tirsdag 1. september 2009

Besøk

I dag kom dei to karane som fungerar som vaktmestera her i huset. Dei er verkeleg hyggelege og vi hadde oss ein time eller to der vi gjekk gjennom alle feil og mangler som måtte fiksast. Trur dei også gjer ei ekstra innsats med tanke på låsing og utelys, sidan vi var så uheldige og fekk besøk første natta.
Dei fekk fylt ut to a4 siden med ting som måtte ordnast så kan tenke meg vi får sjå mykje til dei den neste månaden. Men er jo berre supert det om dei ordnar ut :)
Christopher får også låne litt verktøy med dei til å fikse bilen så dette er absolutt vinn vinn for vår sin del.

Eg derimot prøver å få orden på budsjett og kontrakter med alle mulige "companies". Vi må ordne tv, internett, vatn, strøm og gass sjølv. Eller rettare sagt, vi må sette kontoen som er oppretta for huset i vårt navn og dette er ikkje berre ein liten samtale der man seier navet sitt. For det første må eg gjennom eit 5 min langt avhør med ein automatisk telefonsvarar som skal "ta meg til den rette rådgiveren" og deretter stave navnet mitt 3-4 gongar og forklare at eg ikkje har sosial security number. Det er noko dei ikkje likar.. Deretter må eg få nokon til å faxe alle mulige bevis på at eg er den eg er og at eg kan gå god for avtalen. Fax da du, dei er vist veldig glad i papir her i statane.
Håper iallefall alt kan vere i boks ganske snart.
Fekk endeleg til varmevatnet i går så det var utruleg godt å få tatt seg ein god varm dusj :)

Idag skreiv eg også min første sjekk! Vi må faktisk bruke sjekk her borte. Kven som brukar sjekk i 2009 da?! Har iallefall fått prøvd ut det, så håper det fungerer slik av huseigern blir fornøgd.
Var hos Wells Fargo å oppretta konto i går. Ein for huset og ein for oss. Den for huset skal vi ha pengar for utilities, husleige, depositum, fellesutgifter og ellers andre ting man treng pengar til i eit fellesskap. Håper det blir ei god løsning!

1 kommentar:

  1. D e no dritkult me sjekk då!! "Should I write you a check?"

    SvarSlett