mandag 14. september 2009

Six Flags Magic Mountain

Søndag tok vi turen ned/bort til Six Flags parken nord for Los Angeles. Det var ca 1 time og 20 min å kjøre frå Isla Vista og sidan Christopher har fått fiksa cruise-kontrollen, gjekk bilen som ei kule på Freeway 101 og vidare på Highway 126. Den er ein del flinkare å styre motor og gear når den får full kontroll over seg sjølv..Flink bil, den venta til og med med å la drivreima til klimaanlegget slitne til vi akkurat var komen heim i oppkjørselen!
Vel framme i parken var det berre å starte i ein ende. Berg-og-dalbane er det dei har satsa mest på, i alle variantar og tema - frå Supermann til Terminator.

Sondre og San Diego IndØker-ane var dei som tok initiativet, og hadde allereie vore på plass ein time før det opna. Etter litt leiting, ringing og springing klarte vi å vere på same stad til same tid. Er visst ikkje så lett å vente når ein har altfor mange spanande attraksjonar som berre må prøvast ;)
Vi fekk prøvd ein del baner og det var stor variasjon, den aller beste var utan tvil X2!! Seta snurra 360 grader og det var spenning og overraskelse frå start til stopp.
Colossus-bana er nok mest kjent frå introen til den velbrukte TvNorge reprise-på-reprise serien Steg-for-steg. Vi tok sjølvsagt ein prøvetur med fotovideokamera ;) Skuffande nok ligg ikkje parken ved sjøen som på serien, og alderen (opna 1978) har satt sine spor på den godt brukte trekonstruksjonen. Fallet her er ca 30m, men det var nok all ristinga og skvaldringa vert hugsa best.

Sidan vi kjøpte oss sesongkort på parken sparer vi nokre av banene til neste gong vi skal hit.
6 timar i berg-og-dalbane er akkurat passeleg for ein søndag :) Det var suuuuper artig dag, og vi gleder oss til neste gong!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar