
Dei to siste dagane har vi verkeleg fått kjent kor det er å bli våt. Første dagen var vel verst då vi absolutt ikkje var forberedt på pøsregn. Regnkle, støvlar og paraply var nok ikkje det første vi tenkte på når vi pakka kofferten til California ;)
På bileta over vises det tydeleg at regnet kjem rett ovanfrå og at dersom du syklar med sykkel uten skjermar så blir du ganske våt bakfrå også. Skjønna ikkje kven som lagar syklar utan skjerm..
I dag var vi litt meir forberedt ved å pakke med oss ekstra klede så vi kunne skifte når vi kom på skulen, og ikkje minst pakke bøkene i plastikkposar, sidan sekken er lite regntett.
For augenblinken set eg på biblioteket på UCSB og prøvar å konsentrere meg om mikroøkonomi og grammatikk bruk i engelsk.
Christopher er nok på time einkvan stad og lærer om innebygde systemer. Vi har dei siste dagane hatt mange innleveringar så det har blitt mykje lekse..
Imorga har eg midtsemester i økonomi, så etter den håper eg at det blir ein dag eller to med noko anna enn lekse ;)
Heia Jilly! lykke t t dej imørgå! Å lykke t t mej mæ! he eksamen! studiets siste=) ihuu! mn skkaje ta gledane på førskudd! hih
SvarSlettÅ korsn d jekk på audition? fått svar? d stende kanskje en plass, men rekk ikkje å lese no? må lese på psyk! gla i dej! kos dej i regne!