Laurdag var det supervêr i Santa Barbara. Sommar-stemninga førte til at gjengen i huset fekk veldig lyst å grille og kvifor vente med å kjøpe grill sidan vi berre har nokre månadar att.
Etter OL-sendingane tok eg og Solveig turen på Home Depot for å finne ein billeg, men god grill. Som alltid var dei veldig hjelpsame og viste oss grilla i alle ulike former og typer. Vi smilte fint og sa vi ikkje hadde så mykje pengar og han viste oss då ein utstillingsgrill som hadde litt rust i bunnen av kullplata. Vi skulle få denne for halv pris og sidan den allerede var på halvpris vart dette eit røvarkjøp!
Melding om at det blei grillfest i Abrego Road blei sendt ut og utover kvelden dukka det fleire og fleire opp som var klar for litt god mat og selskap!
For å få riktig grillstemning, flytta vi kjøkkenbordet og stolane ut i "hagen". Dessverre var sola vekk før vi fekk komt igong med maten, men kjekt blei det og grillen varma godt :)Etter OL-sendingane tok eg og Solveig turen på Home Depot for å finne ein billeg, men god grill. Som alltid var dei veldig hjelpsame og viste oss grilla i alle ulike former og typer. Vi smilte fint og sa vi ikkje hadde så mykje pengar og han viste oss då ein utstillingsgrill som hadde litt rust i bunnen av kullplata. Vi skulle få denne for halv pris og sidan den allerede var på halvpris vart dette eit røvarkjøp!
Melding om at det blei grillfest i Abrego Road blei sendt ut og utover kvelden dukka det fleire og fleire opp som var klar for litt god mat og selskap!
Er uansett ikkje ofte ein kan sete ute og grille i februar!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar