fredag 11. juni 2010

Roadtrip på E6

I helga var vi fjøsavløysarar på heimgarden på Rogne, slik at foreldre til Jill Alice kunne reise på kor-stemne. Så lenge kyrne er med på notane er det eit rett hyggeleg stykke arbeid.


Her er bilete av to kviger som akkurat har fått kome ut på somarbeite, og fortsatt veldig nysgjerrige på kva den kjekke cowboyen driv med.

Laurdag blei det så bestemt at vi skulle ta turen til Oslo med nokre "småting" til systera m/samboer til Christopher. Ein strøken Mitsubishi L300 tok oss strake vegen, fullasta med verktøy, senger og og diverse baby-utstyr.
Dei har akkurat flytta inn i nytt hus, og i tillegg har dei termin på sin fyrstefødde denne veka. Vi fekk hjelpt dei med litt av kvart praktisk arbeide som montering av hyller og skap og senger, noko som alltid er kjekt å få i orden!

Etter eit par dagar i Oslo, og fortsatt ingen ny verdsborgar, måtte vi turen til Trondheim for å finne ny leilegheit.
Finn.no, hybel.no og andre annonse-nettsider vart saumfart, og vi fann eit par interessante objekt og ordna visning!
Dagen etter og to visningar seinare har vi no skreve kontrakt på ein flott bygård i Klostergata, like ved der vi har budd. Her skal vi dele fellesrom saman med 3 andre, men sidan vi er vant med 8 fra USA trur vi at dette skal gå veldig fint!


View Larger Map

Spennande :)

1 kommentar:

  1. Kjekt med besøk av dåkke! Og tusen takk for fantastisk hjelp - no kan vi senke skuldrane og vente på lilleguten som ikkje har det travelt med å kome til verda. Klem Thomas og Therese

    SvarSlett