Torsdag var første dag ut med tur til Tonic i downtown.
(Trykk på bileta for å få dei i stor størrelse)

Fredag gjekk turen til DP, Del Playa som er beach-gata i Isla Vista! Det var det fullpakka av studenter i ulike kostymer :) Litt av eit syn både fredag og laurdag!!
Stort sett alle i huset fekk besøk av venner som studerer i andre byar her i California. Eg og Christopher fekk besøk av Sondre, Torgeir og Vidar frå San Diego! Det var veldig hyggeleg :)
Laurdag var vi på Outback Steakhouse og åt oss stappandes mette!
..og kanskje ein smule intimt på den eine oppblåsbare madrassa vi hadde å tilby ;)
Søndag var, som laurdag, ein strålande fin dag her i Isla Vista!
Etter ein god frukost med pannekaker a'la Christopher tok vi ei runde med Frisbee-golf!
Ellers blei det ein chill dag i sola ute på plattingen før gjestane i bil etter bil tok avskjed med oss i Abrego-huset :)
Tusen takk for ei kjekke Halloween-helg :D
Hei igjen...tru dokke at iPhone headsettet so låg på pulten kan ver mitt?:) va plutselig vekk når ej kom att...viss d e det, gidd dokke sende d til Sondre, Apartment 114, 4627 Ocean Blvd, 92109 CA, San Diego? Viss dokke heller vil ha det der oppe so kjøpe ej berre et nytt! Let me know...
SvarSlett