Sidan vi flytta inn i det nye huset har nok mykje tid blitt tilbrakt på golvet med våre to datamaskiner. Konstant på søk etter billege møbler og husfyll.. Kan trygt seie at vi har begynt å gå opp for idear på mulige setestillingar og er klare for ein sofa eller to. Ingen tvil om kva vi skal i helga...GARAGE SALE!

I dag fekk vi også inn ein ny room mate; Per Christian blei godt motatt av vifter, støv og bråk. Som du kan sjå på biletet øverst til venstre er huset vårt fullt av laken som fungerer som gangvegar for vedlikehold/oppussings-teamet. Det er som å bu på eit verksted og til tider skulle ein ha hatt hørselvern, men vi håpar det verdt det tilslutt! Dei gjer ei grundig og god jobb, og flott blir det!
Vi var idag ute å handla seng til Per Christian på Mattress Mike, laken og pizza på K-Mart og deretter ein trasketur ned på stranda. Ganske flott utsikt utover Stillehavet i solnedgangen.
Vi var også ein tur til Cox, internettleverandøren, og der var dei sjølvsagt kun velvillige å hjelpe dersom vi hadde riktig legimitasjon. Nok ein gong hadde vi ikkje med passet vårt, sidan vi ikkje likar å bere med oss dette overalt. Så det var litt nedtur, særlig fordi vi veit at å gå på slike plassar uten pass eller SSN (Social Security Number) er håplaust. Ho sa også at det kunne gå opptil 2 veker å få det innstallert... Så då får vi berre fortsette å snylte på den ukjente naboen sittopne nettverk. Aldri god dekning, men ein skal vel vere fornøgd med det lille vi får :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar