Santa Barbara, eller meir presist Isla Vista som vi bur i, er omlag 1.5-2 timar nord for Los Angeles. Kjøreturen sørover på fwy 101 med 3-4 felt i kvar retning er etterkvart dagligdags, men fortsatt ikkje med same kjensle som eksportvegen E-136 til Dombås

Først av alt så gruar vi oss til den lange bakken(bilde over) på vegen opp mot Thousand Oaks. Buicken har ikkje sansen for lange bratte bakkar, til tross for ein motor på 5.0L og 180 forgassar hestekrefter. Når 25m lange vogntog passerar deg i venstrefila, er det lov å verte litt flau...
Denne gongen prøvde vi ein ny teknikk, tving automatkassa i 2.gir tidlig, fôr dei 8 sylindrande maksimalt med gassen i bånn. Dei smile nok heilt opp i ledelsen i Shell, som Øystein Sunde syng.
Utgangshastigheita på toppen av bakken var overraskande nærmare 70km/t denne gongen mot rundt 30km/t tidligare.
Rett etter Thousand Oaks nærmar ein seg West Hollywood, der har dei heilt andre behov for å kome seg fra A til B:
Med eingong ein køyrer litt utanfor freewayen og inn i boligfelta, finn vi det nordmenn ser på som erkeamerikansk kultur. Her er eit jule-eksempel frå West Covina, sør-øst for LA:
Vi overnatta (nok ein gong) rett ved sida av Ikea, og fortsatte turen nedover mot San Diego laurdag morgon.
Steikje tid me julelys å pynt dei ha da=) jauda, va kjekt me avslutning! Jenge me dåkke noda? E vel gøtt å få besøkande noda til jul!:) Eller so ekje d so mykje nytt her borte da... men mej savna no dej Jill:) Å Chris mæ da! greitt:)
SvarSlettKOOOOOOOOOOOOOOOOOS! håpe dåkke he ei fin førjulaftans tid!:)