lørdag 27. februar 2010

Olympic Games

På skjermen ser vi no på 30 km langrenn for damer! HEIA NOREG!!:D

Her i USA er det utruleg dårlig dekning av OL! Det lille dei sende i reprise er dekka av eit tonn med reklamepauser... Skuff!
NRK web-tv har god dekning, men man får kun sjå live sendingar dersom ein er i Noreg. Heldigvis har NTNU-studentar moglegheit for å koble seg til ein norsk VPN gjennom NTNU og dermed ser det ut som om vi set i Noreg!

Dermed har vi fått kose oss med OL kvar formiddag istaden for skule og lekse!

Takk til VPN og NRK ;)


torsdag 25. februar 2010

Tenniskurs

Tennis er ein populær sport her borte og av mangel på trening og kunnskap på korleis vi skal bruke racketen tok eg like gjerne å meldte oss på eit tenniskurs. Dette skal gå over 4 tysdagar og vi får god trening i ulike slag og metodar.
For å kunne delta gjekk Christopher til innkjøp av to nye racketar: han tok blå HEAD, medan eg støttar brystkreft-forskning med min rosa Wilson! Christopher overraska meg også med å kjøpe rosa "slope" tennisballar ;)
Vi har no vore på 3 av 4 kursdagar og mengda av slag som kjem fint over nettet er aukande! Det er kjekt å lære seg ein ny sport og forhåpentlegvis klarer vi å trene litt jamnt framover slik at vi får teken på det tilslutt :)

tirsdag 23. februar 2010

Grillfest!

Laurdag var det supervêr i Santa Barbara. Sommar-stemninga førte til at gjengen i huset fekk veldig lyst å grille og kvifor vente med å kjøpe grill sidan vi berre har nokre månadar att.
Etter OL-sendingane tok eg og Solveig turen på Home Depot for å finne ein billeg, men god grill. Som alltid var dei veldig hjelpsame og viste oss grilla i alle ulike former og typer. Vi smilte fint og sa vi ikkje hadde så mykje pengar og han viste oss då ein utstillingsgrill som hadde litt rust i bunnen av kullplata. Vi skulle få denne for halv pris og sidan den allerede var på halvpris vart dette eit røvarkjøp!


Melding om at det blei grillfest i Abrego Road blei sendt ut og utover kvelden dukka det fleire og fleire opp som var klar for litt god mat og selskap!

For å få riktig grillstemning, flytta vi kjøkkenbordet og stolane ut i "hagen". Dessverre var sola vekk før vi fekk komt igong med maten, men kjekt blei det og grillen varma godt :)
Er uansett ikkje ofte ein kan sete ute og grille i februar!


Utpå kvelden blei det også litt beer-pong i garasjen :)

fredag 19. februar 2010

Las Vegas weekend

Den siste veka har gått i fykande fart! Etter vi kom att frå Vegas har tida stort sett gått med til førebuing til midterm og innleveringar.

Forrige fredag var det vi sat oss spente inn i bilen for å ta ei langweekend i Las Vegas! Det var mange norske studentar som tok turen denne helga så forventningane var store! Eg og Christopher kjørte til Vegas i vår Ford Van og fekk selskap av Marianne, Helge og Håvard som eg trur var særs nøgd med den romslege bilen.


Etter 8 timar på freeway'en delvis i kø kom vi fram til Las Vegas og hotellet vårt Hooters. Under tv-en som sendte OL opninga i kasinoet fann vi tre kjente karar frå San Diego, og for å gjere opphaldet billigast mogleg stua vi desse inn på rommet vårt!

300 kr per pers for 3 netter i Las Vegas var vi absolutt fornøgd med!
Fin posering av dei fire romkameratane mine: f.v Vidar, Torger, Christopher, og fremst set bestefar Sondre ;p

På kveldingen blei det også tid til dansing på nattklubben "TAO" på det berømte hotellet "The Venetian". Hotellet er kjent for sin etterlikning av Venezia med egen gondol elv inne på hotellet og blå himmel som tak. Vakkert!

---Dag 2, Laurdag---

Sightseeing høyrer med i Vegas og på laurdagen tok vi turen til den mykje reklamerte "Gun Store". Her hadde dei innendørs skytebane der du kunne leige ulike våpen, men køa til dette var evig lang så det blei berre til at vi snusa litt rundt i butikken før vi vente tilbake til "The Strip".

Las Vegas har mykje underhaldning å by på og vi tok turen på "The Mac King Comedy Magic Show". Dette var eit morosamt show med mykje god magi og er verkeleg å anbefale om nokon har tenkt seg til Vegas ein tur :) Etter god underhalding var det på tide med god mat og vi tok turen til Outback Steakhouse for litt kjøtt!

På kvelden blei omkring 25 nordmenn pressa inn i ein limousin som kjørte oss rundt omkring på the Strip i 2 timar. Akkurat slik ein ser på film og gøy var det! :)

----Dag 3, Søndag----

I dag var det strålande vêr og eg og Christopher tok ein lang spasertur rundtom på the Strip. Vi var blant anna innom Coca Cola and M&M's Store, ulike hotell som Paris, Bellagio og kjøpesenteret på Planet Hollywood.

Utsikt frå bruovergang over the Strip med Bellagio, Caesars Palace and Mirage i bakgrunnen.

Utsikt mot hotell og kasinoet "Paris, Las Vegas" som har egen miniatyr triumfbue og sjølvsagt eit eiffeltårn! Alt er imponerande i Las Vegas :)

Mitt høgdepunkt var å få stå rett ved dei berømte Bellagio-fontenene og beskue det 5 minutter imponerande fontene-showet! Dei viser eit nytt show kvar halvtime, og alle show er ulike med ny "koreografi" og musikk. Det var imponerande kor høgt dei gjekk og kor stort alt var!


Showet bygger seg opp gjennom heile visninga og avsluttar med eit kraftutbrudd av høge fontener, men kunne dessverre ikkje filme heile. Her er iallefall ein liten smakebit :)

Etter ein lang dag med trasking tok vi eit mindre kjekt besøk på ein lokal italiensk restaurant sidan alle hadde så lyst på pasta. Besøket endte i mykje venting, dårlig bordplassering i eit gyseleg grønt rom og ymse kvalitet på digre porsjonar.
Heldigvis hadde Torgeir mange gullkorn å komme med denne kvelden og matrestane fungerte flott som nattmat etter ein kveld på byen :)

---Dag 4, Måndag---

Etter rydding og utsjekking av rom og ein liten time i sola ved bassengkanten byrja vi på den lange turen heim igjen til Santa Barbara.
Trur nok alle var godt nøgde med helga, sjølv om kanskje litt mykje $ blei brukt.


Avsluttar med ei ikkje fullt så bra bilete av Hooters-bilen ;)

Valentine's Day

Spennande valentins-brev fra ukjent sender landa i postkassa mi denne veka! Slikt lika ej:)

Takk for omtanken ♥

onsdag 17. februar 2010

Morsdag ♥

Betre sein enn aldri, ikkje sant?
Forrige helg var det morsdag i Noreg, og då er det vel på sin plass å sende ei lita helsing til verdens beste mamma!
Tusen takk for at du er akkurat den du er mamma! ♥

Biletet er tatt då du og pappa kom på besøk hos meg og Christopher i Trondheim i fjor sommer.


Vil også sende ei helsing til mine to søstre, Linda og Karin, og svigerinna mi Beate som er flinke og flotte mødre til mine ni gullonga :) Savna dåkke!!

Christopher sende også ei god helsing til skjønne Solfrid :) Takk for mykje gode ord og omtankar!


...og alle andre mødre der ute: Gratulerer så mykje med dagen! "Keep up the good work"!

søndag 14. februar 2010

M&M's Store

I Vegas har nokon sjølvsagt laga ein 2 4-etasjes butikk berre med m&m sjokolade og tilbehør. Her ser vi sjokoladedispenseren med litt av utvalget.

lørdag 13. februar 2010

Tilbake i Las Vegas

Mandag er helligdag i USA, som fører til langhelg! Har derfor tatt
turen til Las Vegas for å ha det litt artigt! Bor saman med gutta frå
San Diego (sondre, torgeir og vidar) på hotellet Hooters! I dag skin
sola og på kjøreturen gjennom the strip fikk vi akkurat med oss
fonteneshowet utanfor Bellagio! Utrulig flott:)
Håper alle får ei flott Valentines-helg! Vi skal iallefall kose oss
masse i "byen som aldri sover"!!

mandag 8. februar 2010

Motorsykkel-lappen

Gratulerer så mykje med bestått oppkjøring på motorsykkel Christopher! Du er flink :)
Etter mykje uflaks og tid kom det endeleg i orden - med ein heimefiksa kløtsj som rauk dagen før oppkjøring. For 27$ har han no skaffa seg amerikansk førarkort på både bil og motorsykkel.

Første tur på nyinnkjøpt sykkel:


Andre forsøk: (kjem eg til å sjå han igjen?)


Trur nok han likar å vere tilbake på ein sykkel etter 10 år uten trailkjøring ;)

- Jill Alice -

søndag 7. februar 2010

Superbowl Sunday

Idag var ein av dei verkeleg store sportshendingane i USA på tv-skjermen - det dreiar seg då om amerikansk fotball og Superbowl. I finalen stilte New Orleans Saints mot Indianapolis Colts. Vi er ikkje 100% amerikanisert enda, og avsto derfor lett den første timen av den 3.5 timar lange sendinga...Effektiv speletid er 4x15min, så det er mykje plass til pauser og reklame på ein slik kamp.

I pausen var det eit forrykande show frå The Who, om ikkje musikalsk på topp, så var lys og pyroteknikk lite å utsetje på. Reklamen er eit fenomen for seg sjølv, med diskusjonar på førehand om kva og kven som kjøper seg inn for ein minuttpris på $5 millionar.
Omalg 100millionar ser kampen, brorparten i USA.


Vi var ikkje fan av nokon av laga, men sidan vi har ein venneblogg i New Orleans, klappa vi når dei gullkledde skåra. Go Saints! Reknar med det er fullt liv i gatene hos Linda og Erlend akkurat no!

Kampen vart avslutta eit lite minutt før full speletid, då sto det 31-17 til Saints og laget "vårt" vann!

fredag 5. februar 2010

Hawaii here we come!!

20. - 28. mars har vi spring break og denne veka skal vi tilbringe på Honolulu i Hawaii :)
Fly og hotell er bestilt og betalt så no er det berre å glede seg og håpe på sommervêr!


torsdag 4. februar 2010

Slutt på fenalåret

Då forsvann siste del av fenalåret vårt som vi va so heldig å få
med julebesøket frå Sunnmøre. Fantastisk godt har det vore med noko
salt innimellom alt det søte! Takk Solfrid og Rolf :)

mandag 1. februar 2010

Bursdagshelg og ny veke..

I helga hadde vi gebursdagsfest for Per Christian her i Abrego Road. Det var mange som tok turen og det blei ein morosam kveld. Ekstra bra var vel den digre kaka frå Costco! Fantastisk saftig, mektig og god sjokolade kake! Er det noko dei kan i USA så er det å lage kake med masse fyll og pynt :) Bilete av Pecka framfor gebursdagspresangar og basketball kaka (som liknar veldig på ei AaFK kake)!

Dagen etter var det vasking av golv for alle pengane før det var mulig å gå over golvet uten å sete fast! ..men godt var det med rein stue igjen!

I dag har eg vore å spelt fotballkamp på skulen. Det var eit blanda lag med gutar og jenter, og kampen var ein del av den interne UCSB turneringa, som blir kalla Intramurals. To norske jenter, Ingrid og Signy, var så snille og inviterte meg og det var ein artig gjeng med amerikanera på laget! Innefotball på ei stor ishockeybane (uten is sjølvsagt), 9 spelarar på bana og nivået var leik og moro. Kjekt og sosialt!