søndag 30. august 2009

Her har Christopher funnet seg godt tilrette som innehaver av to flotte bilar ein Lincoln Towncar og ein Buick :) Amerikansk drøm? Kanskje, men den varte ikkje lenge. Laurdag gjekk turen til Burbank for å levere tilbake kvitegliset.
Man kan trist meddele for Jill Alice sin del at det ikkje er noko fungerande Air Condition anlegg i Buicken sidan den mangler gassen Freon som vi ikkje får "innstallert" før mandag. Det blei derfor ein varm tur nedover Freeway-en med full lufting gjennom vindu framme og bak. Det var ein bråkete, luftig, varm og støvete tur. Bilen såg nok meir skitten ut etter turen enn før vi vaska den i går.
Vi var iallefall heldige med vêret. På det varmaste kunne Christopher i sin airkondisjonerte bil lese av utetemperaturen til 108º Fahrenheit, som tilsvarer litt over 42º Celsius. Jill Alice såg ut som ei kokt krabbe, når vi endeleg kom fram til Burbank.

IKEA låg ikkje så langt ifrå der vi skulle levere bilen så vi tok oss ein tur for å kjøpe inn nødvendig utstyr til huset. Etter eit par timar var begge lei av alt kaoset og var glade for endelig å ha betalt den fulle korga og kunne ta ei kaffi/brus/pølse pause på IKEA food.

Det var mørkt når vi kjørte opp igjen til Santa Barbara så det vart heldigvis litt svalare i bilen. Vel framme i Goleta (Isla Vista) svippa Christopher innom Home Depot for å oppgradere sikkerheitsnivået på leiligheita. Vi kjøpte ein hengelås til garasja og ei stor og ei lita lommelykt. Var iallefall ein som var godt nøgd med den nye lommelykta ;)


Rolig søndag..

The Goleta Public Market var det store målet i dag og vi håpte på å finne bl.a. billege møblar. Blei nok litt skuffa når vi fann ut at markedet var ganske likt det vi besøkte i San Diego og innehold for det meste billege "Nille"-varer, frukt og grønsaker frå butikken og masse kle solgt av mexicanera. Vi skilte oss nok ganske bra ut, både på eine og andre måten...
Etter eit par rundar i steikande sol vart det nok og vi avslutta med å kjøpe med oss ei korg jordbær, 3 avokadoar og 3 stk rosa potetliknande frukt med masse steinar i for tilsaman 4$.
På vegen tilbake kjørte vi litt rundt omkring i Goleta for å prøve å gjer oss litt kjent i alle gatene. Plutselig ula det i sireer og blinka i blålys bak oss og vi måtte kjøre til sida. "Driver license please" og "What where you guys doing up in that area?" Dei hadde vist sjekka skilta våre og fant ikkje forsikring registrert på bilen. Heldigvis ordna alt seg, hjalp sikkert litt at vi var norske og uvitande og berre nysgjerrige på den nye byen vår. Forsikringa er også i orden, det berre tek litt tid før alt er registert med DMV.
Christopher var alikevel litt shaky etter hendelsen, det er tross alt litt anna kjøremønster her borte. I det vi passerte politiet 30 sekund tidligare, svinga vi til høgre på raudt lys, rett foran politibilen. Og ja, det er lov i USA; men sjølvsagt er det unntak, men då med store skilt overalt.

Når vi kom heim gjorde vi unna ein god del småpjask som klesvask, oppvask og rydding og kosa oss med jordbær i sola :) omkring 27 º celsius her i dag stod det på nettet og det minner meg på at det hadde vore kjekt med ein temperaturmålar!


Avslutta søndagen med eit besøk på den lokale kinoen og såg filmen Julie & Julia. Det var i siste liten at vi bestemte oss og kom til kinoen akkurat idet filmen skulle starte, men måtte sjølvsagt ta oss tid til å kjøpe med oss popkorn inn. Tok då ein medium pakke og hasta oss avgårde for å finne salen. Var ganske tomt og ingen sete plassering så vi fekk gode plassar :) I motsetning til 20 min ventetid med reklame som vi var vant med i Trondheim, sendte dei her kun eit par filmtrailere og så starta filmen.
Som vi prøver å vise på biletet klarte vi kun å ete opp ca halvparten av popkornet, så neste gang får vi ta liten pose istaden.
Filmen var koselig, morosam og passa perfekt for ein rolig søndag!

Ha ein fin dag! No går vi til sengs her i Abrego road :)

lørdag 29. august 2009

Laurdagstur til Burbank

Her har Christopher funnet seg godt tilrette som innehaver av to flotte bilar: ein Lincoln Town Car og ein Buick Electra Estate :) Amerikansk drøm? Kanskje, men den varte ikkje lenge. Laurdag gjekk turen til Burbank for å levere tilbake kvitegliset.
For Jill Alice sin del vart det ein varm tur tilbake til LA, for akurat no er det ikkje er noko fungerande Air Condition i Buicken. Selgeren meinte den hadde lite freon, som vi ikkje får etterfylt før mandag når the AC-guy is back. Det vart ein varm tur nedover Freeway 101 med full lufting gjennom vindu framme og bak - ein bråkete, luftig, varm og støvete tur. Bilen såg nok meir skitten ut etter turen enn før vi vaska den i går.
Vi var iallefall «heldige» med vêret, til no er dette den varmaste dagen vi har hatt her på vestkysten. På det varmaste kunne Christopher i sin air-kondisjonerte bil lese av temperaturen til 108º F ute og 70ºF inne (tilsvarer 42ºC og 21ºC). Jill Alice såg ut som ei kokt krabbe når vi endeleg kom fram til Burbank.
IKEA lågg rett ved der vi skulle levere bilen, så det vart ein tur for å kjøpe inn nødvendig utstyr til huset. Etter eit par timar var begge lei av alt kaoset og var glade for endelig å ha betalt den overfylte vogna. Vi avslutta med kaffi/brus/pølse pause på IKEA food.
Handlelappane i USA er morosamt lange. Den vi fekk fra IKEA var sikkert 1 meter lang!
Det var mørkt når vi kjørte opp igjen til Santa Barbara og heldigvis litt svalare i bilen. Vel framme i Isla Vista/Goleta svippa Christopher innom Home Depot for å oppgradere sikkerheitsnivået på huset. Vi kjøpte ein hengelås til garasja og ei stor lommelykt. Kjøkkenlåsen er sikra med strips importert frå Noreg. Var iallefall ein som var godt nøgd med den nye lommelykta ;)

Å, så sint!

Mykje nytt no!

Fredagen flytta vi ut frå motellet i Santa Barbara og inn i vår (forhåpentligvis) faste bolig ei tid framover. Valget stod mellom ei for 2 pers og eit heilt hus for 10, og etter litt kommunikasjon med studentar i Noreg gjekk vi for huset - til no er vi 6 norske og satsar på å balansere ut med 4 amerikaner.

På amerikanske finn.no, craigslist, dukka det opp ein billeg Buick -87 Estate 305cui V8 tilsalgs like ved motellet vårt.
Lincoln skal leverast inn laurdag ettermiddag, vi slo til for på Buicken på 800$, ferdig med skilt 912$.

Vi hadde også tinga på ei queensize madrass for 45$. Christopher si evige tru på stasjonsvogner kom til nytte igjen, vi klarte akkurat å skvise senga inn i nybilen.

5.15 pm signerte vi papira hos Hilary Management, og fekk nøklane på vårt nye hus. Ho var ganske fornøgd med at nokon endeleg skulle flytte inn sidan det hadde vore mykje tull med innbrudd i dette huset. Eit par dagar tidlegare hadde nokon leika seg med brannslukkningsapparat i heile underetasjen - kvitt pulver overalt. Huset var heldigvis nyvaska og fin når vi kom på kvelden.

På kvelden kjørte til eit stort supermarket og handla vogna full av utstyr som må til i eit nytt hus, pluss litt mat og drikke :) Merka at det er ganske mykje nytt som skal prøvast ut - alt frå vaskemiddel, mat og drikke.

Seinare begynte vi å vaske bilen, dei to skitne klutane på biletet har vaska innsida på framdørene og dashbordet. Heilt ekstremt. Dermed blir det ein tur til vaskehallen der dei mexicanerane vasker heile bilen innvendig for 20-30 $, då slepp også vi å finne oss ein støvsugar med det første.


Så var det klart for den første natta i eit stort hus aleine. Trudde nok den skulle bli ein noko meir behageleg.
Kl 4 på natta vokna vi av masse bråk og banking. Sidan det er eit nytt hus og nytt nabolag var det vanskelig å forstå kvar lyden kom frå, men då kjøkken døra (skyve-glass-dør) gikk opp og vinden tok tak i persiennene skjønte vi at nokon faktisk var i huset!
Som på film måtte mannen i huset gå å sjå kva det var. Christopher reiv opp soveromsdøra og brølte ut for å skremme den eventuelle inntrengaren. I mørkret og nærsynt -3 på begge augene såg han ein liten person springe ut same veg som han kom.

Begge satt no med hjartet i halsen og eit høgt ufrivilleg adrenalinnivå. Kva skjedde no? Kva gjer vi no? Kvifor braut han seg inn gjennom gjerdet? Mange spørsmål raste gjennom hovudet.

Vi prøvde å roe oss ned og la oss igjen då ein haug med lommelykter svirra omkring huset, begge sprang ut på stua igjen, rett mot dei sveipande lysa. Plutseleg, uten å seie noko som vi høyrde, stod politiet i samme opninga som innbrytaren hadde brukt.
Dei trudde nok også at huset stod tomt, og skremte iallefall meg til tusen. Mest truleg har naboen høyrt bråket og ringt 911.
Som gode nordmenn slo vi raskt fra oss tanken på å ringe politiet for å få høyre at dei ikkje kunne prioritere slike småting, men vi kunne kome på mandag mellom 11.30 og 13.15 for anmeldede forholdet.


Håper husverten er å få tak, slik at dei får fikse gjerdet og låsen.

Det går fint med oss no, så det er ingenting å bekymre seg over, men ein vert litt ekstra på vakt når det skjer slike ting. Vi har funne fleire utelys som skal få seg ny pæra og ein brytar i «On». Går vel eit par dagar før eg sluttar å bli skremt av alle smålydar rundt meg.

Ha ei fortsatt god helg alle saman :)

torsdag 27. august 2009

Leiligheitsjakt i Isla Vista

Jaja, no set vi her da på ein torsdagskveld og er ganske slitne og lei etter 3 dagar med intens jakt på leiligheit.
Her i Amerika er det mobil og "call me at.." som gjelder. Merka på tirsdag at det ikkje er så enkelt å få verken informasjon om adresser eller arrangere visninger uten mobil.
Vi gjekk derfor til innkjøp av ein billig Nokia med kontantkort, eller Prepaid Plan som det heiter her. Telefonen kosta eigentlig det same(10$) som eit nytt SIM-kort om ein får brukt opp den inkluderte ringetida...

Tok minst ein dag å justere forventningane våre til det standarden vi finner her. For omkring 6 - 9 tusen pengar får man eit gammalt kjøkken med digert kjøleskap og ein stor gasskomfyr, eit bittelite bad med 1.5m langt badekar med lav dusj og eit 11 kvm stort soverom. Soverom og stue er utstyrt med vegg til vegg teppe. Ofte veldig lodne, som å gå på pels. Er teppa ny, skryt dei svært av dette. Ja dei legg faktisk nye teppe i 2009.

I dag (torsdag) fikk vi kontakt med Harwin Management og dei hadde mange leiligheiter tilgjengelig. Leiligheitne med 1 soverom var veldig fine og vi bestemte vel oss eigentleg for å gå for den. Var også innom eit heilt hus med 5 soverom sidan vi har hatt litt kontakt med andre
som kjem frå NTNU og som ønsker å dele leiligheit. Huset var ganske grei standard, og vi arrangerte derfor møte med Hillary som er manager. Vi har altså førsteretten på huset fram til i morgon eingong. For å vere på den sikre sida besøkte vi huset en gong til og når vi tok måla ved å stege opp meterane på golvet merka vi at den kanskje var i minste laget for 10 personar, iallfall sett med norske auger.
Så då set vi her og tenker fram og tilbake, kva skal vi ta?
Ei koselig 1 roms leiligheit, med sjanse for å bli setande litt usosiale i tosomhet, eller eit hus med 10 norskar (evt andre) der det blir fullt opp heile tida..?

Vi har vel konkludert dagens hendingar med at vi har hatt litt for store auge. Romma som vi trudde var så store var igrunn ganske små, og vi har blitt lurt av at romma er tom og layouten.

tirsdag 25. august 2009

Reisetips til USA - Del 2

Straumnettet i USA er firkanta og har 110V. Kjøp
2-Pins-US-AU-to-EU-AC-Power-Travel
http://www.clasohlson.no/Product/Product.aspx?id=135972565
http://www.biltema.no/products/product.asp?iItemId=153322
  • Full--54 x 75 inches (137 x 190 cm)
  • Queen--60 x 80 inches (or 153 x 203 cm)
  • King--76 x 80 inches (or 198 x 203 cm)
  • California King--72 x 84 inches (or 182 x 213 cm)

Første møte med Santa Barbara


Vi har flytta oss nordover til Santa Barbara - plassen vi skal kalle heime i omlag 10 månader. Turen oppover gjekk ganske greit, kjem ein seg rett veg(west) på freeway 101 er det rett fram i ein god time. Før vi forlot LA møtte vi eit gravfølge som hadde med seg heile 3 eller 4 motorsykkelpoliti for å halde igjen trafikken. Vi vart ståande over minst 2 grøne lys før alle var passert, ein får stadig bekrefta klisjéen om at alt er større i Amerika.



Santa Barbara ser ut til å vere ein utprega turistby, litt det same som vi opplevde i Hollywood og San Diego. Her er rikeleg utvalg av organiserte turar, det summar i ulike språk rundt oss, maten er litt dyrare og her er mange som spør etter ein dollar. Det roar seg sikkert litt utover hausten når den amerikanske ferien er over.

Uansett tek vi sikte på å bu ute med universitetet som ligg 10-20 minutts køyring frå sentrum, i studentomårdet Isla Visa eller Goleta og ikkje inne i bysentrum.

Husverten er den første som har sagt at det ikkje skal vere noko problem å finne noko no, sidan skulen fortsatt har ferie. Vi har satt ein dag eller to til å sjå om han har rett.

søndag 23. august 2009

San Diego Roadtrip - Visumkalas


Etter å først ha spasert rett inn i Mexico utan eit einaste spørsmål frå nokon, takka nei til 40taxiturar, blitt lei tacos utan å smake, gått i feil kø, stått 1 time i solsteiken og ca 3 timar totalt har vi fått innvilga studentvisum. Som vi delvis har frykta gjaldt papira berre eit quarter(semester), altså fram til 19. desember. Før den tid må vi altså få nytt I-20 skjema frå skulen, og gjenta same prosedyre som i dag. Då blir det kanskje tid til å kikke seg litt meir omkring der nede.

Bilen gjekk som ei klokke alle dei 125miles(200km) ned til grensestasjonen, og brukte berre mellom 1-4 liter på mila. Det gjekk sjølvsagt minst bensin der vegen var breiast og farta høgast, eit velkjent fenomen mange land har gjort seg nytte av. Etter litt tilvenning både til bil og trafikkmønster er det egentlig ganske greit å kjøre i USA. På freewayen er det best å halde seg ca i det midterste feltet, då slepp ein å kaste seg over i venstre fila om vegen deler seg, eller krysse 4-felt til høgre om ein brått må ta av. I byen er det stortsett lyskryss, med den velkjente "lov å kjøre til høgre på rødt", ellers er dei glad i stopp-skilt. Her brukar vi berre å stoppe, så køyrer den som har mest lyst...

I og med at det er veldig mange vegar og byar her, kjem skiltinga ofte brått på(kan ikkje skilte som i Noreg:"Jessheim 37km...Jessheim 35km.."). Amerikanarane kryssar hit og dit, køyrer forbi både på høgre og venstre side i sine digre SUV som t.o.m gjer Lincoln-en vår liten. Highway-patrolen er overalt og stoppar tydligvis den som treng ein alvorsprat.

Sjølv om det kan gå litt vilt for seg er det ingen som har vore aggressiv med fløyting eller lysblinking mot oss - dei respekterar nok medmennesket meir her enn kva regimet heime i moderlandet meiner er naudsynt.

På veg oppover tok oss tid å kikke litt i San Diego City og på University of California San Diego(UCSD) som vi opprinnelig tenkte å gå på. Middagen vart inntatt på ein høgst uformell fiskerestaurant, med stive prisa og god mat. Jill Alice tok ein klassisk fish'n'chips og Christopher gjekk for ein Tender Shrimps Pasta. Til no har alt med "Tender" i namnet vore særs godt, så dei kan litt av kvart desse amerikanerane.
(Som alltid kan ein klikke på biletet for litt større oppløysing.)

Nu må æ farra til Mexico...


Klokka er 8 på morgonen og vi gjer oss klar for ein tur nedover Freeway 405 til San Diego og grenseovergangen ved Tijuana. Her skal vi krysse grensa og reise inn i USA på studentvisumet som vart gyldig i går.
Som vanleg får vi kontinental frukost med kaker og kjempevaffel. Vi hentar toast og diverse frå bufféen og tek med på rommet. Her har vi eige salt kjøtt- og ostepålegg frå supermarkedet :)

lørdag 22. august 2009

Bildag


Sidan vi utsatte Mexico-turen til søndag , og vart det enda ein dag i LA. Vi hadde lyst å kjøre bil til San Diego og trikken ned til grensa. Etter nokre rundar på internettet fant Christopher heldigvis ein Rent A Wreck forhandlar i Burbank/North Hollywood. Ingen informasjon å finne om hverken biltype eller pris og sidan vi ikkje hadde nokon andre planar tok vi turen opp dit.

På vegen opp stoppa vi ved nokre smekre bilar på hos ein Ford selgar. Då vi sto å filma ein Shelby GT, kom ein selgar nesten springande mot oss. Istanden for å seie at det var filming forbudt, slik Jill Alice trudde han skulle, oppfordra han oss til å filme. Vi kunne også få filme inni bilane om vi ville. "I´m so bored... Do you wanna testdrive a Mustang?" sa han plutseleg, og klart seier vi ikkje nei til det! Dermed blei det Mustang GT V8 300hk råning rundt i North-Hollywood, med mykje turtall og praktisk erfaring med Newtons lover på kvar strekning.

Jakta på Rent A Wreck forhandlaren fortsatte og etter å ha gått langt og lenge i sikkert 30º kom vi endeleg fram. I området var det ein rekke bilforhandlarar, sjølvsagt var mykje stengt når vi endeleg kom fram, men ein strøken Buick Station Wagon med berre 80' miles på tellaren fekk vi prøvesitte. Mexicaner-mekanikeren som var til stades ante ingenting om pris eller noko, så vi må snakke med sjefen for meir info.

Ekspeditøren på RentAWreck hadde mange bilar tilgjengeleg og valget havna på ein kvit Lincoln 1995 modell Town Car Roadster med takluke,ac, elektrisk ditt og datt++, digitalt kompass og rett motor(v8). Sidan vi var norske, men utan kalifornisk driving license, fekk vi "local price" på forsikring og større bil for same pris. Leige for 1 veke = $216.


Då var det berre å sette seg tilrette i godstolen og kaste seg inn på 14-felts freeway. Jamvel om vegen er brei, er stien som fører deg av og på, smal og den kjem brått - men vi kom oss no heim.



Sjømannskirka

Fredag var det biljakt som var målet, men av dei 5 butikkane vi hadde på kartet var det 3 som ikkje var å finne, ein som solgte lastebilar og ein som solgte limosiner. Som plaster på såret etter mykje vandring og lite hell gjekk vi inn på IKEA for å sjå om sortimentet var det samme i LA som i Trondheim. Vi kan konkludere med at det er stort sett det samme, men litt større kjøkken og stor gassovn er førstevalget. På IKEA Food kjøpte vi oss to pølser og satte oss ned for å kvile beina. På nabobordet traff vi på ei hyggeleg svensk dame på 97 år som elska kjøttboller. Reisefølget var Inger på 70 år og ho jobba på Sjømannskirka i San Pedro. Ho ville ta oss med til Sjømannskirka så kunne vi få snakke med presten for han hadde peiling på bilar. Som dei fleste eldre damer var ho veldig bekymra for alt å det hjalp vel ikkje på at vi satt der uten nokon planar og var tenkt å reise til Mexico dagen etter. Noko ho meinte var alt for farleg for oss..

Vi var vel på sjømannskirka i en times tid, før vi tok ein tur ned til havna i San Pedro. Der var ikkje så mykje å sjå, anna enn eit sjøfartsmuseum og fontener som spelte musikk.. På veg tilbake vart vi tv-intervjua om kva det ville betydd for San Pedro å lage ein strandpromenade.

Etter 3 dagar med mykje inntrykk og trasking var iallefall Jill Alice heilt skutt, og sovna setande i 9 tida.


PS: Trykk på bileta for å få dei i større format.

fredag 21. august 2009

Los Angeles

Downtown LA

Det vart mykje trasking og mysing, eg trur vi fekk med oss ein liten brøkdel av det som var å sjå ;)
Traff på eit filmcrew som hold på med ei eller anna innspeling, smakte litt på Starbucks kaffien, innom Central Market og på eit museum om Wells Fargo..
Dag 2 i Los Angeles:
Rett ved hotellet vårt er det eit digert kjøpesenter, Pavilion, som huser store kjeder som Sears, Target, JCPenny og IKEA! Kvar torsdag har dei Farmers Market på parkeringsplassen og vi måtte sjølvsagt bort å sjå. Det bestod av mange boder som solgte ferske frukt og grønsaker, mat og naturprodukter.

Offentleg transport i LA er ikkje så enkelt å forstå seg på. Sjølv om vi har skaffa oss eit "TAP" kort som skal vare heile dagen, må det av å til betalast tilleggsgebyr. Bussane vekslar ikkje så en må også ha akkurat med myntar for desse avgiftene som vi ikkje veit kva kostar.
Når vi skulle kome oss til Hollywood havna vi plutselig på ein busstopp midt på freeway-en. Litt absurd å stå der midt mellom 7 felt på ein 14 felts motorveg.

Etter 2 timar med fram og tilbake, venting og bytting kom vi oss endeleg til Hollywood boulevard og Walk of Fame. Som kjent har eg ikkje særlig lett for å bestemme meg og klarte derfor ikkje å velge kva stjerne eg skulle ta bilete ved før det var forseint, og stjernene var passert.. :p
Vidare tok vi buss til Beverly blvd og "The shopping district".
På bussen traff vi ein sjølverklært "black from Ireland" men som utan tvil var ein ekte LA-er. Han var facinert over kor høg vi nordmenn var, og spesielt Jill Alice og det passa seg å sammanlikne høgda med ein vilt framand midt i bussen på Fairfaix Avn. Vi fekk eit par slang lessons for free: Feazy, var då tydlegvis 5. My neezy is my friend.

Fann tilslutt "Beverly Center", etter mange kvartal med trasking i Beverly blvd. Senteret husa mange trendy butikkar som Macy, Victoria Secret, Gucci, +++.
Etter skokjøp på Sketchers var det på tide å finne Moods of Norway!


Moods of Norway låg i den kjente Robertson gata og vi var spente på om dei kunne norsk i butikken!
Då vi kom inn sto der ei amerikansk dame og vi blei litt skuffa, men så kom der plutselig ein svenske ut frå bakrommet å helste på oss :) Dei var utrulig velkomande og vi fekk til og med komme på bak i bakgården for å sjå den fantastiske "Moods of Norway"-bilen ("The Blue Car"). Likte parkeringsskiltet til bilen da: "Parking for lefse lovers only" ;)

Dei hadde sjølvsagt den klassiske gulltraktoren inni butikken og ei lysekrone laga av Norgesglas!
Christopher måtte også til å prøve litt dress og vi fekk kvar vår øl. Var vel på butikken ein heil time og i kvart over 7 tida fekk vi vite at dei egentlig stengte 7.
Eg måtte sjølvsagt invistere i ei tskjorte, men fargen blei rosa istaden for den blå på biletet.
Det var super kjekt å helse på dei som jobba der og dei hadde mange store plana. Hadde vist nyleg hatt besøk av produsentane av LA Ink for å kanskje lage ein egen serie av Moods of Norway. Hadde ikkje det vore kult, så veit ikkje eg.

Dagens innkjøp :
Sko frå Sketcher på Beverly Center og t-skjorte til Jill Alice :)


I dag er det vel tid for litt leiting etter ein bil så får vi sjå kva anna dagen har å by på :)
Have a nice day :)

torsdag 20. august 2009

Reisetips til USA Del 1

Nokre reisetips til alle som seier at det hadde vore moro å tatt seg ein tur bortover:

Logg deg inn på sida til flyselskapet og bestill plass ved nødutgangen, 50cm ekstra beinplass gratis:) Continental lar deg gjere dette 24timar før avreise, forøvring er Continental absolutt å anbefale, grei mat, mykje gratis drikke(trur alt med alkohol kostar 5$/35NOK) og ein forykande multimediastasjon foran deg. Ta gjerne med eigne hodetelefonar, dei du får utdelt er litt so-so.

Veksl pengar på Ørskog Sparebank, berre 25 kroner i gebyr, ingen valutapåslag:)
----
Først av alt: Ha alle papir i orden, og har kontroll på den munnlege versjonen, iallefall om fleire reiser i lag.
Det er ingen grunn til å lyge om du har alt ditt på det tørre. Rekn med å måtte fortelje kva du skal til fleire betjentar, særlig om du vert teken til "utvida avhør"(som vi vart).

Ha meir enn 1.5 time ved transit-flyplassen din i USA: Ver forberedt på å hente bagasjen og gå gjennom tollen før du leverar den på baggasjedrop igjen. Flyselskapet får beskjed om at du står fast i byråkratiet og ordnar ny plass til deg, så det er ingen grunn til å stresse seg opp i køa.

Det er fullt mogleg å krysse ja på om du har frukt eller kjøttprodukt på tolldeklarasjonen utan at nokon bryr seg. Svar "nei" på alt som har med livestock og farming å gjere om du ikkje vil forklare deg enda meir ;)

Vi har for første gong brukt Hotels.com, fungerte utmerket, men pass deg for "Continental Breakfast" om du ikkje er veldig glad i søtsaker på morgonen.

På LAX får du masse tilbod frå ulike transportørar med minibuss ("Shuttle"). Desse kjører dør til dør etter eit ukjent prissystem. Ganske rimelig sidan dei slår saman fleire reisande i ein tur, men ver klar over at dette kan by på ein ekstra rundttur i byen.

Dersom du lurer på noko er det berre seie du er frå Norway og spørre kven som helst, amerikanarar hjelper deg meir enn gjerne. Om du ikkje likar å ta kontakt, kan du berre halde ei kart i handa og ta på deg "eg skjønar ingenting/gått meg vill" maska di, og nokon vil vanlegvis ta kontakt for å hjelpe deg på rett kjøl.

onsdag 19. august 2009

USA

18.august kl 0540 gjekk ferga frå Flatholmen!
Faren til Christopher smurte niste til oss, og kjørte oss til ferga. Var godt med litt frukost seinare, då gjekk ventetida på Gardermoen ein smule raskare. Sisten biten og eit eple importerte vi til USA utan trøbbel med tollvesenet.

Klokka 1125 norsk tid var det avreise frå Gardermoen til New York med Continental. Vi var så lure at vi reserverte seter ved naudutgangen så vi hadde mykje rom å strekke dei lange beina våre på.
I løpet av dei 8 timane på flyet blei vi servert kyllingmiddag, snacks og mykje vatn (eller anna væske om ein ville). Vi såg The Incredibles og Wolverine.

I New York var det overskya, men du kan skimte Empire State Building i bakgrunnen om du ser godt etter!
Her fekk vi, som nevnt under, problemer i passkontrollen slik at vi ikkje rakk flyet vår som skulle gå 1525 lokal tid, men med litt flaks fekk vi kapra til oss to seter på siste fly kl 1815 lokal tid.
Fekk også 8 $ kvar i matpengar som plaster på såret ;) For dei blei det amerikansk fastfood, litt diverse drikker og ein liten pakke potetgull!
Kl 0015 norsk tid reiste vi altså frå New York og ankom hotellet vårt i Los Angeles kl 1030 (00.30 lokal tid).
Clarion Hotel viste seg til å vere eit ganske fint hotell, rett ved siden av IKEA.Speed Shuttle sjåføren vår var litt skeptisk på adressa, for han visste ikkje kvar "Fårente Statr" var...Betalte 35$(214NOK) for kjøringa, fra flyplassen og heilt til døra på hotellet. Berre litt meir enn en norsk flybuss:)
No får vi ta natta og prøve å snu døgnet litt!
Posted by Picasa

America!


tirsdag 18. august 2009

The Big Apple

Vel framme i Newark (NY), etter 2 timar i passkontroll. Det vart kluss med studentvisumet som ikkje er gyldig og som vi heller ikkje skulle bruke i dag. Homeland Security vakta misforstod nok, og sendte oss ned i kjellaren til avhør. Etter eit par "please sit down and wait" fekk vi vite at flyselskapet bar all risiko og måtte finne ein ny avgang til oss. Bagasjen sto i ankomsthallen, godt bevokta av amerikanere med både pistol og kølle (sa dei iallfall, seinare berre plukka vi den opp utan eit einaste spørsmål frå nokon).
Flyet til LAX går 6.15 lokal tid, altså om 1,5 timar, ca 00.15 i Norge. Framme ca 10pm, eller 22.00 som vi seier heime. I Norge er klokka blitt rundt 07.00 før vi får lagt oss.