Fredag var det biljakt som var målet, men av dei 5 butikkane vi hadde på kartet var det 3 som ikkje var å finne, ein som solgte lastebilar og ein som solgte limosiner. Som plaster på såret etter mykje vandring og lite hell gjekk vi inn på IKEA for å sjå om sortimentet var det samme i LA som i Trondheim. Vi kan konkludere med at det er stort sett det samme, men litt større kjøkken og stor gassovn er førstevalget. På IKEA Food kjøpte vi oss to pølser og satte oss ned for å kvile beina.

På nabobordet traff vi på ei hyggeleg svensk dame på 97 år som elska kjøttboller. Reisefølget var Inger på 70 år og ho jobba på Sjømannskirka i San Pedro. Ho ville ta oss med til Sjømannskirka så kunne vi få snakke med presten for han hadde peiling på bilar. Som dei fleste eldre damer var ho veldig bekymra for alt å det hjalp vel ikkje på at vi satt der uten nokon planar og var tenkt å reise til Mexico dagen etter. Noko ho meinte var alt for farleg for oss..
Vi var vel på sjømannskirka i en times tid, før vi tok ein tur ned til havna i San Pedro. Der var ikkje så mykje å sjå, anna enn eit sjøfartsmuseum og fontener som spelte musikk.. På veg tilbake vart vi tv-intervjua om kva det ville betydd for San Pedro å lage ein strandpromenade.
Etter 3 dagar med mykje inntrykk og trasking var iallefall Jill Alice heilt skutt, og sovna setande i 9 tida.
PS: Trykk på bileta for å få dei i større format.
Kor det gjekk med bilen til slutt da?
SvarSlettSyns dåkke bynne å få skikkelig Hollywoodlook allereie :) Takk for at dåkke deler historier og bilete med oss - artig å lese! Stor klem
Hei.
SvarSlettSpennande å lese om ka dokke opplever. Får nesten litt reiselyst av det! Take care!