mandag 21. september 2009

Første skuledag på UCSB

I dag var det klart for første obligatoriske oppmøte på UCSB. Det var kun UIP (University Immersion Program) studentar som skulle møte opp i dag for orientering for kva som måtte gjerast for å kunne bli tatt opp til eit fag. Det er mykje papirarbeid som må til, og underskrifter i hytt og pine!
I morgon blir det derfor underskrifts-sanke-dag, som betyr at vi må få underskrifter på alle faga vi har lyst å delta i, og frå 3 personar for kvart fag = 12 underskrifter ;)
Greit å få alt slik i boks før alle dei 20 000 andre UCSB studentane kjem på torsdag..
Etter orienteringa tok vi oss ein velfortent lunsj på Subway, og deretter ein spasertur til biblioteket for å prøve å sette opp ein slags timeplan. Vi må nemlig passe på sjølv at faga som vi ønsker å ta ikkje krasjer på timeplanen, sidan det er obligatorisk oppmøte til alle timer :0
Resten av dagen tilbrakte Jill i senga sidan ho har fått seg ein skikkeleg forkjølelse, utanom ein liten tur ned for å ete deileg Nachos til middag :)
Matkverna vår i vasken har også plutseleg tetta seg i dag, så skal bli spanande å sjå kor lang tid det skal ta før vi får orden på den. Den har iallefall vore veldig god å ha så vi slepp å kaste mat i søpla i desse varme strøk.

Har forresten vore dårlig med varme dei siste dagane... mykje skiftande ver med sol, overskya og tåke/yr innimellom. Får satse på betre vêr snart :)

1 kommentar:

  1. kjekt og høyre fra dokke,men no e d mange dagar sidan sist,ha ei fin helg

    SvarSlett