Viser innlegg med etiketten Isla Vista. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Isla Vista. Vis alle innlegg

lørdag 7. november 2009

Kjendis :p


I går kom Emily og Solveig heim med ei liten overrasking. Dei hadde nemleg funne bilete av med i studentavisa "The Bottom Line" frå den Internasjonale festen vi var på for eit par veker sidan.
(Det er kun eit tilfeldig valt bilete, så ikkje noko intervju med meg i teksten nei.. )

søndag 1. november 2009

Halloween

I helga har det vore Halloween i Amerika og i Isla Vista var det duka for tre dagar med feiring! Kostymer av alle variantar dukka opp og humøret var på topp!
Torsdag var første dag ut med tur til Tonic i downtown.
(Trykk på bileta for å få dei i stor størrelse)



Fredag gjekk turen til DP, Del Playa som er beach-gata i Isla Vista! Det var det fullpakka av studenter i ulike kostymer :) Litt av eit syn både fredag og laurdag!!




Stort sett alle i huset fekk besøk av venner som studerer i andre byar her i California. Eg og Christopher fekk besøk av Sondre, Torgeir og Vidar frå San Diego! Det var veldig hyggeleg :)
Laurdag var vi på Outback Steakhouse og åt oss stappandes mette!



..og kanskje ein smule intimt på den eine oppblåsbare madrassa vi hadde å tilby ;)


Søndag var, som laurdag, ein strålande fin dag her i Isla Vista!
Etter ein god frukost med pannekaker a'la Christopher tok vi ei runde med Frisbee-golf!


Ellers blei det ein chill dag i sola ute på plattingen før gjestane i bil etter bil tok avskjed med oss i Abrego-huset :)


Tusen takk for ei kjekke Halloween-helg :D

tirsdag 27. oktober 2009

Litt pjask


Denne veka har vel for dei fleste i huset gått med på lekser og lesing til diverse midterm'er. På fredag tok vi tre jentene oss ei pause og deltok på ein Internasjonal fest nede på Del Playa. Det heile foregjekk i ein liten hage og den var stappfull av folk frå mange ulike nasjonaliteter. Ved inngangen sto ein gjeng med penslar klare for å male på flagg på kinnet vårt. Mitt norskeflagg såg ein smule merkeleg ut, men kunne tyde at eg var frå Noreg :)


Ellers så har vi fått inn to nye room-mates, Gabriel og Hadji (Gabe til høgre på biletet under).
Ser også på biletet at Fig skar ut sitt gresskar-fjes i går! Det står no ute på trappa og gliser :)
I kveld var planen at eg og Ashley skulle ta våre gresskar, men akkurat no ser det ut til at det blir utsatt ein dag til sidan Ashley fortsatt er på skulen.



Som sagt er det lekser som er tingen denne veka, men på torsdag satsar eg på at dei fleste legg frå seg arbeidet og kler seg ut! Då er det nemleg starten på den berømte Halloween helga!
Det er blir sagt at omkring 30 000 mennesker brukar å samle seg på lille Isla Vista på Halloween natta, så det skal bli spennande å sjå om vi i det heile tatt kjem oss ut gjennom døra :p
Kostymer er iallefall skaffa, så vi gleder oss masse alle sammen til å sjå kva helga kan by på :D

torsdag 27. august 2009

Leiligheitsjakt i Isla Vista

Jaja, no set vi her da på ein torsdagskveld og er ganske slitne og lei etter 3 dagar med intens jakt på leiligheit.
Her i Amerika er det mobil og "call me at.." som gjelder. Merka på tirsdag at det ikkje er så enkelt å få verken informasjon om adresser eller arrangere visninger uten mobil.
Vi gjekk derfor til innkjøp av ein billig Nokia med kontantkort, eller Prepaid Plan som det heiter her. Telefonen kosta eigentlig det same(10$) som eit nytt SIM-kort om ein får brukt opp den inkluderte ringetida...

Tok minst ein dag å justere forventningane våre til det standarden vi finner her. For omkring 6 - 9 tusen pengar får man eit gammalt kjøkken med digert kjøleskap og ein stor gasskomfyr, eit bittelite bad med 1.5m langt badekar med lav dusj og eit 11 kvm stort soverom. Soverom og stue er utstyrt med vegg til vegg teppe. Ofte veldig lodne, som å gå på pels. Er teppa ny, skryt dei svært av dette. Ja dei legg faktisk nye teppe i 2009.

I dag (torsdag) fikk vi kontakt med Harwin Management og dei hadde mange leiligheiter tilgjengelig. Leiligheitne med 1 soverom var veldig fine og vi bestemte vel oss eigentleg for å gå for den. Var også innom eit heilt hus med 5 soverom sidan vi har hatt litt kontakt med andre
som kjem frå NTNU og som ønsker å dele leiligheit. Huset var ganske grei standard, og vi arrangerte derfor møte med Hillary som er manager. Vi har altså førsteretten på huset fram til i morgon eingong. For å vere på den sikre sida besøkte vi huset en gong til og når vi tok måla ved å stege opp meterane på golvet merka vi at den kanskje var i minste laget for 10 personar, iallfall sett med norske auger.
Så då set vi her og tenker fram og tilbake, kva skal vi ta?
Ei koselig 1 roms leiligheit, med sjanse for å bli setande litt usosiale i tosomhet, eller eit hus med 10 norskar (evt andre) der det blir fullt opp heile tida..?

Vi har vel konkludert dagens hendingar med at vi har hatt litt for store auge. Romma som vi trudde var så store var igrunn ganske små, og vi har blitt lurt av at romma er tom og layouten.