onsdag 25. november 2009

Thanksgiving & San Francisco

Torsdag den 26. november er det Thanksgiving feiring her i Amerika. Alle får fri frå skulen torsdag og fredag, og denne helga skal etter tradisjonen feirast med kalkun, familie og venner.


Vi er invitert til mora til Chris (Fig) som bor sør for Los Angeles på Thanksgiving middag så det skal bli veldig spennande! Det blir då ein dagstur med full Buick ned dit på torsdag, før eg, Christopher og Christopher (Little Christopher) sett kursen mot San Francisco fredags morgon i Mustangen.
Denne helga samlast nemlig norske utvekslingsstudentar i San Francisco for å delta på det årlige Juleballet! Vi tre har skaffa oss hotellrom ved Union Square, som ligg like ved hotellet som det beryktede juleballet skal halde stad på laurdagskvelden. Resten av helga blir vel benytta til sightseeing i byen og kanskje litt shopping om gutane er villege ;)

Gledar oss masse til ei helg utan lekser og med masse gøy! :D


Happy Thanksgiving to everyone
from Jill Alice & Christopher ♥

3 kommentarer:

  1. Måtte berre inn å kommentere litt om Thanksgiving. Eg budde i Amerika i ett år når eg var au-pair og Thanksgiving var "favoritt-høgtida" mi der borte. Sååå koslig å ha ei høgtid der det er familien som er i fokus (og god mat). I morgen (fredag) er Amerika's største shoppingdag, så det kan være lurt å ligge unna kjøpesentre...det blir aldri dratt så mange visa-kort som på denne dagen. Er som en kick-off til julehandelen. Så ha en Happy Thanksgiving og kos dåkke i San Fransisco (en nyyyydelig by)!!!

    SvarSlett
  2. Happy Thanksgiving turteldue. Kos dåkke masse i helga!! Stor klem fra nattens dronnig (Sandra med andre ord ;))

    SvarSlett
  3. Tusen takk for koselige kommentara! Skal legge inn bilete frå ei flott thanksgiving feiring og helg i San Francisco snart :) Håpe dåkke også hadde ei flott helg!

    SvarSlett