I helga hadde vi gebursdagsfest for Per Christian her i Abrego Road. Det var mange som tok turen og det blei ein morosam kveld. Ekstra bra var vel den digre kaka frå Costco! Fantastisk saftig, mektig og god sjokolade kake! Er det noko dei kan i USA så er det å lage kake med masse fyll og pynt :)
Bilete av Pecka framfor gebursdagspresangar og basketball kaka (som liknar veldig på ei AaFK kake)!
Dagen etter var det vasking av golv for alle pengane før det var mulig å gå over golvet uten å sete fast! ..men godt var det med rein stue igjen!
I dag har eg vore å spelt fotballkamp på skulen. Det var eit blanda lag med gutar og jenter, og kampen var ein del av den interne UCSB turneringa, som blir kalla Intramurals. To norske jenter, Ingrid og Signy, var så snille og inviterte meg og det var ein artig gjeng med amerikanera på laget! Innefotball på ei stor ishockeybane (uten is sjølvsagt), 9 spelarar på bana og nivået var leik og moro. Kjekt og sosialt!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar