Viser innlegg med etiketten Ford Van. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ford Van. Vis alle innlegg

tirsdag 11. mai 2010

Farvel kjære Van

I dag måtte vi med triste auge ta avskjed med vår alles kjære «family-van»!

Vi la ut annonse på Craigslist på fredag og plutseleg hadde vi ein fisk på kroken. Ikkje berre var han veldig interessert, men han vil hente den i dag(tirsdag)! Etter å ha kome over at vi på eit par dagar skal gå frå 2 til 0 bilar og kun har ein motorsykkel å kjøre på den siste tida vår i California, tok vi steget og selde den staslege Van-en. Vi fekk heldigvis god pris og endte opp med å ha hatt gratis bil sidan jul, noko vi sjølvsagt er veldig nøgd med!

Farvel kjære Ford Explorer Conversion Van!
Vi kjem til å savne deg!
Takk for at du var ein trufast og god bil gjennom lange ørken-strekningar :)

Helsing mor og far ;)

onsdag 20. januar 2010

Pimp my ride

Joe the Towman hadde ikkje lagt altfor mykje arbeid i å oppgradere interiøret på vanen vi kjøpte. Lukta av gammelt øl og take-away var umiskjennelig...Golvteppet nok i desidert dårligst tilstand, og vi tenkte det var ergelig å bruke ein dag på vasking av noko som ikkje vart bra uansett..
Alternativet var å bruke litt meir tid (1.5 dagar tenkte vi) på ein ny teppeinstallasjon. Søndag formiddag tok vi turen til Home Depot i håp det var mulig å finne ein substitutt. Heldigvis er amerikanarane glade i vegg-til-vegg tepper og søndagsopne butikkar. For rett under 100$ hadde vi nytt teppe, golvlim og ein tapetkniv. Då var det berre resten igjen. Som alltid er det meir arbeid enn ein trur, endå vi visste at det var meir arbeid enn vi trudde var det endå meir styr enn vi hadde trudd.

Det vart mørkt og kveld første dagen før vi var omlag halvferdig. Vi mangla ein del vesentlige verktøy og skikkelig arbeidslys. Juletre lysa gjorde heldigvis kvelden litt lysare.

Bilen klar til avreise for LAX der vi plukka opp familien med den nyinnkjøpte skuta.

Etter ei klargjering av ordensreglane mht bruk og oppbevaring av mat- og drikkevarer kom vi oss etterkvart rundt heile California på knapt 2 veker. 7 personar med bagasje, totaltvekt rett over 3tonn, snittfart på 110km/t og 1.5l/mil.
No har Service Engine begynt å lyse, og den passerte derfor ikkje Smog Test i dag pga av Misfire Cyl.4.
Joe the Towman var egentlig ansvarlig for å sende med Smog Certificate, men han har ikkje vore å få tak i den siste månaden...

søndag 20. desember 2009

Ny bil! Full-size Ford Van

Då har vi fornya bilparken med ein Ford. I gamle dagar var det helligbrøde å gå fra GM(Buick) til Ford som vi har gjort–det var Ford familiar og GM familiar og dette skulle gå i arv. Heldigvis er vi ikkje blitt veldig amerikaniserte og tek den børa lett.
Bilen er ein 1999 modell Econoline. Den har 4 captains chair, og ein benk atti som lar seg slå ned til seng (med å trykke på ein knapp sjølvsagt). Totalt plass til 7, like mange som vi blir på tur i jula. Flaks!
Selgeren var Joe the Towman, han hadde kjøpt den frå tollvesenet som hadde beslaglagt den under et forsøk på å smugle mexicanarar over grensa. I tillegg har den Salvaged title, som betyr at den har vore krasja...eit rulleblad det er vanskelig å slå. Sikkert derfor Joe gav oss bilen til ein pris langt under første prisantydning.
Bilen er levert med minste motor alternativ, ein Triton 4.6L V8 som skal yte rundt 225hk. Den hadde nok tålt 100hestar til, men dei 4000 lbs-a flyttar seg nokså greit.

Jill fekk i oppgave å ta stasen heimover, Christopher måtte ta til takke med Buicken som høyrest ut som den er døden nær om dagen. Den har fått ein ufin tikkelyd under panseret, vi var nesten litt i tvil om den ville klare dei 209 milesa frå San Diego til Isla Vista.

Veldig mange har anbefalt å ta kjøpe GM sin GMC/Chevy Van, men Ford er den som er mest solgt og den kan då ikkje vere så dårlig?