tirsdag 29. desember 2009

Mojave ørkenen

Kjører no gjennom lange strekninger med ørken på veg til Vegas!
Vêret er flott og stemninga i bilen på topp :) gleder oss til å
kjøre inn i Las Vegas etter at mørket har lagt seg!

mandag 28. desember 2009

NBA basketball kamp

Etter ein heil dag med shopping i San Francisco sine gater tok vi
turen til Oakland for å heie på Golden State Warriors! Dei møtte
Boston Celtics, og det blei ein spennande og underhaldande kamp frå
start til slutt! Warriors låg langt under i første quarter, men kom
hardt tilbake og vant tilslutt 103 - 99 :) kjekt!
No går turen til Fresno; der skal vi overnatte og lade batteri klar
til Outlet shopping og Las Vegas i morgon :)

lørdag 26. desember 2009

På veg til San Francisco

Vi har hatt to rolige dagar i huset vårt i Abrego Road og hatt ei
koselig julefering! Idag, 2. Juledag, er bilen fullpakka og vi er på
vei til San Francisco! Vi kjører langs den berømte Pacific Coast
Highway. Flott kystlinje, sjølv om vêret ikkje er heilt på topp i
dag :)

onsdag 23. desember 2009

Merry Christmas

Då var plutseleg lille-julaftan over for i år og vi har fått husrom til alle våre 5 familiegjestar i huset! Etter ein dag på Universal Studios i Hollywood og ein dag med shopping i Beverly Hills, satte vi kursen mot Santa Barbara. Vi skal feire julaftan her i huset vårt, før vi sett kursen mot San Francisco om nokre dagar!

Vi vil gjerne ynskje alle ei riktig god jul og vi håper at det blir ei fin romjul med masse kos, familie og vener :)

På Mailbu Beach ved solnedgang, "The golden hour"!

Juleklem frå Jill Alice & Christopher i California ♥

søndag 20. desember 2009

Ny bil! Full-size Ford Van

Då har vi fornya bilparken med ein Ford. I gamle dagar var det helligbrøde å gå fra GM(Buick) til Ford som vi har gjort–det var Ford familiar og GM familiar og dette skulle gå i arv. Heldigvis er vi ikkje blitt veldig amerikaniserte og tek den børa lett.
Bilen er ein 1999 modell Econoline. Den har 4 captains chair, og ein benk atti som lar seg slå ned til seng (med å trykke på ein knapp sjølvsagt). Totalt plass til 7, like mange som vi blir på tur i jula. Flaks!
Selgeren var Joe the Towman, han hadde kjøpt den frå tollvesenet som hadde beslaglagt den under et forsøk på å smugle mexicanarar over grensa. I tillegg har den Salvaged title, som betyr at den har vore krasja...eit rulleblad det er vanskelig å slå. Sikkert derfor Joe gav oss bilen til ein pris langt under første prisantydning.
Bilen er levert med minste motor alternativ, ein Triton 4.6L V8 som skal yte rundt 225hk. Den hadde nok tålt 100hestar til, men dei 4000 lbs-a flyttar seg nokså greit.

Jill fekk i oppgave å ta stasen heimover, Christopher måtte ta til takke med Buicken som høyrest ut som den er døden nær om dagen. Den har fått ein ufin tikkelyd under panseret, vi var nesten litt i tvil om den ville klare dei 209 milesa frå San Diego til Isla Vista.

Veldig mange har anbefalt å ta kjøpe GM sin GMC/Chevy Van, men Ford er den som er mest solgt og den kan då ikkje vere så dårlig?

Utflukt til LA

Santa Barbara, eller meir presist Isla Vista som vi bur i, er omlag 1.5-2 timar nord for Los Angeles. Kjøreturen sørover på fwy 101 med 3-4 felt i kvar retning er etterkvart dagligdags, men fortsatt ikkje med same kjensle som eksportvegen E-136 til Dombås



Først av alt så gruar vi oss til den lange bakken(bilde over) på vegen opp mot Thousand Oaks. Buicken har ikkje sansen for lange bratte bakkar, til tross for ein motor på 5.0L og 180 forgassar hestekrefter. Når 25m lange vogntog passerar deg i venstrefila, er det lov å verte litt flau...

Denne gongen prøvde vi ein ny teknikk, tving automatkassa i 2.gir tidlig, fôr dei 8 sylindrande maksimalt med gassen i bånn. Dei smile nok heilt opp i ledelsen i Shell, som Øystein Sunde syng.

Utgangshastigheita på toppen av bakken var overraskande nærmare 70km/t denne gongen mot rundt 30km/t tidligare.

Rett etter Thousand Oaks nærmar ein seg West Hollywood, der har dei heilt andre behov for å kome seg fra A til B:



Med eingong ein køyrer litt utanfor freewayen og inn i boligfelta, finn vi det nordmenn ser på som erkeamerikansk kultur. Her er eit jule-eksempel frå West Covina, sør-øst for LA:



Vi overnatta (nok ein gong) rett ved sida av Ikea, og fortsatte turen nedover mot San Diego laurdag morgon.

onsdag 16. desember 2009

Dekorert huset med julelys!

I sommer gjorde vi eit kupp av dei få på yardsale: Ei stor kasse med julelys og ein 9' oppblåsbar nisse til berre $15!!

Søndag opna vi lyskassa og tok fatt på arbeidet mot entropien. Vi løyste floka, sorterte og sjekka kva som faktisk fungerte. Dei fleste var i god form, men tok litt tid å finne dei få pærene som var gåen og bytte dei ut!

Etter nokre timar var det endelig tid for å henge det opp, vi har sjølvsagt sett både på tv og film korleis amerikanarane gjer dette! Karane var skjøtte jobben godt, og vi blei ferdige akkurat til nattemørket kom rundt kl halv 6.
Sjå for eit flott inngangsparti!!

Ein liten filmsnutt av det nyleg dekorerte huset, tatt frå bilen:



Juleverkstad - Pepperkakehus

I går bretta vi opp armane og snekra saman eit amerikansk pepperkake/gingerbread-hus med Ashley som amerikansk konsulent. Sidan her ikkje finst vanlig norsk sirup brukte vi molasses, eit biprodukt fra sukkerproduksjon(≈ sirup), men det har kanskje ein litt anna smak enn kva vi er vant til. Pepperkakene vart iallfall bra, smakte litt som kjøpe-pepperkake!
Seigemannen og NonStop måtte vi bytt ut med Sour Patches og M&M's!

Her er resultatet med lys inne i stua. Inne i huset er det også ein sofa laga av Ashley, men den glømte vi å ta bilete av.. Kul garasjeport? ;)



Litt bilete frå bake, lime og pynte prosessen!


Det ferdige huset! Bilete frå alle vinklar med alle dei detaljane.Vi hadde det no iallefall kjekt på mini-juleverkstad!

Litt vanskeleg å sjå men på taket står det «Merry Christmas»(t.v.)og «God Jul»( t.h) :)

fredag 11. desember 2009

Ingen julemusikk?

He du fått denne meldinga på Playlisten min?
"
Due to licensing restrictions, some tracks are currently unavailable for playing in your country"

Har fått tilbake melding frå nokon at den har dukka opp, og synest dette var merkelig..Vist ingen i Noreg høyrer musikken er det vel ingen vits i at eg har musikk på sida mi og dette er i så fall frykteleg irriterande då eg ville dele denne musikken med deg og gi deg ei god julestemning :)

Gi eit pip om du ikkje høyrer musikken er du snild..og gjerne vist du høyrer den også!
Takk :)

onsdag 9. desember 2009

Mandarin vs. Klementin

Sitat Wikipedia:
"Stort sett all småsitrus som spises i Norge er klementiner. Det er fortsatt noen som feilaktig bruker betegnelsen «mandarin», selv om den ekte mandarinen ble borte fra det norske markedet på 90-tallet."

Har derfor lenge lurt på kva forskjellen er mellom desse to sitrusfruktene og derfor passa deg meg bra at Albertson (daglegvare butikk) solgte både klementiner (clementines) og mandariner (tangerines).

Det første som slo meg var at mandarinen var mykje større enn klementinen, men dette kan sjølvsagt berre ver tilfeldig. Vel heimkomen var det klart for smaksprøve: Klementinen var akkurat som klementin/«mandarin» som vi er vant med heime i Noreg, den var søt og mild. Mandarinen derimot hadde mykje mørkare oransjfarge og ein meir syrlig smak.

På biletet kan du sjå klementinen til venstre og mandarinen til høgre!

På grunn av den syrlige smaken (blanding av sitron og appelsin), må eg seie at eg absolutt føretrekker klementinen som favorittfrukt i desse juletider!
Så frå no av må eg nok lære meg å seie klementin i staden for mandarin..

søndag 6. desember 2009

Meiningsmåling

Har pynta litt ekstra på bloggen vår no som jula nærma seg og fann ut at det kunne vere morosamt med julemusikk på sida. Er ikkje alle som likar at det blir spelt av musikk, og iallefall ikkje når det startar automatisk. Har derfor satt opp ei lita meiningsmåling så vi kan få vete kva du som lesar syns om musikken :) Vote i veg!

Legg også gjerne igjen ein kommentar og fortel oss kva som er favoritt julesongen din? :)
Min favoritt er "Celine Dion - The Christmas Song". Den gir meg ein slik stemningsfylt varme kvar gong eg høyrer den. Drømmer meg bort i sofakroken under eit godt og varmt teppe og ser på kor flammane leikar seg i vedomnen. Juletreet i stovekroken glitrar av lys og utanfor vindauget kan eg sjå snøvflaka dale sakte ned! Koseleg ♥

Stor førjulsklem frå Jill Alice!

lørdag 5. desember 2009

Post frå Noreg!!

Jippi!! PAKKE!!
I dag kom det ein hyggeleg postmann og overleverte ein stor pakke adressert til MEG! Eg forta meg og opne den store pakken for å sjå kva som var inni...


To stykk Julekalendera (ein til meg og ein til Christopher), ein Svarteper-kortstokk og eit koseleg brev frå Judith Malen!! Tusen, tusen takk!
Det var ein perfekt pakke og eg smilte frå øyre til øyre! (Gjer det fortsatt og kjem til å gjer det kvar dag eg er så heldig å få opne ei luke!)
Glad i deg, søta mi! ♥

Vi har også vore heldig og fått fin post frå Julie, mamma og Birgitte!! Tusen takk!
Det er superkjekt å få pakke i posten! Blir sjølvsagt veldig glad for alle kommentarar og telefonar 0gså, men det litt ekstra stas når det kjem noko anna i postkassa enn rekningar! ;)

Dette var iallefall ein flott start på mi eksamens-lese-helg!

Ha ei fin helg alle sammen!
Stor klem frå Jill Alice!

fredag 4. desember 2009

Eg elsker jul!!

Sjølv om sola skin og landskapet absolutt ikkje minner meg om jul, prøvar eg på mitt beste å skape julestemning. Innimellom leksene har eg tatt meg litt fri og laga diverse julepynt til rommet, hørt på julemusikk og ete mandarin! Har også laga ein liten julekalender med pakker til oss :D

Julepynt på rommet vårt! Pakkane i vindauget er julekalenderen :)

Merkar jula nærmar seg med stormskritt og det er så mykje eg har lyst til, som for eksempel å bake julekaker, kjøpe juletre og pynte det, henge opp julelys på huset, kjøpe julegåver, lage julekort. Det byrjar også å bli farlig seint å sende pakker og kort til Norge skal vi rekke det før jul... ikkje bra...
Julecollage laga av gavepapir ;)

Christopher ristar på hovudet over alt julestyret mitt, men så lenge eg koser meg er vel han òg fornøgd ;) Eg prøver iallefall å kose meg så masse eg kan ♥ ♥

torsdag 3. desember 2009

Weekend i San Francisco

Denne helga var vi på tur til San Francisco for å delta på juleballet arrangert av ANSA.
Fredags morgon kl 0700 var vi på veg opp Fwy 101 i ein liten grå Mustang Cabriolet.. 3 personar i bilen var absolutt grensa, då bagasjen tok resten av plassen. Eg satt i baksetet med beina fram til Christopher i framsetet. Ein fin bil for små menneske sei no eg.



Etter 6 1/2 time var vi framme og tok oss då ein tur bort til Golden Gate Bridge. Skulle eigentleg stoppe på ein utkikksplass rett før brua, men på grunn av dårlig kommunikasjon mellom kartleser og bilførar enda vi på vegen over brua. Det vil sei at vi måtte betale bompengar...
Ikkje det klaraste vêret akkurat når vi kom, men det klarna opp etterkvart :)



På kvelden var vi å såg på julegrantenning på Union Square.



Etter ein lang dag med shopping på laurdagen, var det klart for juleball. Alle stilte opp i finstasen, omkring 120 norske studentar, og vi blei servert ein 3-retters middag i luksuriøse lokale. Det var ein koseleg kveld, men kanskje litt i dyraste laget..

Søndag tok vi turen ut på Alcatraz i strålande vêr :) Fin søndagsaktivitet!

tirsdag 1. desember 2009

Lillegullet

Endelig fekk eg eit koseleg bilete på mail frå ein stolt pappa!

Sjå kor flott Beate og lillegutten er ♥
Ser nokre kjente trekk i det søte ansiktet der ja! Nokon andre som ser nokre likskapstrekk?

Gratulerer igjen så mykje! Stor klem frå ei tante som savna dåkke der heime veldig mykje :) Glad i dåkke ♥

mandag 30. november 2009

It's a boy ♥

Kl 20:15 i dag, den 30. november, kom ein stor gut til verda! Etter to veker på overtid kom endeleg beskjeden om at vi har blitt tante og onkel igjen !! Vi er så glad, så glad!!



Gratulerer så mykje med guten, bror og Beate! Så godt at alt gjekk bra og at alle er friske og fine. Gledar oss masse til å sjå bilete av den nyfødde ♥ Skulle også gjerne ha komt og kosa med gullet, men blir vel litt for langt å reise. Kjem heim i juli!! :)

Stor klem frå tante Jill og onkel Christopher i California! ♥

Meatless Monday

Idag er det altså kjøttfri mandag i følge en plakat på campus.

søndag 29. november 2009

fredag 27. november 2009

Golden Gate Bridge

Då var vi endeleg framme i San Francisco etter mange timar på vegen i
ein liten Ford Mustang Convertible.
Første severdighet blei å køyre over Golden Gate Bridge, uten at
det heilt var meininga..;)

onsdag 25. november 2009

Thanksgiving & San Francisco

Torsdag den 26. november er det Thanksgiving feiring her i Amerika. Alle får fri frå skulen torsdag og fredag, og denne helga skal etter tradisjonen feirast med kalkun, familie og venner.


Vi er invitert til mora til Chris (Fig) som bor sør for Los Angeles på Thanksgiving middag så det skal bli veldig spennande! Det blir då ein dagstur med full Buick ned dit på torsdag, før eg, Christopher og Christopher (Little Christopher) sett kursen mot San Francisco fredags morgon i Mustangen.
Denne helga samlast nemlig norske utvekslingsstudentar i San Francisco for å delta på det årlige Juleballet! Vi tre har skaffa oss hotellrom ved Union Square, som ligg like ved hotellet som det beryktede juleballet skal halde stad på laurdagskvelden. Resten av helga blir vel benytta til sightseeing i byen og kanskje litt shopping om gutane er villege ;)

Gledar oss masse til ei helg utan lekser og med masse gøy! :D


Happy Thanksgiving to everyone
from Jill Alice & Christopher ♥

mandag 23. november 2009

Kosekle!

Kveldane her i Santa Barbara er blitt nokså kjølige (ned mot 10-tallet), og det er godt å kunne pakke seg inn i varme, deilige, mjuke kle :)
Sidan eg ikkje tok med meg joggebukse til USA var det absolutt på tide å investere i ei ny, etterlengta kosebukse! Har også gått å små speida på alle dei flotte UCSB genserane dei har på skulen, og endeleg fekk eg tid til å ta med meg ein haug inn på prøverommet!


Her ser du resultatet etter ei god stund med prøving av ulike genserar og bukser!
Såg ikkje dei gode ut vel?

Klem Jill Alice ♥

Panting av flasker og bokser

Omlag ein månad tilbake i tid bestemte vi oss for å samle tomgods og etterkvart få levert det inn for gjenvinning. Vi samla på plast- og glasflasker og boksar til den store gullmedaljen, meksikanarane slutta å grave i bosset vårt, og snart var halve garasjen full av svarte 33gallons søppelsekker med diverse. Endeleg ein dag tok vi motet fatt og lempa alt i den altoppslukande 6.4m korte stasjonsvogna vår og drog avgårde til Goleta Recycle Center.


Her finst det nemlig ingen hol i veggen på butikken enda som sluker alt, men eit eige depot. Vel framme fant vi fort ut at all pant måtte sorterast. Grønt, brunt og klart glas i kvar sin dunk, plastflasker (merka ∆1) og boksar i kvar sin behaldar.
Det tok si tid, men det hjelpte på humøret å få skryt av tilfeldige pantarar som synes vi hadde imponerande mykje. Vi fekk ei kjapp innføring frå ein meksikanar om korleis alt skulle gjerast på spansk/kroppsspråk, krydra med litt barneskulenivå engelsk.


Etter sorteringa var det berre å lempe ein og ein dunk opp på vekta, la vektvakta notere mengde, gå til kassa og få utbetalt rundt $1 per pound :)

Ganske enkelt og greit, hadde vi berre vore lure nok til å sorterte alt på første iterasjon... det blir altså neste prosjekt ;)

torsdag 19. november 2009

Dressprøving

Sidan det snart er Thanksgiving og jul må vi ha ein dress i hus! Tok
oss då ein tur ned i sentrum av Santa Barbara for å sjå kva dei har
å by på :)

Ser no flott ut dinna karen ;)

søndag 15. november 2009

American Football

Endelig fekk vihøve til å sjå ein ekte amerikansk fotballkamp i college-ligaen. På bana var det Santa Barbara City College(SBCC) i raudt vs. East L.A. i grønt. Reglane er egentlig ikkje så komplisert, få ballen over på andre sida (end zone). Laget som har ballen får løyse den 4 gongar(downs), og må flytte seg 10 yards( 9,1m) mot end zone på desse 4 forsøka. Ellers trur vi dei mistar ballen...Touch Down på End Zone gir kanskje 6 poeng + 1 bonuspoeng på det obligatoriske sparket på mål etterpå.

Det var også mogleg å få seg ein ihjelsvidd cheesburger og ei boks med julecola for $5:


Kampen begynte 6 PM, og dei spelar 4 x 15min med 15min pause halvegs. På kveldstis kryp gradestokken ned mot 10 talet og det var vi delvis forberedt på, men ikkje at kampen skulle vare i 3 timar...For kvart minutt på kampklokka går det 3 klokkeminutt med diskusjonar, ballhenting og lagbytting, siste 2min15sek tok faktisk 12 minutt å gjennomføre.
Kvart lag har ca 40-50 spelarar, men berre 11 på bana, cheerleader girls, ergometersyklar og ei høveleg stort støtteapparat.

Det er ganske moro når guttane kjem seg på løp og det faktisk er bevegelse på bana, men diverre var det litt lang tid mellom høgdepunkta. Heldigvis har dei med seg heiagjengen som tek over showet når ballspelet uteblir:




Om det blir ein neste gong, vert det iallfall med litt meir klede, sitteunderlag og nokre fleire dollars til å bruke i kiosken som verken tok kort eller sjekk.

tirsdag 10. november 2009

Gull til AaFK


Søndag den 08. nov -09 var det duka for cupfinale mellom nabo rivalane AaFK og MFK! Oslo var kledd i blå og oransje fargar heile helga og trur nok dette var ei oppleving av dei sjeldne for dei som var så heldig å ta del!

Bilete av to kjente karar på Stormen si heimeside!


Trass i 9 timar tids forskjell skulle kampen bli sett også her i California. Kl 0400 ringte vekkarklokka og det var berre å kave seg opp i setande stilling og prøve å få inn kampen på webTv. Vi kjøpte vekes pass på TV2Sumo og det fungerte heilt supert :)




Etter ein utruleg underhaldande kamp, med utvising, ekstraomgangar og straffespark, enda den historiske kampen med seier til Aalesunds FK!!!!! Så klokka 0700 på søndagsmorgonen satt eg og ropte og hoya, i ekstase fordi AaFK klarte å få GULL!

Heia AaFK ♥

søndag 8. november 2009

Farsdag!

Gratulerer so mykje med farsdagen pappa :) Du e den beste pappaen i heile verda! Takk for at du er så hjelpsam og støttande i alt nytt vi ungane skal prøve oss på! Du er flink å engasjere deg og seier aldri nei til å prøve deg på nye utfordringar.
Håper du får ein koseleg dag saman med familien. Reknar med det blir selskap og moro på Flem med heile gjengen!

Biletet er tatt i Geiranger der pappa har fått med seg heile familien på fjelltur til Storseterfossen! 
Takk, det var ein flott tur, ei flott helg og du e en flott pappa :)
Klem frå Jill Alice

Gratulerer med dagen Leon!!

I dag har nevøen min Leon bursdag og han fyller heile 4 år! Plutseleg har også du Leon blitt ein stor kar som kan kontrollere tilstanden i Knutgarden ;) Håper du får ein kjempeflott bursdagsfest med heile familien på besøk i dag, med mykje pakkar, kaker og snop! Skulle gjerne ha vore der saman med dåkke..! 
Savnar deg masse lille luring og gledar meg til å sjå deg att! Du er ein go'gut som alltid har eit lure-smil og ei god gjerning på lur!Gla i dej! Klem frå tante Jill Alice og onkel Christopher i California!




Bilete til høgre er tatt i kyrkja under tante Karin sitt bryllaup, medan biletet er tatt heime på Flem i det han hoppa fram fra kassa som "trollet i eska" med supersmilet på plass og fornøgd med å ha skremt ho tante Jill ;)

lørdag 7. november 2009

Kjendis :p


I går kom Emily og Solveig heim med ei liten overrasking. Dei hadde nemleg funne bilete av med i studentavisa "The Bottom Line" frå den Internasjonale festen vi var på for eit par veker sidan.
(Det er kun eit tilfeldig valt bilete, så ikkje noko intervju med meg i teksten nei.. )

torsdag 5. november 2009

Veka derpå..

Etter ei kjekke Halloween-helg med fri og moro, vart det ei veke med mykje å gjere. Arbeidsmengda mi på skulen er noko varierande og ser i lekseboka mi at det blir nokså mykje å gjere dei neste to vekene! Attpå til skulle eg sjølvsagt klare å bli forkjølt etter helga, og var sengeliggande heile tysdag.. keisamt. Mykje tid som kunne vore brukt fornuftig forsvann nok den dagen, men forma er stigande og vi er med godt mot :) Christopher har også mykje å henge fingrane i og brukar mykje av tida si på programmerings-labben på skulen.

Vi har meldt oss på Juleball i San Francisco, laurdag i Thanksgiving-helga. Det skal bli stas å få tatt seg ein tur nordover, og kjekt med noko å glede seg til midt i alle mid-terms, innleveringar og eksamenar som kjem! Til min store overrasking er det berre 6 veker igjen av semesteret. Det er jo ingenting!


Litt sosialt samvær må ein ta seg tid til innimellom, og på søndag for nesten heile huset på kino for å sjå Michael Jackson filmen "This is it" – den siste pengemaskina til Sony.
"Du sat som ein stokk heile førestillinga" sa Christopher når det var over. Det stemmer kanskje fysisk, men eg levde meg ganske inn i alt sceneshowet og var limt fast i lerretet heile filmen. Hadde nesten ikkje tid til å smake på popcornet vi hadde kjøpt!!
Utruleg bra film for vi som liker MJ musikk og eit vel-koreografert sceneshow, var vi einig om båe to!

Jaja, tilbake til leksene.. skal på skulen igjen om ein times tid no. Økonomi, skriving, middag, og så kveldsundervisning i Web applikasjoner frå 6-9. WebApp er et nytt fag som eg startar på idag, så eg er litt spent på kva det går ut på :)

-Jill-

mandag 2. november 2009

Hårkonkurranse 2009

I helga deltok elste søstra mi Linda på hårkonkurransen på Rica Parken i Ålesund. Ho brukte søstra vår Karin og søte niesa mi som hårmodellar i brudekreasjon!
Det blei ingen pall plassering ditte året, men eg synes det var kjempeflott!

Utruleg flenk du søste!!

søndag 1. november 2009

Halloween

I helga har det vore Halloween i Amerika og i Isla Vista var det duka for tre dagar med feiring! Kostymer av alle variantar dukka opp og humøret var på topp!
Torsdag var første dag ut med tur til Tonic i downtown.
(Trykk på bileta for å få dei i stor størrelse)



Fredag gjekk turen til DP, Del Playa som er beach-gata i Isla Vista! Det var det fullpakka av studenter i ulike kostymer :) Litt av eit syn både fredag og laurdag!!




Stort sett alle i huset fekk besøk av venner som studerer i andre byar her i California. Eg og Christopher fekk besøk av Sondre, Torgeir og Vidar frå San Diego! Det var veldig hyggeleg :)
Laurdag var vi på Outback Steakhouse og åt oss stappandes mette!



..og kanskje ein smule intimt på den eine oppblåsbare madrassa vi hadde å tilby ;)


Søndag var, som laurdag, ein strålande fin dag her i Isla Vista!
Etter ein god frukost med pannekaker a'la Christopher tok vi ei runde med Frisbee-golf!


Ellers blei det ein chill dag i sola ute på plattingen før gjestane i bil etter bil tok avskjed med oss i Abrego-huset :)


Tusen takk for ei kjekke Halloween-helg :D

onsdag 28. oktober 2009

Carving pumpkins :)

Tirsdagkveld tok endeleg eg og Ashley oss tid til å skjære ut ansikt i gresskara våre! Vi starta litt i seinaste laget, men humøret og konsentrasjonen var på topp alle 3 timane ;) Ja det tok si tid!
Først skjærer man av toppen av gresskaret, for så å tømme det for alle frø og gugg du finn inni. Det var ingen veldig kjekk jobb, men etterkvart var alt skrapa vekk og det var klart for å skjære.
Vi teipa teikningane på gresskaret og skjærte ut bitane ein etter ein.

Rundt kl 3 på natta var vi endeleg ferdige og begge var godt nøgd med resultatet!

Plasserte så lys i gresskara og satte dei utanfor huset for å sjå kor flotte dei vart! Dei såg utruleg bra ut der dei lyste opp hagen!

Frå ventre; Mitt Bat pumpkin, Ashley sitt Haunted House pumpkin og Fig sitt Scary Face pumpkin!

Nærbilete av mitt og Ashley sitt gresskar!!