I dag var vi på DMV og fiksa ID-kort som vil gjere kvardagen vår her i USA litt enklare. Håper vi slepp ein del skeptiske blikk når vi viser fram norsk førarkort/bankkort som ikkje har med høgd, vekt, hår og auge-farge++. Bankkort er uansett ikkje populært sidan det er utsendt frå ein privat institusjon. Passet har vore einaste dugandes papir, og det vil vi helst ikkje ha med overalt.
I same slengen søkte vi også på førarkort for bil og motorsykkel($28 + $6 oppkjøring). Lite visste vi om korleis ting fungerte, og plutseleg sto vi med kvar vår teoriprøve i handa. Hadde ikkje lest på noko teori og håpet var at det meste er som i Noreg...
Er det f.eks lov å røyke i bilen i California med passasjerar under 18 år tilstades?
Vi fekk to ulike testar og Christopher var den einaste som gjekk klar på bilprøva. Motorsykkel lyt bli til ein annan dag :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar