Viser innlegg med etiketten UCSB. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten UCSB. Vis alle innlegg

mandag 1. februar 2010

Bursdagshelg og ny veke..

I helga hadde vi gebursdagsfest for Per Christian her i Abrego Road. Det var mange som tok turen og det blei ein morosam kveld. Ekstra bra var vel den digre kaka frå Costco! Fantastisk saftig, mektig og god sjokolade kake! Er det noko dei kan i USA så er det å lage kake med masse fyll og pynt :) Bilete av Pecka framfor gebursdagspresangar og basketball kaka (som liknar veldig på ei AaFK kake)!

Dagen etter var det vasking av golv for alle pengane før det var mulig å gå over golvet uten å sete fast! ..men godt var det med rein stue igjen!

I dag har eg vore å spelt fotballkamp på skulen. Det var eit blanda lag med gutar og jenter, og kampen var ein del av den interne UCSB turneringa, som blir kalla Intramurals. To norske jenter, Ingrid og Signy, var så snille og inviterte meg og det var ein artig gjeng med amerikanera på laget! Innefotball på ei stor ishockeybane (uten is sjølvsagt), 9 spelarar på bana og nivået var leik og moro. Kjekt og sosialt!




mandag 23. november 2009

Kosekle!

Kveldane her i Santa Barbara er blitt nokså kjølige (ned mot 10-tallet), og det er godt å kunne pakke seg inn i varme, deilige, mjuke kle :)
Sidan eg ikkje tok med meg joggebukse til USA var det absolutt på tide å investere i ei ny, etterlengta kosebukse! Har også gått å små speida på alle dei flotte UCSB genserane dei har på skulen, og endeleg fekk eg tid til å ta med meg ein haug inn på prøverommet!


Her ser du resultatet etter ei god stund med prøving av ulike genserar og bukser!
Såg ikkje dei gode ut vel?

Klem Jill Alice ♥

lørdag 7. november 2009

Kjendis :p


I går kom Emily og Solveig heim med ei liten overrasking. Dei hadde nemleg funne bilete av med i studentavisa "The Bottom Line" frå den Internasjonale festen vi var på for eit par veker sidan.
(Det er kun eit tilfeldig valt bilete, så ikkje noko intervju med meg i teksten nei.. )

torsdag 5. november 2009

Veka derpå..

Etter ei kjekke Halloween-helg med fri og moro, vart det ei veke med mykje å gjere. Arbeidsmengda mi på skulen er noko varierande og ser i lekseboka mi at det blir nokså mykje å gjere dei neste to vekene! Attpå til skulle eg sjølvsagt klare å bli forkjølt etter helga, og var sengeliggande heile tysdag.. keisamt. Mykje tid som kunne vore brukt fornuftig forsvann nok den dagen, men forma er stigande og vi er med godt mot :) Christopher har også mykje å henge fingrane i og brukar mykje av tida si på programmerings-labben på skulen.

Vi har meldt oss på Juleball i San Francisco, laurdag i Thanksgiving-helga. Det skal bli stas å få tatt seg ein tur nordover, og kjekt med noko å glede seg til midt i alle mid-terms, innleveringar og eksamenar som kjem! Til min store overrasking er det berre 6 veker igjen av semesteret. Det er jo ingenting!


Litt sosialt samvær må ein ta seg tid til innimellom, og på søndag for nesten heile huset på kino for å sjå Michael Jackson filmen "This is it" – den siste pengemaskina til Sony.
"Du sat som ein stokk heile førestillinga" sa Christopher når det var over. Det stemmer kanskje fysisk, men eg levde meg ganske inn i alt sceneshowet og var limt fast i lerretet heile filmen. Hadde nesten ikkje tid til å smake på popcornet vi hadde kjøpt!!
Utruleg bra film for vi som liker MJ musikk og eit vel-koreografert sceneshow, var vi einig om båe to!

Jaja, tilbake til leksene.. skal på skulen igjen om ein times tid no. Økonomi, skriving, middag, og så kveldsundervisning i Web applikasjoner frå 6-9. WebApp er et nytt fag som eg startar på idag, så eg er litt spent på kva det går ut på :)

-Jill-

fredag 9. oktober 2009

Kosesokka

Christopher kjøpte UCSB-sokka til meg idag av typen supermjuk og
deilig!
Kule? ;) UCSB-fargane er iallefall godt representert!

onsdag 7. oktober 2009

Audition

Sidan vi er i eit nytt land må ein sjølvsagt prøve ut nye ting!
Ein dag eg tusla for meg sjølv på University Center var det to kjekke jenter som sa: "You look like a girl who can sing!" Sjølvsagt sa dei det for å få meg interessert, men eg gjekk nysgjerrig bort for å sjå kva dei reklamerte for på bordet sitt – "tabling".
Jentene var frå gruppa Vocal Motion (som eg aldri hadde høyrd om) og dei skulle ha opptaksprøver. Etter litt overtaling klarte dei å få meg til å skrive meg ned på timelista og plutseleg var det song audition den 6. oktober! Skummelt!
Skumlare blei det når eg kom heim og googla sang gruppa, for dei var vist veldig flinke.
Berre høyr her:




Uansett...klokka 9.15 i går møtte eg opp og sang "Maroon 5 - This Love" på adition. Eg var utrulig nervøs – mykje meir nervøs enn eg trudde eg kom til å vere. Skal få beskjed på mail nokre dagar etter, men har nok dessverre ikkje store trua på at eg er av dei heldige.
Det var iallefall ei spennande oppleving og eg er stolt av meg sjølv som turte å i det heile tatt stille opp ;)

Christopher har ikkje vore på opptaktsprøver, men har blitt forsøkt verva i 1 kristen studentforening og 2 gongar av ein jødisk klubb.

Fag og lekser

No har endeleg timeplanen roa seg og vi har valt dei faga vi ynskjer å ta dette semesteret, eller quarter som det heiter. Eg set att med 4 fag og Christopher 3 fag. Vi tek då 12 units som tilsvarar rund 20 studiepoeng i Noreg.

Faga mine har endt opp med:
  • Intermediate Micro Economics
  • Advanced Engineering Writing
  • Web Marketing Applications
  • Visual Communication and its impact on the consumer
Dei to siste faga er Extesion-fag som har 3 timar på kveldstid ein gong i veka i 6 veker.
Sidan haustsemesteret kun varer i 10 veker er det ganske hektisk når ting først har komt igang. Som i alle fag er det mykje som skal lesast, men også mange innleveringar. Om ei veke har eg midtsemester prøve i Økonomi så det skal bli spanande å sjå kor det foregår i ei klasse på 500 elevar. Har i heile dag prøvd å fullføre eit oppgåvesett i dette faget, utan hjelp frå verken fasit eller gode eksempel. I morgon er det øvingstime med gjennomgang av oppgåvene så får håpe eg har skjønt litt iallefall :)

Christopher si fagliste ser nokon lunde slik ut;
  • Advanced Engineering Writing
  • Operating Systems
  • Embedded System Development
Sidan alt er nytt, både undervisning, karakterer og språk så skal det bli to spanande månader framover og ikkje minst kva nivå vi ligg på her borte!

No er det leggetid!
Natta!

søndag 4. oktober 2009

UCSB - sykkel er tingen

På UCSB er det fint tillaga med sykkelvegar som førar deg rundt på campus. Mellom timane kan det vere ganske kaotisk når mange tusen studentar skal bytte klasserom i løpet av 15minutter.
Her er nokre filmar frå det yrande sykkellivet som kan gje ei lita kjensle av kor hektisk det kan bli!



Rundkjøringane vert fort ein flaskehals , men det går overraskande bra!

Christopher idet han prøver å finne seg parkering i havet av syklar:

mandag 21. september 2009

Første skuledag på UCSB

I dag var det klart for første obligatoriske oppmøte på UCSB. Det var kun UIP (University Immersion Program) studentar som skulle møte opp i dag for orientering for kva som måtte gjerast for å kunne bli tatt opp til eit fag. Det er mykje papirarbeid som må til, og underskrifter i hytt og pine!
I morgon blir det derfor underskrifts-sanke-dag, som betyr at vi må få underskrifter på alle faga vi har lyst å delta i, og frå 3 personar for kvart fag = 12 underskrifter ;)
Greit å få alt slik i boks før alle dei 20 000 andre UCSB studentane kjem på torsdag..
Etter orienteringa tok vi oss ein velfortent lunsj på Subway, og deretter ein spasertur til biblioteket for å prøve å sette opp ein slags timeplan. Vi må nemlig passe på sjølv at faga som vi ønsker å ta ikkje krasjer på timeplanen, sidan det er obligatorisk oppmøte til alle timer :0
Resten av dagen tilbrakte Jill i senga sidan ho har fått seg ein skikkeleg forkjølelse, utanom ein liten tur ned for å ete deileg Nachos til middag :)
Matkverna vår i vasken har også plutseleg tetta seg i dag, så skal bli spanande å sjå kor lang tid det skal ta før vi får orden på den. Den har iallefall vore veldig god å ha så vi slepp å kaste mat i søpla i desse varme strøk.

Har forresten vore dårlig med varme dei siste dagane... mykje skiftande ver med sol, overskya og tåke/yr innimellom. Får satse på betre vêr snart :)