søndag 13. september 2009

6767 byrjar å ta form

Dei siste dagane har det tatt seg opp med både antall folk og møblar i huset. Per Christian kom for snart 1 1/2 veke sidan, og tirsdag sto ein ny Christopher på døra. Sidan «Per» er eit litt trasig namn på amerikansk har Per Christian presantert seg som Chris; Vi er altså Chris, Christopher, Christopher og Jill.
Onsdagen kom roadtrip-gutta Sondre, Torgeir og Vidar innom ein tur på besøk. Dei er også frå NTNU og skal ta eit år i San Diego på UCSD. Vi brukte kvelden først på Chili's som såvidt godtok norsk førarkort og pass som ID:
Innehaveren: - If you guys give me any trouble, I swear, I'm gonna hunt ya all down and kill you.
Vi: Ehe..
Alle var enig om at han faktisk ikkje tulla. Strafferamma for å servere mindreårige er visstnok:
$1000 fine til butikken og miste bevilgning.
$250 til selger og miste jobben og 24-32 timar samfunnstjeneste.
$250 til kjøper, og samfunnstjeneste.

«Woodstock» hadde onsdagskveld eit tibud med $5 for første pils, $1 for påfyll. Eller singel for $2.50.
Som grafen viser var dette god butikk for oss allereie etter 3 rundar. Ingen hadde fått med seg at tilbudet gikk ut 11.30pm...og heller ikkje at baren stengte ein halv time etter. Her borte stenger det meste av serveringsstader tydlegvis tidlig.

Torsdagsmorgon sikta roadtrip besøket seg i retning San Fransisco, men først var dei så snilde å hjelpte oss med å flytte steinen på plenen vår. Er nokon som likar å kjøre litt på kanten av plenen kvar gong dei kjem inn, så no skal nok steinen sette ein stopper for det! Takk for hjelpa :)


I morgon blir det tur til Six Flags Magic Mountain! Gledar oss masse :)

1 kommentar:

  1. Spennande å følgje med på kva som skjer der borte med dåkke :) D e so bra at nåkken e ute og reiser, og blogger om det, so ej kan drøyme mej vekk og vere bittelitt misunnelig på dåkke.. Kos dåkke masse!!!

    SvarSlett