søndag 30. august 2009

Her har Christopher funnet seg godt tilrette som innehaver av to flotte bilar ein Lincoln Towncar og ein Buick :) Amerikansk drøm? Kanskje, men den varte ikkje lenge. Laurdag gjekk turen til Burbank for å levere tilbake kvitegliset.
Man kan trist meddele for Jill Alice sin del at det ikkje er noko fungerande Air Condition anlegg i Buicken sidan den mangler gassen Freon som vi ikkje får "innstallert" før mandag. Det blei derfor ein varm tur nedover Freeway-en med full lufting gjennom vindu framme og bak. Det var ein bråkete, luftig, varm og støvete tur. Bilen såg nok meir skitten ut etter turen enn før vi vaska den i går.
Vi var iallefall heldige med vêret. På det varmaste kunne Christopher i sin airkondisjonerte bil lese av utetemperaturen til 108º Fahrenheit, som tilsvarer litt over 42º Celsius. Jill Alice såg ut som ei kokt krabbe, når vi endeleg kom fram til Burbank.

IKEA låg ikkje så langt ifrå der vi skulle levere bilen så vi tok oss ein tur for å kjøpe inn nødvendig utstyr til huset. Etter eit par timar var begge lei av alt kaoset og var glade for endelig å ha betalt den fulle korga og kunne ta ei kaffi/brus/pølse pause på IKEA food.

Det var mørkt når vi kjørte opp igjen til Santa Barbara så det vart heldigvis litt svalare i bilen. Vel framme i Goleta (Isla Vista) svippa Christopher innom Home Depot for å oppgradere sikkerheitsnivået på leiligheita. Vi kjøpte ein hengelås til garasja og ei stor og ei lita lommelykt. Var iallefall ein som var godt nøgd med den nye lommelykta ;)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar