mandag 23. november 2009

Panting av flasker og bokser

Omlag ein månad tilbake i tid bestemte vi oss for å samle tomgods og etterkvart få levert det inn for gjenvinning. Vi samla på plast- og glasflasker og boksar til den store gullmedaljen, meksikanarane slutta å grave i bosset vårt, og snart var halve garasjen full av svarte 33gallons søppelsekker med diverse. Endeleg ein dag tok vi motet fatt og lempa alt i den altoppslukande 6.4m korte stasjonsvogna vår og drog avgårde til Goleta Recycle Center.


Her finst det nemlig ingen hol i veggen på butikken enda som sluker alt, men eit eige depot. Vel framme fant vi fort ut at all pant måtte sorterast. Grønt, brunt og klart glas i kvar sin dunk, plastflasker (merka ∆1) og boksar i kvar sin behaldar.
Det tok si tid, men det hjelpte på humøret å få skryt av tilfeldige pantarar som synes vi hadde imponerande mykje. Vi fekk ei kjapp innføring frå ein meksikanar om korleis alt skulle gjerast på spansk/kroppsspråk, krydra med litt barneskulenivå engelsk.


Etter sorteringa var det berre å lempe ein og ein dunk opp på vekta, la vektvakta notere mengde, gå til kassa og få utbetalt rundt $1 per pound :)

Ganske enkelt og greit, hadde vi berre vore lure nok til å sorterte alt på første iterasjon... det blir altså neste prosjekt ;)

1 kommentar:

  1. Takk, alt må no prøvast ut veit du ;)
    Å so kjekt da! Skulle gjerne ha vore der å sett på dei flenke skodespelarane :D Det blir no spennande å få framføre på ID huset da!! Godt jobba :)

    SvarSlett