tirsdag 25. august 2009

Første møte med Santa Barbara


Vi har flytta oss nordover til Santa Barbara - plassen vi skal kalle heime i omlag 10 månader. Turen oppover gjekk ganske greit, kjem ein seg rett veg(west) på freeway 101 er det rett fram i ein god time. Før vi forlot LA møtte vi eit gravfølge som hadde med seg heile 3 eller 4 motorsykkelpoliti for å halde igjen trafikken. Vi vart ståande over minst 2 grøne lys før alle var passert, ein får stadig bekrefta klisjéen om at alt er større i Amerika.



Santa Barbara ser ut til å vere ein utprega turistby, litt det same som vi opplevde i Hollywood og San Diego. Her er rikeleg utvalg av organiserte turar, det summar i ulike språk rundt oss, maten er litt dyrare og her er mange som spør etter ein dollar. Det roar seg sikkert litt utover hausten når den amerikanske ferien er over.

Uansett tek vi sikte på å bu ute med universitetet som ligg 10-20 minutts køyring frå sentrum, i studentomårdet Isla Visa eller Goleta og ikkje inne i bysentrum.

Husverten er den første som har sagt at det ikkje skal vere noko problem å finne noko no, sidan skulen fortsatt har ferie. Vi har satt ein dag eller to til å sjå om han har rett.

1 kommentar:

  1. Velkommen heim da på en måte=)
    Ser kjekt ut å fare på road trip å oppleve andre plassa:) Savna d:)
    Ser no flott ut i Santa Barbra da=) Heilt knall! Håpe d bli besøk på oss:) KOS

    SvarSlett