargjering av ordensreglane mht bruk og oppbevaring av mat- og drikkevarer kom vi oss etterkvart rundt heile California på knapt 2 veker. 7 personar med bagasje, totaltvekt rett over 3tonn, snittfart på 110km/t og 1.5l/mil.
No har
Service Engine begynt å lyse, og den passerte derfor ikkje Smog Test i dag pga av Misfire Cyl.4.
Joe the Towman var egentlig ansvarlig for å sende med Smog Certificate, men han har ikkje vore å få tak i den siste månaden...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar