Viser innlegg med etiketten Abrego Road. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Abrego Road. Vis alle innlegg

onsdag 26. mai 2010

Avskjedsfest!

Torsdag 20.mai inviterte vi venner i Isla Vista til ein liten bursdag og avskjedsfest! Vi kjøpte inn ei "lita" Costco-sjokoladekake som Emily og Solveig var så snille å pynta til oss :)
Som amazon.com Prime-kundar fekk vi også bestilt 300 glowsticks med one-day-shipping, det gjorde kvelden særs fargerik!

Biletet er tatt med og utan blitz for å få med alle detaljer og den faktiske stemninga ;)

***

Tusen takk for ein fin kveld og ei fantastisk tid her i California!
Året går verkelig inn i minneboka som eit år av dei sjeldne med ny opplevingar rundt kvart hjørne! Kjem absolutt til å savne Isla Vista, folk vi har blitt kjent med og sommar-vêret, men skal nok også bli kjekt å kome heim til "kvardagen" i Noreg:)

Sjåast snart igjen ;)

tirsdag 25. mai 2010

Happy Birthday :)

Vi to er så heldige å ha bursdag 20. og 21. mai, og vi nytta tidsforskjellen mellom Noreg og California til å feire bursdag og opne pakker på "samme" dag ;)


"Gutte-leiketøy" til Christopher ;)
(sjølv om han ikkje vil gå med på at verktøy kan kallast leiketøy)


Praktisk «Camelbak» tursekk til Jill Alice
(så no blir det u-tørst utforsking av fjellsidene i Noreg)

Etter gavene var pakka opp fyrte grillmeisteren opp grillen, og det blei ei koseleg hyggestund med «Abrego familien»!


Grillmeisteren Christopher og matlager Solveig ;)

God stemning fra Pecka og Freddy i campingstolrekka.

..medan Emily og Jill Alice satte seg i le for vindpusten rett innanfor døropninga ;)

KOSELEG :)


tirsdag 23. februar 2010

Grillfest!

Laurdag var det supervêr i Santa Barbara. Sommar-stemninga førte til at gjengen i huset fekk veldig lyst å grille og kvifor vente med å kjøpe grill sidan vi berre har nokre månadar att.
Etter OL-sendingane tok eg og Solveig turen på Home Depot for å finne ein billeg, men god grill. Som alltid var dei veldig hjelpsame og viste oss grilla i alle ulike former og typer. Vi smilte fint og sa vi ikkje hadde så mykje pengar og han viste oss då ein utstillingsgrill som hadde litt rust i bunnen av kullplata. Vi skulle få denne for halv pris og sidan den allerede var på halvpris vart dette eit røvarkjøp!


Melding om at det blei grillfest i Abrego Road blei sendt ut og utover kvelden dukka det fleire og fleire opp som var klar for litt god mat og selskap!

For å få riktig grillstemning, flytta vi kjøkkenbordet og stolane ut i "hagen". Dessverre var sola vekk før vi fekk komt igong med maten, men kjekt blei det og grillen varma godt :)
Er uansett ikkje ofte ein kan sete ute og grille i februar!


Utpå kvelden blei det også litt beer-pong i garasjen :)

mandag 1. februar 2010

Bursdagshelg og ny veke..

I helga hadde vi gebursdagsfest for Per Christian her i Abrego Road. Det var mange som tok turen og det blei ein morosam kveld. Ekstra bra var vel den digre kaka frå Costco! Fantastisk saftig, mektig og god sjokolade kake! Er det noko dei kan i USA så er det å lage kake med masse fyll og pynt :) Bilete av Pecka framfor gebursdagspresangar og basketball kaka (som liknar veldig på ei AaFK kake)!

Dagen etter var det vasking av golv for alle pengane før det var mulig å gå over golvet uten å sete fast! ..men godt var det med rein stue igjen!

I dag har eg vore å spelt fotballkamp på skulen. Det var eit blanda lag med gutar og jenter, og kampen var ein del av den interne UCSB turneringa, som blir kalla Intramurals. To norske jenter, Ingrid og Signy, var så snille og inviterte meg og det var ein artig gjeng med amerikanera på laget! Innefotball på ei stor ishockeybane (uten is sjølvsagt), 9 spelarar på bana og nivået var leik og moro. Kjekt og sosialt!




onsdag 16. desember 2009

Dekorert huset med julelys!

I sommer gjorde vi eit kupp av dei få på yardsale: Ei stor kasse med julelys og ein 9' oppblåsbar nisse til berre $15!!

Søndag opna vi lyskassa og tok fatt på arbeidet mot entropien. Vi løyste floka, sorterte og sjekka kva som faktisk fungerte. Dei fleste var i god form, men tok litt tid å finne dei få pærene som var gåen og bytte dei ut!

Etter nokre timar var det endelig tid for å henge det opp, vi har sjølvsagt sett både på tv og film korleis amerikanarane gjer dette! Karane var skjøtte jobben godt, og vi blei ferdige akkurat til nattemørket kom rundt kl halv 6.
Sjå for eit flott inngangsparti!!

Ein liten filmsnutt av det nyleg dekorerte huset, tatt frå bilen:



Juleverkstad - Pepperkakehus

I går bretta vi opp armane og snekra saman eit amerikansk pepperkake/gingerbread-hus med Ashley som amerikansk konsulent. Sidan her ikkje finst vanlig norsk sirup brukte vi molasses, eit biprodukt fra sukkerproduksjon(≈ sirup), men det har kanskje ein litt anna smak enn kva vi er vant til. Pepperkakene vart iallfall bra, smakte litt som kjøpe-pepperkake!
Seigemannen og NonStop måtte vi bytt ut med Sour Patches og M&M's!

Her er resultatet med lys inne i stua. Inne i huset er det også ein sofa laga av Ashley, men den glømte vi å ta bilete av.. Kul garasjeport? ;)



Litt bilete frå bake, lime og pynte prosessen!


Det ferdige huset! Bilete frå alle vinklar med alle dei detaljane.Vi hadde det no iallefall kjekt på mini-juleverkstad!

Litt vanskeleg å sjå men på taket står det «Merry Christmas»(t.v.)og «God Jul»( t.h) :)

fredag 4. desember 2009

Eg elsker jul!!

Sjølv om sola skin og landskapet absolutt ikkje minner meg om jul, prøvar eg på mitt beste å skape julestemning. Innimellom leksene har eg tatt meg litt fri og laga diverse julepynt til rommet, hørt på julemusikk og ete mandarin! Har også laga ein liten julekalender med pakker til oss :D

Julepynt på rommet vårt! Pakkane i vindauget er julekalenderen :)

Merkar jula nærmar seg med stormskritt og det er så mykje eg har lyst til, som for eksempel å bake julekaker, kjøpe juletre og pynte det, henge opp julelys på huset, kjøpe julegåver, lage julekort. Det byrjar også å bli farlig seint å sende pakker og kort til Norge skal vi rekke det før jul... ikkje bra...
Julecollage laga av gavepapir ;)

Christopher ristar på hovudet over alt julestyret mitt, men så lenge eg koser meg er vel han òg fornøgd ;) Eg prøver iallefall å kose meg så masse eg kan ♥ ♥

søndag 1. november 2009

Halloween

I helga har det vore Halloween i Amerika og i Isla Vista var det duka for tre dagar med feiring! Kostymer av alle variantar dukka opp og humøret var på topp!
Torsdag var første dag ut med tur til Tonic i downtown.
(Trykk på bileta for å få dei i stor størrelse)



Fredag gjekk turen til DP, Del Playa som er beach-gata i Isla Vista! Det var det fullpakka av studenter i ulike kostymer :) Litt av eit syn både fredag og laurdag!!




Stort sett alle i huset fekk besøk av venner som studerer i andre byar her i California. Eg og Christopher fekk besøk av Sondre, Torgeir og Vidar frå San Diego! Det var veldig hyggeleg :)
Laurdag var vi på Outback Steakhouse og åt oss stappandes mette!



..og kanskje ein smule intimt på den eine oppblåsbare madrassa vi hadde å tilby ;)


Søndag var, som laurdag, ein strålande fin dag her i Isla Vista!
Etter ein god frukost med pannekaker a'la Christopher tok vi ei runde med Frisbee-golf!


Ellers blei det ein chill dag i sola ute på plattingen før gjestane i bil etter bil tok avskjed med oss i Abrego-huset :)


Tusen takk for ei kjekke Halloween-helg :D

onsdag 28. oktober 2009

Carving pumpkins :)

Tirsdagkveld tok endeleg eg og Ashley oss tid til å skjære ut ansikt i gresskara våre! Vi starta litt i seinaste laget, men humøret og konsentrasjonen var på topp alle 3 timane ;) Ja det tok si tid!
Først skjærer man av toppen av gresskaret, for så å tømme det for alle frø og gugg du finn inni. Det var ingen veldig kjekk jobb, men etterkvart var alt skrapa vekk og det var klart for å skjære.
Vi teipa teikningane på gresskaret og skjærte ut bitane ein etter ein.

Rundt kl 3 på natta var vi endeleg ferdige og begge var godt nøgd med resultatet!

Plasserte så lys i gresskara og satte dei utanfor huset for å sjå kor flotte dei vart! Dei såg utruleg bra ut der dei lyste opp hagen!

Frå ventre; Mitt Bat pumpkin, Ashley sitt Haunted House pumpkin og Fig sitt Scary Face pumpkin!

Nærbilete av mitt og Ashley sitt gresskar!!

tirsdag 27. oktober 2009

Litt pjask


Denne veka har vel for dei fleste i huset gått med på lekser og lesing til diverse midterm'er. På fredag tok vi tre jentene oss ei pause og deltok på ein Internasjonal fest nede på Del Playa. Det heile foregjekk i ein liten hage og den var stappfull av folk frå mange ulike nasjonaliteter. Ved inngangen sto ein gjeng med penslar klare for å male på flagg på kinnet vårt. Mitt norskeflagg såg ein smule merkeleg ut, men kunne tyde at eg var frå Noreg :)


Ellers så har vi fått inn to nye room-mates, Gabriel og Hadji (Gabe til høgre på biletet under).
Ser også på biletet at Fig skar ut sitt gresskar-fjes i går! Det står no ute på trappa og gliser :)
I kveld var planen at eg og Ashley skulle ta våre gresskar, men akkurat no ser det ut til at det blir utsatt ein dag til sidan Ashley fortsatt er på skulen.



Som sagt er det lekser som er tingen denne veka, men på torsdag satsar eg på at dei fleste legg frå seg arbeidet og kler seg ut! Då er det nemleg starten på den berømte Halloween helga!
Det er blir sagt at omkring 30 000 mennesker brukar å samle seg på lille Isla Vista på Halloween natta, så det skal bli spennande å sjå om vi i det heile tatt kjem oss ut gjennom døra :p
Kostymer er iallefall skaffa, så vi gleder oss masse alle sammen til å sjå kva helga kan by på :D

fredag 23. oktober 2009

Pumpkin Patch

Halloween nærmar seg og vi har byrja å forberede oss. Vi trudde førebuing til Halloween ei veke før var i tidlegaste laget, men Fig og Ashley seier vi allereie er seint ute, så då får vi nok berre henge med :)
I går to dei oss med på Pumpkin Patch. Dette er då ein tilstelning der man kan få kjøpt pumpkins i alle størrelser. Var ganske artig eigentleg å gå rundt å skulle velge ditt eige pumpkin.
I løpet av helga skal vi prøve å skjere dei ut, så det blir spennande :) Då blir det carving competition i Abrego Road ;)

Watch out!

onsdag 14. oktober 2009

Regn og lekser


Dei to siste dagane har vi verkeleg fått kjent kor det er å bli våt. Første dagen var vel verst då vi absolutt ikkje var forberedt på pøsregn. Regnkle, støvlar og paraply var nok ikkje det første vi tenkte på når vi pakka kofferten til California ;)
På bileta over vises det tydeleg at regnet kjem rett ovanfrå og at dersom du syklar med sykkel uten skjermar så blir du ganske våt bakfrå også. Skjønna ikkje kven som lagar syklar utan skjerm..
I dag var vi litt meir forberedt ved å pakke med oss ekstra klede så vi kunne skifte når vi kom på skulen, og ikkje minst pakke bøkene i plastikkposar, sidan sekken er lite regntett.

For augenblinken set eg på biblioteket på UCSB og prøvar å konsentrere meg om mikroøkonomi og grammatikk bruk i engelsk.
Christopher er nok på time einkvan stad og lærer om innebygde systemer. Vi har dei siste dagane hatt mange innleveringar så det har blitt mykje lekse..
Imorga har eg midtsemester i økonomi, så etter den håper eg at det blir ein dag eller to med noko anna enn lekse ;)

Pulten vi kjøpte på garasjesalg kjem godt med! ...men skulle hatt to..
Posted by Picasa

mandag 21. september 2009

Første skuledag på UCSB

I dag var det klart for første obligatoriske oppmøte på UCSB. Det var kun UIP (University Immersion Program) studentar som skulle møte opp i dag for orientering for kva som måtte gjerast for å kunne bli tatt opp til eit fag. Det er mykje papirarbeid som må til, og underskrifter i hytt og pine!
I morgon blir det derfor underskrifts-sanke-dag, som betyr at vi må få underskrifter på alle faga vi har lyst å delta i, og frå 3 personar for kvart fag = 12 underskrifter ;)
Greit å få alt slik i boks før alle dei 20 000 andre UCSB studentane kjem på torsdag..
Etter orienteringa tok vi oss ein velfortent lunsj på Subway, og deretter ein spasertur til biblioteket for å prøve å sette opp ein slags timeplan. Vi må nemlig passe på sjølv at faga som vi ønsker å ta ikkje krasjer på timeplanen, sidan det er obligatorisk oppmøte til alle timer :0
Resten av dagen tilbrakte Jill i senga sidan ho har fått seg ein skikkeleg forkjølelse, utanom ein liten tur ned for å ete deileg Nachos til middag :)
Matkverna vår i vasken har også plutseleg tetta seg i dag, så skal bli spanande å sjå kor lang tid det skal ta før vi får orden på den. Den har iallefall vore veldig god å ha så vi slepp å kaste mat i søpla i desse varme strøk.

Har forresten vore dårlig med varme dei siste dagane... mykje skiftande ver med sol, overskya og tåke/yr innimellom. Får satse på betre vêr snart :)

lørdag 19. september 2009

Veke 38 oppsummering

Denne veka har det flytta inn tre nye personar i huset. To jenter frå Noreg og ein kar frå Alaska:) K-Mart var første stopp for jentene der vi fylte opp handlevogna til randen. I tillegg til handdukar, sengetøy og slikt kjøpte vi eit sett med skap til å ha på kjøkkenet sidan vi fryktar det kan bli lite med skapplass når det skal bu 10 personar her. Dermed hadde vi noko å leike oss med den kvelden :)

Christopher har også blitt langhåra sidan forrige klipp i august, så det var på tide å leite fram frisørsaksene :)

Ein eller annan i 2. etasjen hadde klart å låse baderomsdøra frå innsida medan alle var ute..Freddy tok jobben med å krype inn det 40cm store åpninga frå taket..



På kvelden inviterte vår nye room mate oss på fest og vi hadde då eit lite forspel heime først der vi lærte oss reglane til «Beerpong»! Det vart også tid for å prøve ut dei nye margarita glasa vi fekk(gratis!) på eit garasjesalg forrige helg.


Laurdag er dagen for å gjere kupp på garasje/hage-salg og vi var sjølvsagt på plass for tredje helg på rad! I første hagen sto ein flott Beach Cruiser og venta på Christopher. Selgaren skulle ha $30 og fekk solgt den på flekken. Ein nesten ubrukt sykkel for berre 30 $ er eit røvarkjøp utan like, sidan det kostar omkring 120 - 200 $ for ein ny, og nesten like mykje brukt.


Dagens pakke i posten: Startsett for Frisbee Golf(ekte Frisbee fra Wham-O). Måtte sjølvsagt ut på bana nedom huset vårt å prøve ut dei nye sendeplatene. Det var ganske vanskeleg, men veldig morosamt. Treng nok litt meir trening og litt teori frå den medfølgande DVD-en.

Prøvetur med den nye sykkelen:

torsdag 17. september 2009

Viftereim og ekorn

Dei siste dagane har viftereima vår gniksa noko utruleg. Etter litt undersøking fant Christopher ut at Buicken inneholdt 3 reimer og at 2 av desse måtte byttast.
Ikkje før Christopher hadde parkert bilen ved garasja vår med nyinnkjøpte reimer sleit den eine reima! Snakk om flaks :)
Dermed blei det mekkedag for automasjonsmekanikeren ;)


Det er også komt lekasje i taket vårt frå badet i 2.etasje. Merka det då det kom dråpar frå eit lite hol i taket og gipsplata bulte ned, full av vatn. Vi ringte til hussjefen Hillary og sa at vi trengte ein rørleggar, men når ingen rørleggar var komt på slutten av dagen stakk Christopher hol i kulen på taket. Kom då ein fin stråle ned i bøtta vår, og det gjekk monge timar før det slutta å drype. Lovar ikkje godt for taket vårt, og vi håpar verkeleg at dei gjer noko med saken...
Etter eit lite besøk på universitetet tok vi oss ein tur til stranda på Goleta. Her var det litt mindre tare, enn på den nedom huset vårt, og meir mjuk sand, men også mindre folk. Biletet nedanfor er ei ganske god oppsummering av stranda denne dagen. Tjukke, store måsar og ein mann som leita etter myntar med metalldetektor.


Hadde også besøk av vår lille nabo. Ekornet har komt nærmare og nærmare huset i det siste og plutseleg sto det inne på kjøkkenet vårt. Vi var raskt framme og fekk filma krabaten, heilt til den gjekk inn i kjøkkenskåpa vår...

søndag 13. september 2009

6767 byrjar å ta form

Dei siste dagane har det tatt seg opp med både antall folk og møblar i huset. Per Christian kom for snart 1 1/2 veke sidan, og tirsdag sto ein ny Christopher på døra. Sidan «Per» er eit litt trasig namn på amerikansk har Per Christian presantert seg som Chris; Vi er altså Chris, Christopher, Christopher og Jill.
Onsdagen kom roadtrip-gutta Sondre, Torgeir og Vidar innom ein tur på besøk. Dei er også frå NTNU og skal ta eit år i San Diego på UCSD. Vi brukte kvelden først på Chili's som såvidt godtok norsk førarkort og pass som ID:
Innehaveren: - If you guys give me any trouble, I swear, I'm gonna hunt ya all down and kill you.
Vi: Ehe..
Alle var enig om at han faktisk ikkje tulla. Strafferamma for å servere mindreårige er visstnok:
$1000 fine til butikken og miste bevilgning.
$250 til selger og miste jobben og 24-32 timar samfunnstjeneste.
$250 til kjøper, og samfunnstjeneste.

«Woodstock» hadde onsdagskveld eit tibud med $5 for første pils, $1 for påfyll. Eller singel for $2.50.
Som grafen viser var dette god butikk for oss allereie etter 3 rundar. Ingen hadde fått med seg at tilbudet gikk ut 11.30pm...og heller ikkje at baren stengte ein halv time etter. Her borte stenger det meste av serveringsstader tydlegvis tidlig.

Torsdagsmorgon sikta roadtrip besøket seg i retning San Fransisco, men først var dei så snilde å hjelpte oss med å flytte steinen på plenen vår. Er nokon som likar å kjøre litt på kanten av plenen kvar gong dei kjem inn, så no skal nok steinen sette ein stopper for det! Takk for hjelpa :)


I morgon blir det tur til Six Flags Magic Mountain! Gledar oss masse :)