fredag 1. januar 2010
Happy New Year!
onsdag 23. desember 2009
Merry Christmas
Vi vil gjerne ynskje alle ei riktig god jul og vi håper at det blir ei fin romjul med masse kos, familie og vener :)
onsdag 16. desember 2009
Dekorert huset med julelys!
Søndag opna vi lyskassa og tok fatt på arbeidet mot entropien. Vi løyste floka, sorterte og sjekka kva som faktisk fungerte. Dei fleste var i god form, men tok litt tid å finne dei få pærene som var gåen og bytte dei ut!
Etter nokre timar var det endelig tid for å henge det opp, vi har sjølvsagt sett både på tv og film korleis amerikanarane gjer dette! Karane var skjøtte jobben godt, og vi blei ferdige akkurat til nattemørket kom rundt kl halv 6.
Juleverkstad - Pepperkakehus
Seigemannen og NonStop måtte vi bytt ut med Sour Patches og M&M's!
onsdag 9. desember 2009
Mandarin vs. Klementin
Sitat Wikipedia:
"Stort sett all småsitrus som spises i Norge er klementiner. Det er fortsatt noen som feilaktig bruker betegnelsen «mandarin», selv om den ekte mandarinen ble borte fra det norske markedet på 90-tallet."
Har derfor lenge lurt på kva forskjellen er mellom desse to sitrusfruktene og derfor passa deg meg bra at Albertson (daglegvare butikk) solgte både klementiner (clementines) og mandariner (tangerines).
Det første som slo meg var at mandarinen var mykje større enn klementinen, men dette kan sjølvsagt berre ver tilfeldig. Vel heimkomen var det klart for smaksprøve: Klementinen var akkurat som klementin/«mandarin» som vi er vant med heime i Noreg, den var søt og mild. Mandarinen derimot hadde mykje mørkare oransjfarge og ein meir syrlig smak.
Så frå no av må eg nok lære meg å seie klementin i staden for mandarin..
søndag 6. desember 2009
Meiningsmåling
Legg også gjerne igjen ein kommentar og fortel oss kva som er favoritt julesongen din? :)
Min favoritt er "Celine Dion - The Christmas Song". Den gir meg ein slik stemningsfylt varme kvar gong eg høyrer den. Drømmer meg bort i sofakroken under eit godt og varmt teppe og ser på kor flammane leikar seg i vedomnen. Juletreet i stovekroken glitrar av lys og utanfor vindauget kan eg sjå snøvflaka dale sakte ned! Koseleg ♥
Stor førjulsklem frå Jill Alice!
fredag 4. desember 2009
Eg elsker jul!!
Julepynt på rommet vårt! Pakkane i vindauget er julekalenderen :)Merkar jula nærmar seg med stormskritt og det er så mykje eg har lyst til, som for eksempel å bake julekaker, kjøpe juletre og pynte det, henge opp julelys på huset, kjøpe julegåver, lage julekort. Det byrjar også å bli farlig seint å sende pakker og kort til Norge skal vi rekke det før jul... ikkje bra...
Christopher ristar på hovudet over alt julestyret mitt, men så lenge eg koser meg er vel han òg fornøgd ;) Eg prøver iallefall å kose meg så masse eg kan ♥ ♥



