onsdag 19. mai 2010

17. mai feiring i Isla Vista

17.mai blei som i Noreg feira med stas også her i California. Vi samla inn til feiring i Abrego Road og alle stilte opp i finstasen og medbrakt mat/kake/is.
For å få oss i riktig norsk stemning stilte vêrgudan opp med litt regn på starten av dagen, men gav oss litt sol til toget starta!

Toget gjekk gjennom gatene i Isla Vista og inn på UCSB campus. Det blei mykje hurra-rop, vinking til blide amerikanarar og song. Merka at songtekstane ikkje var nypugga...


Flott bilete av alle jentene på festen!


..og eit hyggeleg bilete av den norske delen av Abrego-gjengen :)


Signy baka 17. mai kake som var så god at eg ikkje rakk å ta bilete av den heil ;)

Det var ein knakandes kjekk dag med masse venner, god mat(pølser), mykje søte dessertar, og is!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar