søndag 15. november 2009

American Football

Endelig fekk vihøve til å sjå ein ekte amerikansk fotballkamp i college-ligaen. På bana var det Santa Barbara City College(SBCC) i raudt vs. East L.A. i grønt. Reglane er egentlig ikkje så komplisert, få ballen over på andre sida (end zone). Laget som har ballen får løyse den 4 gongar(downs), og må flytte seg 10 yards( 9,1m) mot end zone på desse 4 forsøka. Ellers trur vi dei mistar ballen...Touch Down på End Zone gir kanskje 6 poeng + 1 bonuspoeng på det obligatoriske sparket på mål etterpå.

Det var også mogleg å få seg ein ihjelsvidd cheesburger og ei boks med julecola for $5:


Kampen begynte 6 PM, og dei spelar 4 x 15min med 15min pause halvegs. På kveldstis kryp gradestokken ned mot 10 talet og det var vi delvis forberedt på, men ikkje at kampen skulle vare i 3 timar...For kvart minutt på kampklokka går det 3 klokkeminutt med diskusjonar, ballhenting og lagbytting, siste 2min15sek tok faktisk 12 minutt å gjennomføre.
Kvart lag har ca 40-50 spelarar, men berre 11 på bana, cheerleader girls, ergometersyklar og ei høveleg stort støtteapparat.

Det er ganske moro når guttane kjem seg på løp og det faktisk er bevegelse på bana, men diverre var det litt lang tid mellom høgdepunkta. Heldigvis har dei med seg heiagjengen som tek over showet når ballspelet uteblir:




Om det blir ein neste gong, vert det iallfall med litt meir klede, sitteunderlag og nokre fleire dollars til å bruke i kiosken som verken tok kort eller sjekk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar