torsdag 5. november 2009

Veka derpå..

Etter ei kjekke Halloween-helg med fri og moro, vart det ei veke med mykje å gjere. Arbeidsmengda mi på skulen er noko varierande og ser i lekseboka mi at det blir nokså mykje å gjere dei neste to vekene! Attpå til skulle eg sjølvsagt klare å bli forkjølt etter helga, og var sengeliggande heile tysdag.. keisamt. Mykje tid som kunne vore brukt fornuftig forsvann nok den dagen, men forma er stigande og vi er med godt mot :) Christopher har også mykje å henge fingrane i og brukar mykje av tida si på programmerings-labben på skulen.

Vi har meldt oss på Juleball i San Francisco, laurdag i Thanksgiving-helga. Det skal bli stas å få tatt seg ein tur nordover, og kjekt med noko å glede seg til midt i alle mid-terms, innleveringar og eksamenar som kjem! Til min store overrasking er det berre 6 veker igjen av semesteret. Det er jo ingenting!


Litt sosialt samvær må ein ta seg tid til innimellom, og på søndag for nesten heile huset på kino for å sjå Michael Jackson filmen "This is it" – den siste pengemaskina til Sony.
"Du sat som ein stokk heile førestillinga" sa Christopher når det var over. Det stemmer kanskje fysisk, men eg levde meg ganske inn i alt sceneshowet og var limt fast i lerretet heile filmen. Hadde nesten ikkje tid til å smake på popcornet vi hadde kjøpt!!
Utruleg bra film for vi som liker MJ musikk og eit vel-koreografert sceneshow, var vi einig om båe to!

Jaja, tilbake til leksene.. skal på skulen igjen om ein times tid no. Økonomi, skriving, middag, og så kveldsundervisning i Web applikasjoner frå 6-9. WebApp er et nytt fag som eg startar på idag, så eg er litt spent på kva det går ut på :)

-Jill-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar