Viser innlegg med etiketten USA. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten USA. Vis alle innlegg

søndag 30. mai 2010

Siste kveld i California

Emily og Solveig var så snilde og gav oss eit påspandert måltid i bursdagsgave, så siste kvelden tok vi turen på Chilis :)

Takk for ein hyggeleg kveld :)


Deretter tok vi turen til Santa Barbara Drive-In Cinema! Den hadde akkurat opna opp igjen etter mange års avbrudd, så vi var meget nøgd med å akkurat rekke å sjå ein film før vi reiste! Såg Iron Man 2 som var ein god film, og det var absolutt ikkje noko negativt med radio som lydkilde.

Bilete er tatt etter at filmen var ferdig, sidan det var umogleg å ta medan det var heilt mørkt.
Kjekk oppleving, sjølv om eg gjerne skulle hatt Buicken med det amerikanske sofa-forsetet som kjøretøy ;)

Fin avslutning på eit fantastisk år i eit spennande land!

onsdag 26. mai 2010

Avskjedsfest!

Torsdag 20.mai inviterte vi venner i Isla Vista til ein liten bursdag og avskjedsfest! Vi kjøpte inn ei "lita" Costco-sjokoladekake som Emily og Solveig var så snille å pynta til oss :)
Som amazon.com Prime-kundar fekk vi også bestilt 300 glowsticks med one-day-shipping, det gjorde kvelden særs fargerik!

Biletet er tatt med og utan blitz for å få med alle detaljer og den faktiske stemninga ;)

***

Tusen takk for ein fin kveld og ei fantastisk tid her i California!
Året går verkelig inn i minneboka som eit år av dei sjeldne med ny opplevingar rundt kvart hjørne! Kjem absolutt til å savne Isla Vista, folk vi har blitt kjent med og sommar-vêret, men skal nok også bli kjekt å kome heim til "kvardagen" i Noreg:)

Sjåast snart igjen ;)

tirsdag 25. mai 2010

Happy Birthday :)

Vi to er så heldige å ha bursdag 20. og 21. mai, og vi nytta tidsforskjellen mellom Noreg og California til å feire bursdag og opne pakker på "samme" dag ;)


"Gutte-leiketøy" til Christopher ;)
(sjølv om han ikkje vil gå med på at verktøy kan kallast leiketøy)


Praktisk «Camelbak» tursekk til Jill Alice
(så no blir det u-tørst utforsking av fjellsidene i Noreg)

Etter gavene var pakka opp fyrte grillmeisteren opp grillen, og det blei ei koseleg hyggestund med «Abrego familien»!


Grillmeisteren Christopher og matlager Solveig ;)

God stemning fra Pecka og Freddy i campingstolrekka.

..medan Emily og Jill Alice satte seg i le for vindpusten rett innanfor døropninga ;)

KOSELEG :)


tirsdag 11. mai 2010

Farvel kjære Van

I dag måtte vi med triste auge ta avskjed med vår alles kjære «family-van»!

Vi la ut annonse på Craigslist på fredag og plutseleg hadde vi ein fisk på kroken. Ikkje berre var han veldig interessert, men han vil hente den i dag(tirsdag)! Etter å ha kome over at vi på eit par dagar skal gå frå 2 til 0 bilar og kun har ein motorsykkel å kjøre på den siste tida vår i California, tok vi steget og selde den staslege Van-en. Vi fekk heldigvis god pris og endte opp med å ha hatt gratis bil sidan jul, noko vi sjølvsagt er veldig nøgd med!

Farvel kjære Ford Explorer Conversion Van!
Vi kjem til å savne deg!
Takk for at du var ein trufast og god bil gjennom lange ørken-strekningar :)

Helsing mor og far ;)

Camping på Channel Islands

Laurdag tok vi turen til Channel Islands, ei øyrekke som ligg utanfor kysten av Santa Barbara. Det tok ein god time med båt fra Ventura øya Santa Cruz - Scorpions Harbor. Trass nærleiken til fastlandet, så fanst der ikkje straum eller telefonnettverk, ingen søppeldunk og ingenting å få kjøpt av mat eller drikke. Plassen har vore befolka av Chumash indianarane i tusener av år, samt Europeiske gards og fiskefolk frå 1800-talet og utover. No er det området blitt nasjonalpark og ein finn 2 bevæpna rangers som tek seg av lov og orden, samt medisinsk førstehjelp og anna småtteri som måtte dukke opp.

Vi tok reiste saman med Emily, Solveig og ein tysk/fransk/amerikansk gruppe med halvkjente. Med på turen hadde vi med oss tre doble kajakkar, då det skulle vere ganske flott å padle inn i grotter og bukter.


Sjølv om sola varma mykje, var det stort sett litt guffent, det var opp mot liten kuling med kald sjøluft. Vinden førte også til at vi med stor skepsis kun kom oss eit lite stykke ut i bukta med kajakken før vi snudde og padla i sirkel i staden.
Det var trass uvêret veldig kjekt å prøve :)

På kvelden tok vi turen opp på fjellet for å sjå solnedgangen som var aldeles strålande vakker! For ei utsikt og for nokre fargar!

Søndagen gjekk vi ein flott fjelltur rundtom på toppen av øya, og fekk fin utsikt over kanalen, kysten og stranda.


Alt i alt var det altså ei forblåst, men koselig helg!

mandag 10. mai 2010

På tide med ei oppdatering kanskje?

Her i garden har det vore mange endringar den siste tida.

Første og kanskje viktigaste endringa er at vi har gjort slutt på vår tid som studentar på UCSB, og kjem derfor heim tidlegare enn planlagd.

Kvifor slutta vi?
Det er mange grunnar til at vi slutta på skulen. Største grunnen er at Christopher er sisteårs-student på NTNU og etter litt fram og tilbake kun får godkjent eit halvt år studie. Vi fant dermed ut at eit quarter til her på UCSB kun ville lage større studielån og mindre utbytte av både reise-mogligheiter og jobbing i sommarferien.

Kort sagt er det mange pengar spart, litt tapt og mykje fritid til overs :)

Kva gjer vi på no?
Den siste tida prøvar vi som best å utnytte mest mogleg ved å reise og gjer ting vi ikkje har fått tid til tidlegare, men sjølv om vi skulle ønske at vi kunne reise heile tida er det sjølvsagt også mykje som må fiksast her heime i Abrego. For eksempel har vi to bilar og ein motorsykkel som må selgast og mange, mange ting som må selgast, kastast eller fraktast til Noreg. Er dyrt å sende ting, dyrt å ta med for mykje på flyet og dyrt å kaste det så vi har nok å henge fingrane i ;)


Når kjem vi heim?
Ingenting er heilt bestemt enda, men vi førebur oss på å reise heim i starten av juni! Juni ja :)
Vi har student-visum fram til 26.mai og dersom vi skal vere her lenger enn det (som er planen) må vi ta oss ein tur over grensa igjen og returnere som turistar. Kanskje ein tur til Canada?

Vi gledar oss masse til å kome heim, men ikkje til å forlate Amerika! Det har vore ei fantastisk flott oppleving å bu her, og vi skal nyte den siste tida fullt ut :)

søndag 4. april 2010

Spring Break 2010 er over...

Liten oppsummering av det herlige opphaldet vårt på øya Oahu, Hawaii :)


Måndag leigde vi Harley og kjørte rund på øya for å sjå oss rundt!
Kartet under viser kjøreruta. Planen var å kjøre heilt rundt, men fant ut på vegen at det ikkje var nokon vei som gjekk rundt enden av øya så då måtte vi snu.
Traff også på ein Stillehavs-regnskur som gjorde oss gjennomvåte på 2 minutt, men ellers var det ein flott tur:)

Tirsdag tok vi turen til North Shore, strandområdet som er kjent for fantastiske surfebølger. Vi kosa oss på Waimea Beach (merka med A på kartet), men det var ikkje mogleg å bade på grunn av kraftig straum og 3-4-5 meter høge bølgjer.
Utrulig flott å sjå dei store bølgjene bryte ved strandkanten!


Vi fekk prøvd mykje god mat gjennom veka, og stort sett i selskap med Emily og Gard.
Nachos-en på biletet er faktisk kun ein forrett, men dugde godt som kveldsmiddag!


Onsdag tok vi turen til fantastiske Hanauma bay (sjå tidligere blogginnlegg og punkt D på kartet). Her fekk vi snorkla med masse fisk og ei diger superchill havskilpadde! Kjempekjekt!!


Hawaii, ananas og paraplydrinkar høyrer ilag ;)

«Passionate Mai Tai» var ein fin vri på standarad «Mai Tai», som er laga av kvit rom, ananas og toppa med brun rom! Kan anbefalast å prøve på restauranten Top of Waikiki for å nyte utsikta, men ta middagen på bakkenivå om du vil spare nokre slantar!

Frå «Top of Waikiki»roterande restaurant med flott utsikt, god mat og stive prisar!

Fredag vart det ein liten fjelltur på toppen av Diamond Head Crater, restane etter ein vulkan som slokna for 150 000 år sidan. Fin tur med flott utsikt over Honolulu og Waikiki :)

Absolutt ein perfekt måte å feriere Spring Break på!!

lørdag 27. februar 2010

Olympic Games

På skjermen ser vi no på 30 km langrenn for damer! HEIA NOREG!!:D

Her i USA er det utruleg dårlig dekning av OL! Det lille dei sende i reprise er dekka av eit tonn med reklamepauser... Skuff!
NRK web-tv har god dekning, men man får kun sjå live sendingar dersom ein er i Noreg. Heldigvis har NTNU-studentar moglegheit for å koble seg til ein norsk VPN gjennom NTNU og dermed ser det ut som om vi set i Noreg!

Dermed har vi fått kose oss med OL kvar formiddag istaden for skule og lekse!

Takk til VPN og NRK ;)


torsdag 25. februar 2010

Tenniskurs

Tennis er ein populær sport her borte og av mangel på trening og kunnskap på korleis vi skal bruke racketen tok eg like gjerne å meldte oss på eit tenniskurs. Dette skal gå over 4 tysdagar og vi får god trening i ulike slag og metodar.
For å kunne delta gjekk Christopher til innkjøp av to nye racketar: han tok blå HEAD, medan eg støttar brystkreft-forskning med min rosa Wilson! Christopher overraska meg også med å kjøpe rosa "slope" tennisballar ;)
Vi har no vore på 3 av 4 kursdagar og mengda av slag som kjem fint over nettet er aukande! Det er kjekt å lære seg ein ny sport og forhåpentlegvis klarer vi å trene litt jamnt framover slik at vi får teken på det tilslutt :)

tirsdag 23. februar 2010

Grillfest!

Laurdag var det supervêr i Santa Barbara. Sommar-stemninga førte til at gjengen i huset fekk veldig lyst å grille og kvifor vente med å kjøpe grill sidan vi berre har nokre månadar att.
Etter OL-sendingane tok eg og Solveig turen på Home Depot for å finne ein billeg, men god grill. Som alltid var dei veldig hjelpsame og viste oss grilla i alle ulike former og typer. Vi smilte fint og sa vi ikkje hadde så mykje pengar og han viste oss då ein utstillingsgrill som hadde litt rust i bunnen av kullplata. Vi skulle få denne for halv pris og sidan den allerede var på halvpris vart dette eit røvarkjøp!


Melding om at det blei grillfest i Abrego Road blei sendt ut og utover kvelden dukka det fleire og fleire opp som var klar for litt god mat og selskap!

For å få riktig grillstemning, flytta vi kjøkkenbordet og stolane ut i "hagen". Dessverre var sola vekk før vi fekk komt igong med maten, men kjekt blei det og grillen varma godt :)
Er uansett ikkje ofte ein kan sete ute og grille i februar!


Utpå kvelden blei det også litt beer-pong i garasjen :)

fredag 19. februar 2010

Las Vegas weekend

Den siste veka har gått i fykande fart! Etter vi kom att frå Vegas har tida stort sett gått med til førebuing til midterm og innleveringar.

Forrige fredag var det vi sat oss spente inn i bilen for å ta ei langweekend i Las Vegas! Det var mange norske studentar som tok turen denne helga så forventningane var store! Eg og Christopher kjørte til Vegas i vår Ford Van og fekk selskap av Marianne, Helge og Håvard som eg trur var særs nøgd med den romslege bilen.


Etter 8 timar på freeway'en delvis i kø kom vi fram til Las Vegas og hotellet vårt Hooters. Under tv-en som sendte OL opninga i kasinoet fann vi tre kjente karar frå San Diego, og for å gjere opphaldet billigast mogleg stua vi desse inn på rommet vårt!

300 kr per pers for 3 netter i Las Vegas var vi absolutt fornøgd med!
Fin posering av dei fire romkameratane mine: f.v Vidar, Torger, Christopher, og fremst set bestefar Sondre ;p

På kveldingen blei det også tid til dansing på nattklubben "TAO" på det berømte hotellet "The Venetian". Hotellet er kjent for sin etterlikning av Venezia med egen gondol elv inne på hotellet og blå himmel som tak. Vakkert!

---Dag 2, Laurdag---

Sightseeing høyrer med i Vegas og på laurdagen tok vi turen til den mykje reklamerte "Gun Store". Her hadde dei innendørs skytebane der du kunne leige ulike våpen, men køa til dette var evig lang så det blei berre til at vi snusa litt rundt i butikken før vi vente tilbake til "The Strip".

Las Vegas har mykje underhaldning å by på og vi tok turen på "The Mac King Comedy Magic Show". Dette var eit morosamt show med mykje god magi og er verkeleg å anbefale om nokon har tenkt seg til Vegas ein tur :) Etter god underhalding var det på tide med god mat og vi tok turen til Outback Steakhouse for litt kjøtt!

På kvelden blei omkring 25 nordmenn pressa inn i ein limousin som kjørte oss rundt omkring på the Strip i 2 timar. Akkurat slik ein ser på film og gøy var det! :)

----Dag 3, Søndag----

I dag var det strålande vêr og eg og Christopher tok ein lang spasertur rundtom på the Strip. Vi var blant anna innom Coca Cola and M&M's Store, ulike hotell som Paris, Bellagio og kjøpesenteret på Planet Hollywood.

Utsikt frå bruovergang over the Strip med Bellagio, Caesars Palace and Mirage i bakgrunnen.

Utsikt mot hotell og kasinoet "Paris, Las Vegas" som har egen miniatyr triumfbue og sjølvsagt eit eiffeltårn! Alt er imponerande i Las Vegas :)

Mitt høgdepunkt var å få stå rett ved dei berømte Bellagio-fontenene og beskue det 5 minutter imponerande fontene-showet! Dei viser eit nytt show kvar halvtime, og alle show er ulike med ny "koreografi" og musikk. Det var imponerande kor høgt dei gjekk og kor stort alt var!


Showet bygger seg opp gjennom heile visninga og avsluttar med eit kraftutbrudd av høge fontener, men kunne dessverre ikkje filme heile. Her er iallefall ein liten smakebit :)

Etter ein lang dag med trasking tok vi eit mindre kjekt besøk på ein lokal italiensk restaurant sidan alle hadde så lyst på pasta. Besøket endte i mykje venting, dårlig bordplassering i eit gyseleg grønt rom og ymse kvalitet på digre porsjonar.
Heldigvis hadde Torgeir mange gullkorn å komme med denne kvelden og matrestane fungerte flott som nattmat etter ein kveld på byen :)

---Dag 4, Måndag---

Etter rydding og utsjekking av rom og ein liten time i sola ved bassengkanten byrja vi på den lange turen heim igjen til Santa Barbara.
Trur nok alle var godt nøgde med helga, sjølv om kanskje litt mykje $ blei brukt.


Avsluttar med ei ikkje fullt så bra bilete av Hooters-bilen ;)

mandag 8. februar 2010

Motorsykkel-lappen

Gratulerer så mykje med bestått oppkjøring på motorsykkel Christopher! Du er flink :)
Etter mykje uflaks og tid kom det endeleg i orden - med ein heimefiksa kløtsj som rauk dagen før oppkjøring. For 27$ har han no skaffa seg amerikansk førarkort på både bil og motorsykkel.

Første tur på nyinnkjøpt sykkel:


Andre forsøk: (kjem eg til å sjå han igjen?)


Trur nok han likar å vere tilbake på ein sykkel etter 10 år uten trailkjøring ;)

- Jill Alice -

søndag 7. februar 2010

Superbowl Sunday

Idag var ein av dei verkeleg store sportshendingane i USA på tv-skjermen - det dreiar seg då om amerikansk fotball og Superbowl. I finalen stilte New Orleans Saints mot Indianapolis Colts. Vi er ikkje 100% amerikanisert enda, og avsto derfor lett den første timen av den 3.5 timar lange sendinga...Effektiv speletid er 4x15min, så det er mykje plass til pauser og reklame på ein slik kamp.

I pausen var det eit forrykande show frå The Who, om ikkje musikalsk på topp, så var lys og pyroteknikk lite å utsetje på. Reklamen er eit fenomen for seg sjølv, med diskusjonar på førehand om kva og kven som kjøper seg inn for ein minuttpris på $5 millionar.
Omalg 100millionar ser kampen, brorparten i USA.


Vi var ikkje fan av nokon av laga, men sidan vi har ein venneblogg i New Orleans, klappa vi når dei gullkledde skåra. Go Saints! Reknar med det er fullt liv i gatene hos Linda og Erlend akkurat no!

Kampen vart avslutta eit lite minutt før full speletid, då sto det 31-17 til Saints og laget "vårt" vann!

fredag 5. februar 2010

Hawaii here we come!!

20. - 28. mars har vi spring break og denne veka skal vi tilbringe på Honolulu i Hawaii :)
Fly og hotell er bestilt og betalt så no er det berre å glede seg og håpe på sommervêr!


fredag 1. januar 2010

Happy New Year!

Vi vil gjerne ynskje alle eit riktig godt nytt år!
Vi har hatt ei kjekk feiring her i Las Vegas og sett på imponerande fyrverkeri frå alle hotelltaka på The Strip!
Takk til alle som har vore inne å fulgt med og kommentert på bloggen vår i 2009 :) Håper det blir eit flott år 2010!
Klem frå Jill Alice og Christopher!

onsdag 23. desember 2009

Merry Christmas

Då var plutseleg lille-julaftan over for i år og vi har fått husrom til alle våre 5 familiegjestar i huset! Etter ein dag på Universal Studios i Hollywood og ein dag med shopping i Beverly Hills, satte vi kursen mot Santa Barbara. Vi skal feire julaftan her i huset vårt, før vi sett kursen mot San Francisco om nokre dagar!

Vi vil gjerne ynskje alle ei riktig god jul og vi håper at det blir ei fin romjul med masse kos, familie og vener :)

På Mailbu Beach ved solnedgang, "The golden hour"!

Juleklem frå Jill Alice & Christopher i California ♥

søndag 20. desember 2009

Ny bil! Full-size Ford Van

Då har vi fornya bilparken med ein Ford. I gamle dagar var det helligbrøde å gå fra GM(Buick) til Ford som vi har gjort–det var Ford familiar og GM familiar og dette skulle gå i arv. Heldigvis er vi ikkje blitt veldig amerikaniserte og tek den børa lett.
Bilen er ein 1999 modell Econoline. Den har 4 captains chair, og ein benk atti som lar seg slå ned til seng (med å trykke på ein knapp sjølvsagt). Totalt plass til 7, like mange som vi blir på tur i jula. Flaks!
Selgeren var Joe the Towman, han hadde kjøpt den frå tollvesenet som hadde beslaglagt den under et forsøk på å smugle mexicanarar over grensa. I tillegg har den Salvaged title, som betyr at den har vore krasja...eit rulleblad det er vanskelig å slå. Sikkert derfor Joe gav oss bilen til ein pris langt under første prisantydning.
Bilen er levert med minste motor alternativ, ein Triton 4.6L V8 som skal yte rundt 225hk. Den hadde nok tålt 100hestar til, men dei 4000 lbs-a flyttar seg nokså greit.

Jill fekk i oppgave å ta stasen heimover, Christopher måtte ta til takke med Buicken som høyrest ut som den er døden nær om dagen. Den har fått ein ufin tikkelyd under panseret, vi var nesten litt i tvil om den ville klare dei 209 milesa frå San Diego til Isla Vista.

Veldig mange har anbefalt å ta kjøpe GM sin GMC/Chevy Van, men Ford er den som er mest solgt og den kan då ikkje vere så dårlig?

onsdag 16. desember 2009

Dekorert huset med julelys!

I sommer gjorde vi eit kupp av dei få på yardsale: Ei stor kasse med julelys og ein 9' oppblåsbar nisse til berre $15!!

Søndag opna vi lyskassa og tok fatt på arbeidet mot entropien. Vi løyste floka, sorterte og sjekka kva som faktisk fungerte. Dei fleste var i god form, men tok litt tid å finne dei få pærene som var gåen og bytte dei ut!

Etter nokre timar var det endelig tid for å henge det opp, vi har sjølvsagt sett både på tv og film korleis amerikanarane gjer dette! Karane var skjøtte jobben godt, og vi blei ferdige akkurat til nattemørket kom rundt kl halv 6.
Sjå for eit flott inngangsparti!!

Ein liten filmsnutt av det nyleg dekorerte huset, tatt frå bilen:



fredag 4. desember 2009

Eg elsker jul!!

Sjølv om sola skin og landskapet absolutt ikkje minner meg om jul, prøvar eg på mitt beste å skape julestemning. Innimellom leksene har eg tatt meg litt fri og laga diverse julepynt til rommet, hørt på julemusikk og ete mandarin! Har også laga ein liten julekalender med pakker til oss :D

Julepynt på rommet vårt! Pakkane i vindauget er julekalenderen :)

Merkar jula nærmar seg med stormskritt og det er så mykje eg har lyst til, som for eksempel å bake julekaker, kjøpe juletre og pynte det, henge opp julelys på huset, kjøpe julegåver, lage julekort. Det byrjar også å bli farlig seint å sende pakker og kort til Norge skal vi rekke det før jul... ikkje bra...
Julecollage laga av gavepapir ;)

Christopher ristar på hovudet over alt julestyret mitt, men så lenge eg koser meg er vel han òg fornøgd ;) Eg prøver iallefall å kose meg så masse eg kan ♥ ♥

torsdag 3. desember 2009

Weekend i San Francisco

Denne helga var vi på tur til San Francisco for å delta på juleballet arrangert av ANSA.
Fredags morgon kl 0700 var vi på veg opp Fwy 101 i ein liten grå Mustang Cabriolet.. 3 personar i bilen var absolutt grensa, då bagasjen tok resten av plassen. Eg satt i baksetet med beina fram til Christopher i framsetet. Ein fin bil for små menneske sei no eg.



Etter 6 1/2 time var vi framme og tok oss då ein tur bort til Golden Gate Bridge. Skulle eigentleg stoppe på ein utkikksplass rett før brua, men på grunn av dårlig kommunikasjon mellom kartleser og bilførar enda vi på vegen over brua. Det vil sei at vi måtte betale bompengar...
Ikkje det klaraste vêret akkurat når vi kom, men det klarna opp etterkvart :)



På kvelden var vi å såg på julegrantenning på Union Square.



Etter ein lang dag med shopping på laurdagen, var det klart for juleball. Alle stilte opp i finstasen, omkring 120 norske studentar, og vi blei servert ein 3-retters middag i luksuriøse lokale. Det var ein koseleg kveld, men kanskje litt i dyraste laget..

Søndag tok vi turen ut på Alcatraz i strålande vêr :) Fin søndagsaktivitet!