søndag 30. mai 2010

Siste kveld i California

Emily og Solveig var så snilde og gav oss eit påspandert måltid i bursdagsgave, så siste kvelden tok vi turen på Chilis :)

Takk for ein hyggeleg kveld :)


Deretter tok vi turen til Santa Barbara Drive-In Cinema! Den hadde akkurat opna opp igjen etter mange års avbrudd, så vi var meget nøgd med å akkurat rekke å sjå ein film før vi reiste! Såg Iron Man 2 som var ein god film, og det var absolutt ikkje noko negativt med radio som lydkilde.

Bilete er tatt etter at filmen var ferdig, sidan det var umogleg å ta medan det var heilt mørkt.
Kjekk oppleving, sjølv om eg gjerne skulle hatt Buicken med det amerikanske sofa-forsetet som kjøretøy ;)

Fin avslutning på eit fantastisk år i eit spennande land!

torsdag 27. mai 2010

Gratulerer så mykje med dagen, Philip!

Idag fyller den min eldste nevøen, Philip, heile 10 år!! Gratulerer så mykje! Du har no blitt slik ein stor å kjekke kar :)
Gledar oss masse til å komme heim å feire bursdagen din, og så håper vi du har hatt ein flott bursdag i dag!!

Stor klem fra tante Jill og Christopher :)

Vel overstått!

No er vi tilbake i moderlandet og USA turen er vel overstått. Ein annan dag som er vel overstått er bursdagen til Jill Alice, som dessverre ikkje fekk eit dedisert innlegg her på bloggen! Sjølve dagen feira vi på Santa Barbara Fish Enterprise med eit særs godt måltid og gode venar.
Med på laget hadde vi Sondre og Torgeir om tok turen, nestan eins ærend for å vitje bursdagsbarna. Vi nyttar høvet å takke for den flotte gave nok ein gong!

onsdag 26. mai 2010

Avskjedsfest!

Torsdag 20.mai inviterte vi venner i Isla Vista til ein liten bursdag og avskjedsfest! Vi kjøpte inn ei "lita" Costco-sjokoladekake som Emily og Solveig var så snille å pynta til oss :)
Som amazon.com Prime-kundar fekk vi også bestilt 300 glowsticks med one-day-shipping, det gjorde kvelden særs fargerik!

Biletet er tatt med og utan blitz for å få med alle detaljer og den faktiske stemninga ;)

***

Tusen takk for ein fin kveld og ei fantastisk tid her i California!
Året går verkelig inn i minneboka som eit år av dei sjeldne med ny opplevingar rundt kvart hjørne! Kjem absolutt til å savne Isla Vista, folk vi har blitt kjent med og sommar-vêret, men skal nok også bli kjekt å kome heim til "kvardagen" i Noreg:)

Sjåast snart igjen ;)

tirsdag 25. mai 2010

Happy Birthday :)

Vi to er så heldige å ha bursdag 20. og 21. mai, og vi nytta tidsforskjellen mellom Noreg og California til å feire bursdag og opne pakker på "samme" dag ;)


"Gutte-leiketøy" til Christopher ;)
(sjølv om han ikkje vil gå med på at verktøy kan kallast leiketøy)


Praktisk «Camelbak» tursekk til Jill Alice
(så no blir det u-tørst utforsking av fjellsidene i Noreg)

Etter gavene var pakka opp fyrte grillmeisteren opp grillen, og det blei ei koseleg hyggestund med «Abrego familien»!


Grillmeisteren Christopher og matlager Solveig ;)

God stemning fra Pecka og Freddy i campingstolrekka.

..medan Emily og Jill Alice satte seg i le for vindpusten rett innanfor døropninga ;)

KOSELEG :)


torsdag 20. mai 2010

Gratulerer med dagen!

Takk for at ej he fått delt enda eit år saman med deg, min kjære :)
Håper vi no får to fine dagar med feiring!

Gratulerer så mykje med dagen Christopher.

Glad i deg ♥
Klem frå bestejenta :)


onsdag 19. mai 2010

17. mai feiring i Isla Vista

17.mai blei som i Noreg feira med stas også her i California. Vi samla inn til feiring i Abrego Road og alle stilte opp i finstasen og medbrakt mat/kake/is.
For å få oss i riktig norsk stemning stilte vêrgudan opp med litt regn på starten av dagen, men gav oss litt sol til toget starta!

Toget gjekk gjennom gatene i Isla Vista og inn på UCSB campus. Det blei mykje hurra-rop, vinking til blide amerikanarar og song. Merka at songtekstane ikkje var nypugga...


Flott bilete av alle jentene på festen!


..og eit hyggeleg bilete av den norske delen av Abrego-gjengen :)


Signy baka 17. mai kake som var så god at eg ikkje rakk å ta bilete av den heil ;)

Det var ein knakandes kjekk dag med masse venner, god mat(pølser), mykje søte dessertar, og is!