
Sidan vi utsatte Mexico-turen til søndag , og vart det enda ein dag i LA. Vi hadde lyst å kjøre bil til San Diego og trikken ned til grensa. Etter nokre rundar på internettet fant Christopher heldigvis ein Rent A Wreck forhandlar i Burbank/North Hollywood. Ingen informasjon å finne om hverken biltype eller pris og sidan vi ikkje hadde nokon andre planar tok vi turen opp dit.
På vegen opp stoppa vi ved nokre smekre bilar på hos ein Ford selgar. Då vi sto å filma ein Shelby GT, kom ein selgar nesten springande mot oss. Istanden for å seie at det var filming forbudt, slik Jill Alice trudde han skulle, oppfordra han oss til å filme. Vi kunne også få filme inni bilane om vi ville. "I´m so bored... Do you wanna testdrive a Mustang?" sa han plutseleg, og klart seier vi ikkje nei til det! Dermed blei det Mustang GT V8 300hk råning rundt i North-Hollywood, med mykje turtall og praktisk erfaring med Newtons lover på kvar strekning.

Jakta på Rent A Wreck forhandlaren fortsatte og etter å ha gått langt og lenge i sikkert 30º kom vi endeleg fram. I området var det ein rekke bilforhandlarar, sjølvsagt var mykje stengt når vi endeleg kom fram, men ein strøken Buick Station Wagon med berre 80' miles på tellaren fekk vi prøvesitte. Mexicaner-mekanikeren som var til stades ante ingenting om pris eller noko, så vi må snakke med sjefen for meir info.
Ekspeditøren på RentAWreck hadde mange bilar tilgjengeleg og valget havna på ein kvit Lincoln 1995 modell Town Car Roadster med takluke,ac, elektrisk ditt og datt++, digitalt kompass og rett motor(v8). Sidan vi var norske, men utan kalifornisk driving license, fekk vi "local price" på forsikring og større bil for same pris. Leige for 1 veke = $216.

Då var det berre å sette seg tilrette i godstolen og kaste seg inn på 14-felts freeway. Jamvel om vegen er brei, er stien som fører deg av og på, smal og den kjem brått - men vi kom oss no heim.
He søte å homra å hatt høgtlesing t an Frank no... D e nestn so ej e i USA'n attme dåkke! Såg ut som om Chris va ganske so nøgd me biln ja ;) Reine amerikanerane dåkke no..hehe..
SvarSlettHay:) Ka sjefsbil.... trudde ikkje det va sånn en student-bil skulle sjå ut. tut og kjøyr..... du får berre henge dej ut gjennom vindauge og rope "shift lane......" det var det astri og tanja gjorde "over there".utruleg bra .. va nesten so ej følte ej prøvesatt han, bilen ja..klem Linda
SvarSlettEr dessverre berre ein leigebil som vi skal ha ei veke, men vi storkosar oss så lenge det vare. Christopher gliste iallefall som om han ha pakka opp ei diger julegåve ;)
SvarSlett