fredag 22. januar 2010

Skiftande vêr..

Den siste veka har det ikkje vore noko triveleg vêr her i Santa Barbara. I Noreg er vi gjerne vant med styggevêr og regn, men kan trygt påstå at det er meir stabilt enn her.
10 min med hølj regn og så litt sol og så hølj regn igjen. Det er ikkje berre regn heller, det er akkurat som å skru på og av dusjen. Du er søkkande våt etter berre få minutt i regnet. Hjelp vel heller ikkje på at vi prøver å sykle til skulen, noko som forårsaker enda meir vatn nedanfrå og opp.
På tirsdag hadde vi til og med lyn og torden her. Det begynte først veldig langt vekke, men plutseleg var der eit som slo ned ganske nært. Heile rommet lyste opp og så kom eit forferdelig rabalder av eit torden! Rista godt i huset skal eg seie deg!! Var til og med nokre bilalarmar i gata som gjekk av pågrunn av buldringa.

Heldigvis er det meldt opplett til helga så får håpe det stemmer. Her i Santa Barbara er det heldigvis ikkje verst når det gjeld oversvømming av gater, som dykk kanskje har sett på nyheitene.

Uansett stygt eller fint vêr er det iallefall endeleg helg igjen :)

God helg alle sammen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar