Første og kanskje viktigaste endringa er at vi har gjort slutt på vår tid som studentar på UCSB, og kjem derfor heim tidlegare enn planlagd.
Kvifor slutta vi?
Det er mange grunnar til at vi slutta på skulen. Største grunnen er at Christopher er sisteårs-student på NTNU og etter litt fram og tilbake kun får godkjent eit halvt år studie. Vi fant dermed ut at eit quarter til her på UCSB kun ville lage større studielån og mindre utbytte av både reise-mogligheiter og jobbing i sommarferien.
Kort sagt er det mange pengar spart, litt tapt og mykje fritid til overs :)
Kva gjer vi på no?
Den siste tida prøvar vi som best å utnytte mest mogleg ved å reise og gjer ting vi ikkje har fått tid til tidlegare, men sjølv om vi skulle ønske at vi kunne reise heile tida er det sjølvsagt også mykje som må fiksast her heime i Abrego. For eksempel har vi to bilar og ein motorsykkel som må selgast og mange, mange ting som må selgast, kastast eller fraktast til Noreg. Er dyrt å sende ting, dyrt å ta med for mykje på flyet og dyrt å kaste det så vi har nok å henge fingrane i ;)
Når kjem vi heim?
Ingenting er heilt bestemt enda, men vi førebur oss på å reise heim i starten av juni! Juni ja :)
Vi har student-visum fram til 26.mai og dersom vi skal vere her lenger enn det (som er planen) må vi ta oss ein tur over grensa igjen og returnere som turistar. Kanskje ein tur til Canada?
Vi gledar oss masse til å kome heim, men ikkje til å forlate Amerika! Det har vore ei fantastisk flott oppleving å bu her, og vi skal nyte den siste tida fullt ut :)

Heldigvis snart juni!!
SvarSlettSå kjekt å høyre at dokke har det fint! Kva med slekta i Arizona (Meza) nærmare bestemt? Dokke er inviterte og det er veldig hyggeleg slekt...
SvarSlett:-O
SvarSlettGla i dåkke=)=) LEV LIVET NO! KOSE DÅKKE MASSE!
SvarSlett