På amerikanske finn.no, craigslist, dukka det opp ein billeg Buick -87 Estate 305cui V8 tilsalgs like ved motellet vårt.
Lincoln skal leverast inn laurdag ettermiddag, vi slo til for på Buicken på 800$, ferdig med skilt 912$.
Vi hadde også tinga på ei queensize madrass for 45$. Christopher si evige tru på stasjonsvogner kom til nytte igjen, vi klarte akkurat å skvise senga inn i nybilen.
5.15 pm signerte vi papira hos Hilary Management, og fekk nøklane på vårt nye hus. Ho var ganske fornøgd med at nokon endeleg skulle flytte inn sidan det hadde vore mykje tull med innbrudd i dette huset. Eit par dagar tidlegare hadde nokon leika seg med brannslukkningsapparat i heile underetasjen - kvitt pulver overalt. Huset var heldigvis nyvaska og fin når vi kom på kvelden.

Seinare begynte vi å vaske bilen, dei to skitne klutane på biletet har vaska innsida på framdørene og dashbordet. Heilt ekstremt. Dermed blir det ein tur til vaskehallen der dei mexicanerane vasker heile bilen innvendig for 20-30 $, då slepp også vi å finne oss ein støvsugar med det første.
Så var det klart for den første natta i eit stort hus aleine. Trudde nok den skulle bli ein noko meir behageleg.
Kl 4 på natta vokna vi av masse bråk og banking. Sidan det er eit nytt hus og nytt nabolag var det vanskelig å forstå kvar lyden kom frå, men då kjøkken døra (skyve-glass-dør) gikk opp og vinden tok tak i persiennene skjønte vi at nokon faktisk var i huset!
Som på film måtte mannen i huset gå å sjå kva det var. Christopher reiv opp soveromsdøra og brølte ut for å skremme den eventuelle inntrengaren. I mørkret og nærsynt -3 på begge augene såg han ein liten person springe ut same veg som han kom.
Begge satt no med hjartet i halsen og eit høgt ufrivilleg adrenalinnivå. Kva skjedde no? Kva gjer vi no? Kvifor braut han seg inn gjennom gjerdet? Mange spørsmål raste gjennom hovudet.
Vi prøvde å roe oss ned og la oss igjen då ein haug med lommelykter svirra omkring huset, begge sprang ut på stua igjen, rett mot dei sveipande lysa. Plutseleg, uten å seie noko som vi høyrde, stod politiet i samme opninga som innbrytaren hadde brukt.
Dei trudde nok også at huset stod tomt, og skremte iallefall meg til tusen. Mest truleg har naboen høyrt bråket og ringt 911.
Som gode nordmenn slo vi raskt fra oss tanken på å ringe politiet for å få høyre at dei ikkje kunne prioritere slike småting, men vi kunne kome på mandag mellom 11.30 og 13.15 for anmeldede forholdet.
Håper husverten er å få tak, slik at dei får fikse gjerdet og låsen.
Det går fint med oss no, så det er ingenting å bekymre seg over, men ein vert litt ekstra på vakt når det skjer slike ting. Vi har funne fleire utelys som skal få seg ny pæra og ein brytar i «On». Går vel eit par dagar før eg sluttar å bli skremt av alle smålydar rundt meg.
Ha ei fortsatt god helg alle saman :)
Nei å nei, innbruddstjuva første natta!!? Huff da :S Men godt dåkke he fått en plass å bo ihvertfall, kjekt og sosialt me hus! Plass til Norges besøk mæ då ;)Ej set her å drømme mej vekk, bort til usa, so fortsett me dei flotte innlegga!! Kjekt å sjå ka dåkke driv me der borte :) Ha ei spennande helg videre ;)Stor klem fra Sandra
SvarSlett