Laurdag tok vi turen til Channel Islands, ei øyrekke som ligg utanfor kysten av Santa Barbara. Det tok ein god time med båt fra Ventura øya Santa Cruz - Scorpions Harbor. Trass nærleiken til fastlandet, så fanst der ikkje straum eller telefonnettverk, ingen søppeldunk og ingenting å få kjøpt av mat eller drikke. Plassen har vore befolka av Chumash indianarane i tusener av år, samt Europeiske gards og fiskefolk frå 1800-talet og utover. No er det området blitt nasjonalpark og ein finn 2 bevæpna rangers som tek seg av lov og orden, samt medisinsk førstehjelp og anna småtteri som måtte dukke opp.
Vi tok reiste saman med Emily, Solveig og ein tysk/fransk/amerikansk gruppe med halvkjente. Med på turen hadde vi med oss tre doble kajakkar, då det skulle vere ganske flott å padle inn i grotter og bukter.Sjølv om sola varma mykje, var det stort sett litt guffent, det var opp mot liten kuling med kald sjøluft. Vinden førte også til at vi med stor skepsis kun kom oss eit lite stykke ut i bukta med kajakken før vi snudde og padla i sirkel i staden.
Det var trass uvêret veldig kjekt å prøve :)
På kvelden tok vi turen opp på fjellet for å sjå solnedgangen som var aldeles strålande vakker! For ei utsikt og for nokre fargar!
Søndagen gjekk vi ein flott fjelltur rundtom på toppen av øya, og fekk fin utsikt over kanalen, kysten og stranda.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar