onsdag 28. oktober 2009

Carving pumpkins :)

Tirsdagkveld tok endeleg eg og Ashley oss tid til å skjære ut ansikt i gresskara våre! Vi starta litt i seinaste laget, men humøret og konsentrasjonen var på topp alle 3 timane ;) Ja det tok si tid!
Først skjærer man av toppen av gresskaret, for så å tømme det for alle frø og gugg du finn inni. Det var ingen veldig kjekk jobb, men etterkvart var alt skrapa vekk og det var klart for å skjære.
Vi teipa teikningane på gresskaret og skjærte ut bitane ein etter ein.

Rundt kl 3 på natta var vi endeleg ferdige og begge var godt nøgd med resultatet!

Plasserte så lys i gresskara og satte dei utanfor huset for å sjå kor flotte dei vart! Dei såg utruleg bra ut der dei lyste opp hagen!

Frå ventre; Mitt Bat pumpkin, Ashley sitt Haunted House pumpkin og Fig sitt Scary Face pumpkin!

Nærbilete av mitt og Ashley sitt gresskar!!

2 kommentarer:

  1. steik ka kult!! :D

    SvarSlett
  2. Takk! Halloween va utrula artig, berre å starte med tradisjonen heime ja! E noko alle små burde få oppleve :)

    SvarSlett