Viser innlegg med etiketten Roadtrip. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Roadtrip. Vis alle innlegg

mandag 28. september 2009

Roadtrip - Neverland og Solvang

Søndag tok Fig og Ashley oss med på roadtrip til Michael Jackson´s Neverland! Vi satt i bilen deira og bak oss kom Christopher, Per Christian, Emily og Solveig krusande i Mustangen :)
Det blei ein god del fotoshoting foran porten!

Vi var heldige med vêret; sol, blå himmel og 38 grader!

Etter Neverland gjekk turen vidare til Solvang som er ei liten by som i 1911 blei grunnlagd av ei gruppe danske lærere. Byen ber preg av dansk arkitektur og skulle gjerne fått kjøpt med meg litt skandinavisk brunost. Får bli til neste gang.


Vi besøkte ein fin dansk restaurant og fylte opp tomme mager, før turen gjekk videre til eit lokalt kasion, Chumash Casino som er bygd opp av indianerstammen Chumash ;)

Det blei ingen gambling på oss denne gongen, kun ein liten sightseeing gjennom dei glitrande lokala med speleautomatar i alle typer!

Helga har gått fort og skal no prøve å bli klar for ei ny veke!

søndag 27. september 2009

Sightseeing Santa Barbara County

Våre nyaste romkameratar, det amerikanske paret Christopher og Christine tek det totale antal «Christopher» opp i 3 og mulige «Chris» til 5 sidan Per Christian fjernar første navnet for å gjere det litt enklare for amerikanerane...Uansett navneforvirring så er dei særs kjekke folk, og vil gjerne vise fram Amerika. Christine, som vi skal begynne å kalle Ashley, er frå San Diego og Christopher, som vi skal begynne å kalle Fig, er frå Chicago.




Laurdag tok vi ein fjell-kjøretur saman med Fig og Ashley. Santa Barbara er kjent for å vere «beautiful» og unikt fordi ein kan stå på fjellet og sjå heilt ned til sjøen...Ikkje akkurat det som gjer størst inntrykk på ein sunnmøring, men det var ein fin tur gjennom eit landskap som ligna på Afrika i ifølge Fig. Fargane og fjellformasjonane er iallfall ikkje mykje likt Noreg.