Viser innlegg med etiketten Santa Barbara. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Santa Barbara. Vis alle innlegg

torsdag 19. november 2009

Dressprøving

Sidan det snart er Thanksgiving og jul må vi ha ein dress i hus! Tok
oss då ein tur ned i sentrum av Santa Barbara for å sjå kva dei har
å by på :)

Ser no flott ut dinna karen ;)

søndag 15. november 2009

American Football

Endelig fekk vihøve til å sjå ein ekte amerikansk fotballkamp i college-ligaen. På bana var det Santa Barbara City College(SBCC) i raudt vs. East L.A. i grønt. Reglane er egentlig ikkje så komplisert, få ballen over på andre sida (end zone). Laget som har ballen får løyse den 4 gongar(downs), og må flytte seg 10 yards( 9,1m) mot end zone på desse 4 forsøka. Ellers trur vi dei mistar ballen...Touch Down på End Zone gir kanskje 6 poeng + 1 bonuspoeng på det obligatoriske sparket på mål etterpå.

Det var også mogleg å få seg ein ihjelsvidd cheesburger og ei boks med julecola for $5:


Kampen begynte 6 PM, og dei spelar 4 x 15min med 15min pause halvegs. På kveldstis kryp gradestokken ned mot 10 talet og det var vi delvis forberedt på, men ikkje at kampen skulle vare i 3 timar...For kvart minutt på kampklokka går det 3 klokkeminutt med diskusjonar, ballhenting og lagbytting, siste 2min15sek tok faktisk 12 minutt å gjennomføre.
Kvart lag har ca 40-50 spelarar, men berre 11 på bana, cheerleader girls, ergometersyklar og ei høveleg stort støtteapparat.

Det er ganske moro når guttane kjem seg på løp og det faktisk er bevegelse på bana, men diverre var det litt lang tid mellom høgdepunkta. Heldigvis har dei med seg heiagjengen som tek over showet når ballspelet uteblir:




Om det blir ein neste gong, vert det iallfall med litt meir klede, sitteunderlag og nokre fleire dollars til å bruke i kiosken som verken tok kort eller sjekk.

søndag 27. september 2009

Sightseeing Santa Barbara County

Våre nyaste romkameratar, det amerikanske paret Christopher og Christine tek det totale antal «Christopher» opp i 3 og mulige «Chris» til 5 sidan Per Christian fjernar første navnet for å gjere det litt enklare for amerikanerane...Uansett navneforvirring så er dei særs kjekke folk, og vil gjerne vise fram Amerika. Christine, som vi skal begynne å kalle Ashley, er frå San Diego og Christopher, som vi skal begynne å kalle Fig, er frå Chicago.




Laurdag tok vi ein fjell-kjøretur saman med Fig og Ashley. Santa Barbara er kjent for å vere «beautiful» og unikt fordi ein kan stå på fjellet og sjå heilt ned til sjøen...Ikkje akkurat det som gjer størst inntrykk på ein sunnmøring, men det var ein fin tur gjennom eit landskap som ligna på Afrika i ifølge Fig. Fargane og fjellformasjonane er iallfall ikkje mykje likt Noreg.

tirsdag 8. september 2009

Helgeaktivitet: Garasjesalg

Laurdag og søndag er det fullt opp med «garage/yard sale» overalt her i Santa Barbara og Goleta. Vi starta 8 a.m. på laurdag og etter omkring 20 garasjesalg 6 timar seinare hadde vi kapra til oss: kontorpult ($17), whiteboad ($3), kjøkkenbord+3stolar ($10), bilete($10), sykkel til Jill ($20), 14 fat ($8) og litt julepynt ($15).
Godt fornøgd og veldig lei av gamle kjøkkenartikler, klær og samleobjekter tok vi oss ei velfortjent lunsjpause på Taco Bell :)

Christopher har gått og sett på ei verktøykasse dei siste dagane og endeleg havna den i handlekorga. Er mykje billeg og bra verktøy her borte, så blir vel mange fristelsar framover for nokon... Jill hadde det iallefall veldig kjekt med å legge på plass alle delane i øskja ;)
Om dagane prøver vi også å få inn 4 nye room mates i huset, så det blir endel surfing på nettet. Sidan vi ikkje får internett frå kabelselskapet før onsdag (i morga) set vi alle samla i ei krå på det soverommet som har dekning på naboen sitt trådlause internett. Skal bli godt å kunne sete i sofaen og surfe. Blir bra nummen i bakenden av å sete på golvet med datamaskina på ein stol.
Vi har det iallefall veldig triveleg her i huset og lagar oss god middag kvar kveld. Godt å endeleg ha eit kjøkkenbord å ete mat på også :)

Posted by Picasa

tirsdag 25. august 2009

Første møte med Santa Barbara


Vi har flytta oss nordover til Santa Barbara - plassen vi skal kalle heime i omlag 10 månader. Turen oppover gjekk ganske greit, kjem ein seg rett veg(west) på freeway 101 er det rett fram i ein god time. Før vi forlot LA møtte vi eit gravfølge som hadde med seg heile 3 eller 4 motorsykkelpoliti for å halde igjen trafikken. Vi vart ståande over minst 2 grøne lys før alle var passert, ein får stadig bekrefta klisjéen om at alt er større i Amerika.



Santa Barbara ser ut til å vere ein utprega turistby, litt det same som vi opplevde i Hollywood og San Diego. Her er rikeleg utvalg av organiserte turar, det summar i ulike språk rundt oss, maten er litt dyrare og her er mange som spør etter ein dollar. Det roar seg sikkert litt utover hausten når den amerikanske ferien er over.

Uansett tek vi sikte på å bu ute med universitetet som ligg 10-20 minutts køyring frå sentrum, i studentomårdet Isla Visa eller Goleta og ikkje inne i bysentrum.

Husverten er den første som har sagt at det ikkje skal vere noko problem å finne noko no, sidan skulen fortsatt har ferie. Vi har satt ein dag eller to til å sjå om han har rett.