Jada, det er ei stund sidan forrige oppdatering; vi har sjølvsagt for lengst landa i Noreg, med norsk tidssone, lyse kveldar og eit litt meir ustabilt klima.
Vi har stortsett tilbrakt sumaren rundt om på Sunnmøre. No er det allereie august og skulestart nærmar seg, vi set kursen mot Trondheim og flyttar inn i nytt kollektiv i Klostergata om eit par veker. Då er kvardagen tilbake med striskjorte og havrelefse.
Post Script:
Bruken av "Nomen Nescio" i forrige innlegg har forvirra nokre sjeler og vi avklarer dette med å minne om forkortinga NN som står der navnet er ukjent. Og det er jo akkurat det Nomen Nescio tydar, at namnet er ukjent. Heldigvis gjeld ikkje dette i all æve, og guten har blitt skrive inn i manntallet med Aleksander som fornavn, og Leon som mellomnamn.
fredag 6. august 2010
fredag 25. juni 2010
Nomen Nescio Stern Fossum
Vi må få sende ei helsing til den nyaste verdsborgaren i familien som såg sola for første gong den 18.juli. Therese og Thomas er dei stolte foreldra som no har fått seg ein gut på 3530 gram og 52 cm. Det tilsvarar omlag 67gram per centimeter!

Han fekk heldigvis auge ganske fort og er no vel heimkomen til sin nye bolig med hage.

Gratulerar så mykje frå redaksjonen.

Han fekk heldigvis auge ganske fort og er no vel heimkomen til sin nye bolig med hage.

Gratulerar så mykje frå redaksjonen.
lørdag 12. juni 2010
Gratulerer vennen :)
I dag ringte eg Sandra for å høre om vi kunne komme ein tur på besøk å helse på dei og magen. Men i dag var der ingen mage lenger, for etter ei lang periode med ein litt ivrig gutt og ei tolmodig mamma kom dagen. Bestevenninda mi Sandra har no blitt mamma ♥

Det var ein sterk gut på 2800 gram takket vere at du har vore kjempe sterk, og gitt han mykje varme og kraft.
Gratulerer så mykje med den store dagen til både deg Sandra og pappa Emanuel! Vi gledar oss til å komme på besøk ♥
Glad i deg vennen, og utrulig stolt!
Stor klem frå Jill Alice og Christopher!

fredag 11. juni 2010
Roadtrip på E6
I helga var vi fjøsavløysarar på heimgarden på Rogne, slik at foreldre til Jill Alice kunne reise på kor-stemne. Så lenge kyrne er med på notane er det eit rett hyggeleg stykke arbeid.
Her er bilete av to kviger som akkurat har fått kome ut på somarbeite, og fortsatt veldig nysgjerrige på kva den kjekke cowboyen driv med.
Laurdag blei det så bestemt at vi skulle ta turen til Oslo med nokre "småting" til systera m/samboer til Christopher. Ein strøken Mitsubishi L300 tok oss strake vegen, fullasta med verktøy, senger og og diverse baby-utstyr.
Etter eit par dagar i Oslo, og fortsatt ingen ny verdsborgar, måtte vi turen til Trondheim for å finne ny leilegheit.
Finn.no, hybel.no og andre annonse-nettsider vart saumfart, og vi fann eit par interessante objekt og ordna visning!
Dagen etter og to visningar seinare har vi no skreve kontrakt på ein flott bygård i Klostergata, like ved der vi har budd. Her skal vi dele fellesrom saman med 3 andre, men sidan vi er vant med 8 fra USA trur vi at dette skal gå veldig fint!
torsdag 3. juni 2010
Sunnmøre
Ofte når vi tek turen heim til Sunnmøre stillar vêrgudane opp med nydeleg vêr, og dei skuffa oss ikkje denne gongen heller! 20 grader og strålande sol var absolutt ikkje den overgangen vi hadde forberedt oss på, men fornøgde er vi.

Sjølv om vi har prøvd ut grillen sidan februar i år, var det alikevel på sin plass å prøve den på ein så fin sommardag på Skodje.
Sjølv om vi har prøvd ut grillen sidan februar i år, var det alikevel på sin plass å prøve den på ein så fin sommardag på Skodje.
tirsdag 1. juni 2010
Gratulerer med dagen!
I dag he prinsess-niesa vår, June Siren, bursdag og ho blir heile 4
år!!
Kos deg med andre prinsesser, kaker og gaver i dag! Klem frå tante og
onkel!
år!!
Kos deg med andre prinsesser, kaker og gaver i dag! Klem frå tante og
onkel!
mandag 31. mai 2010
Heimreisa
Våre norske venner i Abrego-familien var på plass for å gi oss ein skikkeleg avskjed :)

f.v.: Chris/Pecka(Per Christian), Emily, Sol(Solveig) og Chris/Freddy (Christopher)
Siste dagane blei det litt av eit kaos på rommet vårt. Her skal ein pakke, sove, sparkle og vaske ned på same tid. På flyet gjaldt bagasjereglane: 2x23kg (max 32kg mot betaling) og innanfor ein gitt storleik.

Vi såg fort at det kom til å bli ekstra kolli og mengder med overlast så vi la oss på maxvekt(32kg) på alle kofferter/sekker. På tavla prøver vi å halde orden på alle kg vi har i kvar sekk og kva vi har igjen.

Tilslutt endte vi opp med 5 kolli som skulle sendast på flyet, og 4 kolli handbagasje.
Biletet er tatt utanfor flyterminalen og manglar kun ryggsekken som Jill har på ryggen.
Når vi endeleg kom inn på rett terminal, etter at buss-sjåføren slapp av oss feil, fant vi ei vekt som viste at den eine ryggsekken var heile 38 kg, og dei fleste andre låg på 33-35 kg.
Dermed blei det ompakking til eit ekstra kolli før vi kunne sjekke inn, og med litt flaks, 200$, og ei stressa innsjekkings dame fekk vi med alt. Til og med handbagasjen vart merka med lapp om overvekt...
Endeleg sat vi trygt på flyet og all bagasjen vart sjekka heilt fram til Norge!

Vi flaug med Air New Zealand som er stemt fram som det 5. beste flyselskapet i verden for ikkje lenge sidan! Flott tur, god mat og god service! Nokre timar til på fly hadde ikkje gjort reisa verre, som vanleg er nattbussen Oslo - Ålesund langt meir slitsam enn turen til Gardermoen..
søndag 30. mai 2010
Siste kveld i California
Emily og Solveig var så snilde og gav oss eit påspandert måltid i bursdagsgave, så siste kvelden tok vi turen på Chilis :)
Deretter tok vi turen til Santa Barbara Drive-In Cinema! Den hadde akkurat opna opp igjen etter mange års avbrudd, så vi var meget nøgd med å akkurat rekke å sjå ein film før vi reiste! Såg Iron Man 2 som var ein god film, og det var absolutt ikkje noko negativt med radio som lydkilde.
Bilete er tatt etter at filmen var ferdig, sidan det var umogleg å ta medan det var heilt mørkt.
Kjekk oppleving, sjølv om eg gjerne skulle hatt Buicken med det amerikanske sofa-forsetet som kjøretøy ;)
Fin avslutning på eit fantastisk år i eit spennande land!
torsdag 27. mai 2010
Gratulerer så mykje med dagen, Philip!

Gledar oss masse til å komme heim å feire bursdagen din, og så håper vi du har hatt ein flott bursdag i dag!!
Stor klem fra tante Jill og Christopher :)
Vel overstått!
No er vi tilbake i moderlandet og USA turen er vel overstått. Ein annan dag som er vel overstått er bursdagen til Jill Alice, som dessverre ikkje fekk eit dedisert innlegg her på bloggen! Sjølve dagen feira vi på Santa Barbara Fish Enterprise med eit særs godt måltid og gode venar.
Med på laget hadde vi Sondre og Torgeir om tok turen, nestan eins ærend for å vitje bursdagsbarna. Vi nyttar høvet å takke for den flotte gave nok ein gong!
onsdag 26. mai 2010
Avskjedsfest!
Torsdag 20.mai inviterte vi venner i Isla Vista til ein liten bursdag og avskjedsfest! Vi kjøpte inn ei "lita" Costco-sjokoladekake som Emily og Solveig var så snille å pynta til oss :)
Som amazon.com Prime-kundar fekk vi også bestilt 300 glowsticks med one-day-shipping, det gjorde kvelden særs fargerik!
Som amazon.com Prime-kundar fekk vi også bestilt 300 glowsticks med one-day-shipping, det gjorde kvelden særs fargerik!

***
Tusen takk for ein fin kveld og ei fantastisk tid her i California!
Året går verkelig inn i minneboka som eit år av dei sjeldne med ny opplevingar rundt kvart hjørne! Kjem absolutt til å savne Isla Vista, folk vi har blitt kjent med og sommar-vêret, men skal nok også bli kjekt å kome heim til "kvardagen" i Noreg:)
Sjåast snart igjen ;)
tirsdag 25. mai 2010
Happy Birthday :)
Vi to er så heldige å ha bursdag 20. og 21. mai, og vi nytta tidsforskjellen mellom Noreg og California til å feire bursdag og opne pakker på "samme" dag ;)

"Gutte-leiketøy" til Christopher ;)
(sjølv om han ikkje vil gå med på at verktøy kan kallast leiketøy)

Praktisk «Camelbak» tursekk til Jill Alice
(så no blir det u-tørst utforsking av fjellsidene i Noreg)

Etter gavene var pakka opp fyrte grillmeisteren opp grillen, og det blei ei koseleg hyggestund med «Abrego familien»!
torsdag 20. mai 2010
Gratulerer med dagen!
onsdag 19. mai 2010
17. mai feiring i Isla Vista
17.mai blei som i Noreg feira med stas også her i California. Vi samla inn til feiring i Abrego Road og alle stilte opp i finstasen og medbrakt mat/kake/is.
For å få oss i riktig norsk stemning stilte vêrgudan opp med litt regn på starten av dagen, men gav oss litt sol til toget starta!

Toget gjekk gjennom gatene i Isla Vista og inn på UCSB campus. Det blei mykje hurra-rop, vinking til blide amerikanarar og song. Merka at songtekstane ikkje var nypugga...

Flott bilete av alle jentene på festen!

tirsdag 18. mai 2010
Yosemite National Park
Saman med 14 andre norske studentar tok vi forrige helg turen til «Yosemite National Park».

Fredag var dagen for langtur og det første som møtte oss var denne fantastiske utsikta. I bakgrunnen kan du skimte det kjente fjellet «Half Dome», ein kuleforma topp på ca 2693 meter.
Vi sikta oss inn på toppen av «Yosemite Falls», som er akkurat der fossen fell utfor fjellsida. Det var ein flott tur med fine løyper oppover den bratte fjellsida.Fredag var dagen for langtur og det første som møtte oss var denne fantastiske utsikta. I bakgrunnen kan du skimte det kjente fjellet «Half Dome», ein kuleforma topp på ca 2693 meter.
Turen opp og ned er ca 7 miles(11.2km) med ein høgdeforskjell på 2700 feet(822m). Løypa går i såkalla "zigzag", bygd rundt 1870 tallet av hotelleigarane i området for å lokke til seg turistar.
Ingen grunn til å lage mat på kjøkkenet i slike omgivnadar.
tirsdag 11. mai 2010
Farvel kjære Van
I dag måtte vi med triste auge ta avskjed med vår alles kjære «family-van»!

Vi la ut annonse på Craigslist på fredag og plutseleg hadde vi ein fisk på kroken. Ikkje berre var han veldig interessert, men han vil hente den i dag(tirsdag)! Etter å ha kome over at vi på eit par dagar skal gå frå 2 til 0 bilar og kun har ein motorsykkel å kjøre på den siste tida vår i California, tok vi steget og selde den staslege Van-en. Vi fekk heldigvis god pris og endte opp med å ha hatt gratis bil sidan jul, noko vi sjølvsagt er veldig nøgd med!
Farvel kjære Ford Explorer Conversion Van!
Vi kjem til å savne deg!
Takk for at du var ein trufast og god bil gjennom lange ørken-strekningar :)
Helsing mor og far ;)

Camping på Channel Islands
Laurdag tok vi turen til Channel Islands, ei øyrekke som ligg utanfor kysten av Santa Barbara. Det tok ein god time med båt fra Ventura øya Santa Cruz - Scorpions Harbor. Trass nærleiken til fastlandet, så fanst der ikkje straum eller telefonnettverk, ingen søppeldunk og ingenting å få kjøpt av mat eller drikke. Plassen har vore befolka av Chumash indianarane i tusener av år, samt Europeiske gards og fiskefolk frå 1800-talet og utover. No er det området blitt nasjonalpark og ein finn 2 bevæpna rangers som tek seg av lov og orden, samt medisinsk førstehjelp og anna småtteri som måtte dukke opp.
Vi tok reiste saman med Emily, Solveig og ein tysk/fransk/amerikansk gruppe med halvkjente. Med på turen hadde vi med oss tre doble kajakkar, då det skulle vere ganske flott å padle inn i grotter og bukter.Sjølv om sola varma mykje, var det stort sett litt guffent, det var opp mot liten kuling med kald sjøluft. Vinden førte også til at vi med stor skepsis kun kom oss eit lite stykke ut i bukta med kajakken før vi snudde og padla i sirkel i staden.
Det var trass uvêret veldig kjekt å prøve :)
På kvelden tok vi turen opp på fjellet for å sjå solnedgangen som var aldeles strålande vakker! For ei utsikt og for nokre fargar!
Søndagen gjekk vi ein flott fjelltur rundtom på toppen av øya, og fekk fin utsikt over kanalen, kysten og stranda.
Gratulerer med dagen Sonja Pernille!
I dag er dagen da du fyller år! Håper du får mykje oppmerksamheit frå vener og kjente, og at vêrgudane gir deg ein strålande dag! Kjekt at du også fekk ei morosam feiring med tausene i Bergen :)
Takk for at dåkke har vore så snilde å tatt vare på leiligheita, møblane og ikkje minst planta mi i Vollabakken! Gleda meg masse til å kome heim å treffe dykk igjen!
Stor klem frå oss to!
Glad i deg ♥
Stor klem frå oss to!
Glad i deg ♥
Abonner på:
Innlegg (Atom)