lørdag 19. september 2009

Veke 38 oppsummering

Denne veka har det flytta inn tre nye personar i huset. To jenter frå Noreg og ein kar frå Alaska:) K-Mart var første stopp for jentene der vi fylte opp handlevogna til randen. I tillegg til handdukar, sengetøy og slikt kjøpte vi eit sett med skap til å ha på kjøkkenet sidan vi fryktar det kan bli lite med skapplass når det skal bu 10 personar her. Dermed hadde vi noko å leike oss med den kvelden :)

Christopher har også blitt langhåra sidan forrige klipp i august, så det var på tide å leite fram frisørsaksene :)

Ein eller annan i 2. etasjen hadde klart å låse baderomsdøra frå innsida medan alle var ute..Freddy tok jobben med å krype inn det 40cm store åpninga frå taket..



På kvelden inviterte vår nye room mate oss på fest og vi hadde då eit lite forspel heime først der vi lærte oss reglane til «Beerpong»! Det vart også tid for å prøve ut dei nye margarita glasa vi fekk(gratis!) på eit garasjesalg forrige helg.


Laurdag er dagen for å gjere kupp på garasje/hage-salg og vi var sjølvsagt på plass for tredje helg på rad! I første hagen sto ein flott Beach Cruiser og venta på Christopher. Selgaren skulle ha $30 og fekk solgt den på flekken. Ein nesten ubrukt sykkel for berre 30 $ er eit røvarkjøp utan like, sidan det kostar omkring 120 - 200 $ for ein ny, og nesten like mykje brukt.


Dagens pakke i posten: Startsett for Frisbee Golf(ekte Frisbee fra Wham-O). Måtte sjølvsagt ut på bana nedom huset vårt å prøve ut dei nye sendeplatene. Det var ganske vanskeleg, men veldig morosamt. Treng nok litt meir trening og litt teori frå den medfølgande DVD-en.

Prøvetur med den nye sykkelen:

2 kommentarer:

  1. Ej må nestn bæræ besøke dåkke asso! Dåkke he d so kjekt!

    SvarSlett
  2. Berre å kome! Luftmadrassa e klar ;)

    SvarSlett