Sidan vi er i eit nytt land må ein sjølvsagt prøve ut nye ting!
Ein dag eg tusla for meg sjølv på University Center var det to kjekke jenter som sa: "You look like a girl who can sing!" Sjølvsagt sa dei det for å få meg interessert, men eg gjekk nysgjerrig bort for å sjå kva dei reklamerte for på bordet sitt – "tabling".
Jentene var frå gruppa Vocal Motion (som eg aldri hadde høyrd om) og dei skulle ha opptaksprøver. Etter litt overtaling klarte dei å få meg til å skrive meg ned på timelista og plutseleg var det song audition den 6. oktober! Skummelt!
Skumlare blei det når eg kom heim og googla sang gruppa, for dei var vist veldig flinke.
Berre høyr her:
Uansett...klokka 9.15 i går møtte eg opp og sang "Maroon 5 - This Love" på adition. Eg var utrulig nervøs – mykje meir nervøs enn eg trudde eg kom til å vere. Skal få beskjed på mail nokre dagar etter, men har nok dessverre ikkje store trua på at eg er av dei heldige.
Det var iallefall ei spennande oppleving og eg er stolt av meg sjølv som turte å i det heile tatt stille opp ;)
Christopher har ikkje vore på opptaktsprøver, men har blitt forsøkt verva i 1 kristen studentforening og 2 gongar av ein jødisk klubb.
Åh! So arti!!! Du skulla bæræ sagt at du sång på HaNorevyn, so ha du vør sjikla ettertrakta ;)
SvarSletthaha, ja då tru ej dei hadde vør imponert! Søren at ej glømte det da.. ;)
SvarSlettMail frå Vocal Motion:
SvarSlett"To all you lovely ladies,
Wow! There was so much talent to choose from this year. We had a total of 87 ladies sign up for auditions, and it was such a difficult decision narrowing it down to only 14 for callbacks. You all have beautiful voices and amazing talent!"
Eg var nok ikkje blant dei 14 nei...Men ei erfaring rikare :)