
Idag vart det endelig tid til å kjenne på Stillehavet, temperaturen var visst rundt 20º i vatnet, og mellom 25º og 30º på land. Denne stranda ligg nokre kvartal unna huset(A på kartet) vårt, og det er sandstrand i ordets rette fortstand. Det er finfin sand som sluttar omtrent i vannkanten. Vidare utover var det slett fjell/berg. Ikkje ubehagleg, men litt rart.

Den gikk akkurat i/på Buicken, så vi slapp unna med ein tur:)
I morgon skal vi prøve å rekke over eit «yard/garage sale». Dei to siste dagane har det dukka opp 30-40 annonser frå området rundt her(Goleta/SB), og alle er sjølvsagt frå tidlig morgon til 12-1 tida på dagen. Då gjeld det berre å velge riktig plass der alle godbitene er....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar